Slik ser utbyggarane føre seg det nye anlegget.
Slik ser utbyggarane føre seg det nye anlegget. Foto: Holon/Green Horizon (illustrasjon)

Denne sommaren har Richard Rettedal hatt avgrensa med tid til å slappa av.

Styreleiaren og majoritetseigaren i Green Horizon er på kundejakt.

– Me er dei første i verda som skal bygga datasenter med drivhus på taket. Då er dette eit dårleg tidspunkt å ta ferie på, seier Rettedal til Jærbladet.

Data nede, drivhus oppe

Firmaet hans har eit samarbeid med familien Wiig, som står bak Wiig Gartneri på Orre i Klepp og Miljøgartneriet i Kviamarka i Hå.

Gartneria produserer agurk og tomat, medan Green Horizon er i datasenterbransjen.

Dei har særleg fokus på nytteverdien av overskotsvarmen som kjem frå nedkjølinga av datamaskinane i senteret.

Richard Rettedal er styreleiar og majoritetseigar i Green Horizon.
Richard Rettedal er styreleiar og majoritetseigar i Green Horizon. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Då dei for eit par år sidan kontakta Miljøgartneriet var det fordi dei såg føre seg at gartneriet kunne ha stor nytte av eventuell overskotsvarme frå datasenter.

Familien Wiig tente på ideen.

Planane om eit mindre datasenter som skal levera varme til Wiig Gartneri gjekk relativt greitt gjennom søknadsmølla, men då dei ville bygga eit datasenter på nabotomta til Miljøgartneriet, sette styresmaktene til slutt foten ned.

Dei meinte det ville vera feil bruk av areal i eit område som er sett av til næringsmiddelproduksjon.

Då kom aktørane med eit nytt alternativ: Når det likevel var planlagt å utvida Miljøgartneriet, kunne dei bygga datasenter i kjellaren. På den måten ville ikkje høgt verdsett areal gå tapt.

Forslaget vann gehør hos styresmaktene. I vår fekk Green Horizon rammeløyve av kommunen.

– Nå er det fullt fokus på å finna den rette kunden. Så fort me har det på plass, kan me få på plass finansieringa og starta bygginga så raskt som mogleg, seier Rettedal til Jærbladet.

Det er derfor det ikkje har blitt så mykje fri på han i sommar.

Kunstig intelligens

Kundane dei siktar seg inn mot, er firma som driv med kunstig intelligens. Grunnen til dette, er at desse prosessane genererer varme av høg temperatur. Marknaden er internasjonal, og hos dei store KI-firmaa er det ingen fellesferie.

Rettedal slår fast at det ikkje er tvil om at internasjonale datasenterkundar ønsker seg til Norge.

– Her er det framleis ledig kapasitet og, enn så lenge, straum tilgjengeleg, seier han.

Slik ser illustrasjonane ut når Green Horizon skal lokka KI-kundar til Jæren.
Slik ser illustrasjonane ut når Green Horizon skal lokka KI-kundar til Jæren. Foto: Foto: Holon/Green Horizon

For mange av desse kundane, står Stavanger-regionen, ifølge Rettedal, fram som ekstra attraktiv, sjølv med straumprisar som er høgare enn i andre delar av landet.

– Me har god infrastruktur i form av fibertilknyting til resten av verda. Det er viktig, seier han.

For Green Horizon handlar det nå om å finna den rette kunden. Dei har ein reservert kapasitet på 36 megawatt i straumnettet.

Helst vil Green Horizon ha éin kunde som kan ta heile kapasiteten.

– Det tar ned kompleksiteten i anlegget, seier Rettedal.

Ønsker seg 50 grader

Ulike typar bruk genererer ulike mengder varme. Den ideelle kunden deira er ein som produserer overskotsvarme dei kan levera rett til gartneriet, utan å måtta gå vegen om ekstra oppvarming med varmepumper.

