Bergitte Risa og sambuaren Benjamin Njærheim har avtale med Trond Lode om å kjøpa garden hans på Lode i Hå. Dei har òg blitt einige om pris: 28,8 millionar kroner.
Mjølkekvoten på 351.907 liter kjem utanom.
Landbrukssjefen i kommunen er redd at den avtalte prisen er så høg at han kan bidra til ei prisutvikling som ikkje er samfunnsmessig forsvarleg.
Landbrukssjefen meinte at dersom kjøparane og seljarane skulle få konsesjonen dei treng for å gjennomføra handelen, burde ikkje prisen vera høgare enn 26,9 millionar kroner.
– Skal vera glade nokon vil satsa
Då politikarane i Utval for samfunn diskuterte saka torsdag, kom dei til slutt fram til at prisen på 28,8 millionar kroner likevel kunne vera akseptabel. Til grunn for avgjerda låg ei ny verdiutrekning.
Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) minna dei andre rundt bordet om at dei burde vera stolte av å bu i landbrukskommunen Hå, ein stad der det er rift om landbrukseigedommane.
– Det skal me vera glade for. At folk og unge folk ønsker seg inn i næringa og at dei ønsker å satsa, er ein god ting, sa Ånestad.
Det var han som la fram forslaget om å opna opp for salet av det som blir den dyraste garden i Hå kommune si historie.
Reknar ein med mjølkekvote og lausøyre kjem den endelege kjøpesummen opp i 38,7 millionar kroner.
Pris er ein viktig faktor i konsesjonssaker, men ikkje den einaste. Potensialet for god og berekraftig drift, omsynet til kulturlandskapet og ei god ressursforvaltning skal òg vurderast. At dei nye eigarane er godt skikka, har òg mykje å seia.
Torsdag understreka Ånestad at landbrukssjefen ikkje hadde noko å utsetja på dette. Den einaste innvendinga var at prisen var for høg.
Fekk ikkje seia nei til førre rekordsal
Då Hå kommune for eit par år sidan ville setta foten ned for salet av Skutholen gard utanfor Varhaug, prissett til 25,5 millionar kroner, blei det mykje bråk. Kommuneadministrasjonen meinte driftsplanen for garden viste at det ikkje var grunnlag for ein så høg pris, og fekk politikarane med seg på dette.
Då partane i saka klaga, kom Statsforvaltaren med ei tydeleg avgjerd: Driftsplanen var ikkje eit godt nok argument for å seia nei til salet.
Ånestad hadde derfor berre lagt dei tekniske verdiane til grunn då han rekna seg fram til ein ny og, for han, akseptabel pris for garden på Lode. Desse, meinte han, kunne verdsetjast høgare enn det kommunedirektøren hadde gjort.
Garden består av 256 dekar fulldyrka jord av god og svært god kvalitet, to bustadhus, garasje, lausdriftsfjos, hønsehus og eit eldre maskinhus.
Hønsehuset er frå 2008. Det er bygd for innsett på 7.500 høns og 475 hanar, men på grunn av nye reglar er dagens kapasitet lågare: Siste innsett var på 5200 høner og 330 hanar.
Utanom rugeegg, består drifta på garden per i dag av dyrking av gras, i tillegg til kjøt- og mjølkeproduksjon.
Vurderte jorda ein gong til
Dei tekniske verdiane på garden kan grovt sett delast i to: Driftsbygningar og jord.
I det første tilfellet vil det alltid vera eit visst rom for diskusjon og skjønn, sa Ånestad.
Han valde i staden å fokusera på jorda. I Hå er prisen på landbruksjord fastsett i landbruksplanen: Svært god jord er verdsett til 15.000 kroner per dekar, god jord til 12.000 kroner per dekar og mindre god jord til 9.000 kroner per dekar.
Denne verdsettinga er fem år gammal.
– Etter kvart er det ganske mange år sidan, sa Ånestad og la til at verdiane dei sette var «relativt låge» allereie den gongen.
Utvalsleiaren tok til orde for at desse verdsettingane burde justerast opp.
– Kan henda burde me hatt ei prinsippsak om det, men nå har me ein søknad inne, sa Ånestad.
Poenget hans var at dei tala som landbrukssjefen hadde lagt til grunn då ho verdivurderte garden, var gamle.
Ånestad hadde henta inn tal frå Norsk institutt for bioøkonomi og Norsk landbruksrådgivning og rekna seg fram til at passande pris kunne vera 19.000 kroner per dekar svært god jord (som det er mykje av på Lode), 16.000 kroner for god jord og 13.000 kroner per dekar mindre god jord.
På bakgrunn av dette kom han fram til at ein passande pris for garden kunne vera 28.950.000 kroner, den same summen som partane sjølv hadde komme fram til. Då er ikkje mjølkekvoten på 351.907 liter rekna med.
– Positivt
Ei tilleggspunkt i forslaget frå Ånestad var at utvalet skal be kommuneadministrasjonen om ei generell vurdering av prisane på jordbruksjord i Hå.
Begge delar blei samrøystes vedtatt.
Nestleiaren i utvalet, Knut Åge Gjersdal (Sp), kalla det fornuftig og likte òg godt forslaget om ei generell vurdering av verdsettinga av jordbruksjorda i Hå. I samband med dette la han til at det òg er viktig å passa på at dei ulike jordstykkene hamnar i rett kategori.
Gjersdal hugsa godt rundane dei måtte gå i samband med salet av Skutholen.
– Med omsyn til det me fekk juling for sist, trur eg dette er ein grei måte å gjera det på, sa han.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) syntest òg det høyrdest ut som ei grei løysing.
– Det er vanvitig gildt at ungdommen har lyst til å driva med landbruk. Me treng dei absolutt. Dette er positivt, sa ho.