– Gartneriet treng 50 grader på overskotsvarmen. Jo nærare me kjem det, jo betre er det med tanke på energieffektiviteten, seier Rettedal.

Han fortel at dei er i dialog med fleire moglege kandidatar.

Den nye delen sett frå austsida. Den store tanken er ein vanntank.
Den nye delen sett frå austsida. Den store tanken er ein vanntank. Foto: Foto: Holon/Green Horizon

Om heile kapasiteten skal takast i bruk i første fase eller om det blir gradvis opptrapping, står igjen å få ei avklaring på.

Det nye bygget, som kjem på sørsida av dagens gartneri, skal bestå av datasenter, drivhus, pakkeri, administrasjon, kjølarar og aggregat. Totalt blir det 23 dekar stort. Med sine to etasjar, blir det 2,1 meter høgare enn dagens gartneri.

Vil levera varme til fleire

Då Green Horizon for to år sidan gjesta formannskapet i Hå, snakka dei mykje om moglegheitene for å levera varme til andre aktørar i Kviamarka.

Det var til og med snakk om firma som kunne tenka seg å flytta til Kviamarka om dei fekk nytta overskotsvarme frå datasenteret.

Overfor Jærbladet nemner Rettedal Bio Jæren, som skal bygga biogassanlegg på Grødaland, og kommunen sitt fjernvarmeanlegg som moglege mottakarar.

Internasjonale aktørar som er interesserte i å etablera seg i Norge, har òg vist interesse, om datasenteret kan levera den rette varmen.

– Men det er ikkje sikkert at Kviamarka er rett lokasjon for dei, seier Rettedal.

Han slår fast at overskotsvarme uansett er med på å gjera næringsområdet attraktivt.

Slik vil nybygget sjå ut frå Næringsvegen.
Slik vil nybygget sjå ut frå Næringsvegen. Foto: Foto: Holon/Green Horizon

Førebels har dei ikkje gått inn på andre avtalar enn den med familien Wiig.

– Først må me finna ut kva kunde me får inn og kva temperatur det blir på varmen. Så kan me setta oss ned med lokale aktørar for å finna ut om det er behov for den varmen andre stader enn i drivhuset, seier Rettedal.

I første omgang er det berre den nye delen av Miljøgartneriet som får nyta godt av overskotsvarmen deira.

– Men me har mottatt ein førespurnad frå dei om overføring av varme til dagens gartneri. I dag får dei fjernvarme frå Tine sitt anlegg. Den avtalen går fram til 2029, så det er først då det kan bli aktuelt, seier han.

Firmaet jaktar òg finansiering av anlegget, som ifølge Rettedal er venta å kosta «godt over tre milliardar kroner».

– Me har hatt mange positive diskusjonar med moglege investorar og har òg fått nokre indikative tilbod på finansiering. Så snart me får avklart kunden er eg trygg på at me skal klara å skaffa finansieringa, seier Rettedal.

Støydemping

Før dei har signert med ein kunde, veit dei heller ikkje nøyaktig korleis dei tekniske løysningane blir. Utan detaljane på plass kan dei heller ikkje søka om igangsettingsløyve.

Av same grunn har dei fått medhald når dei har søkt om unntak frå eit par krav som vanlegvis er ein føresetnad for å få rammeløyve.

Det gjeld blant anna korleis forureining – i praksis støy og støv – konkret skal avgrensast, grunnundersøkingar og om det trengst forureiningsløyve eller ikkje.

Sidan svaret på desse tinga avheng val av tekniske løysningar, har dei fått dispensasjon til å venta med dette til søknaden om igangsettingsløyve.

Slik er fasadane teikna opp.
Slik er fasadane teikna opp. Foto: Foto: Holon Arkitektur

Det som uansett er klart, er at for å komma under grenseverdiane for støy, må dei nytta støysvakt utstyr.

Rettedal fortel at ein stor del av den venta støyen kjem frå tørrkjølarar på taket og dieseldrivne nødaggregat. For å sørga for at støyen frå desse er innafor krava, vil dei setta opp støydempande veggar.

– Me vil gjera dei sikringstiltaka som trengst for å vera innafor grenseverdiane, seier han.

Dei dieseldrivne nødaggregata må dei ha fordi eit datasenter ikkje kan ha nedetid. Går straumen, må dei ha aggregat i bakhand. Desse må testast jamleg.

Green Horizon planlegg testing éin gong i månaden. For å avgrensa støyen skal testane alltid skal føregå på dagtid, og aldri lengre enn to timar i strekk. Det er heller ikkje alle aggregata som skal testast på ein gong.

– Straumen ventar på å bli brukt

Datasenter er, som dei fleste nok har fått med seg, storforbrukarar av straum, særleg dei som driv med kunstig intelligens.

Til anlegget i Kviamarka har Green Horizon reservert ein effekt på 36 megawatt. Grovt rekna svarar dette til straumbruken til ein plass mellom 11.000 og 14.000 husstandar. Til samanlikning er det rett over 8.000 husstandar i heile Hå.

Rettedal fortel at dei har bede Jæren Everk om eit tilbod på korleis dei kan koplast til straumen.

– Dei er i ein prosess med å sjå på korleis det kan gjennomførast teknisk å få denne typen straum fram frå næraste trafostasjon, seier han.

Den næraste trafostasjonen er den på Opstad.

Jæren Everk er i ferd med å sjå på løysingar for korleis datasenteret kan henta straum frå trafostasjonen på Opstad.
Jæren Everk er i ferd med å sjå på løysingar for korleis datasenteret kan henta straum frå trafostasjonen på Opstad. Foto: Foto: Ingvild Ween, Lnett

Rettedal slår fast at det er straum tilgjengeleg på nettet.

– Han berre står der og ventar på å bli brukt. Eg meiner det er samfunnsmessig fornuftig at han blir det. Me har eit konsept der me gjenbruker straumen for lokal verdiskaping. Me håpar å vera ein aktør som bruker den straumen som er tilgjengeleg lokalt på ein godt måte, seier han.

– Ikkje ei boble

I takt med at bruken av KI brer om seg, har det vakse fram ein eigen underskog av skeptiske økonomar som hevdar at fleire av dei store KI-firmaa er verdsett til langt over det dei tener og at verdsøkonomien følgeleg kan stå overfor ei boble som er i ferd med å sprekka.

Rettedal meiner derimot at firmaet hans sikter seg inn på eit veksande og føreseieleg behov, i alle fall på kort sikt.

– Fram mot 2030 ser me ingen ting som tilseier at dette er ei boble. Det som er situasjonen, er at det nesten ikkje er datasenterkapasitet å oppdriva i Europa. Det siste talet eg høyrde, er at det er under fem prosent ledig kapasitet. Og mykje av den ledige kapasiteten er på gammal infrastruktur, som ikkje passar for KI-kundar, seier han.

Kombinasjonen av tilgjengeleg straum, kjølig klima og god infrastruktur gjer Norge til ein attraktiv destinasjon for dei store aktørane meiner Rettedal.

Han avviser at etterspurnaden etter KI-tenester er overdriven.

– Me trur ikkje folk vil bruka mindre KI-verktøy i framtida enn dei gjer i dag. Sjå berre på din eigen bruk, samanlikna med den for eit år sida. I tillegg kjem behovet i næringslivet. Me trur veksten vil vera monaleg, seier han.

Datasenteret får ei eiga innkøyring. Til høgre for denne kjem ei felles innkøyring for varelevering.
Datasenteret får ei eiga innkøyring. Til høgre for denne kjem ei felles innkøyring for varelevering. Foto: Foto: Holon/Green Horizon

15 arbeidsplassar

Green Horizon har tidlegare oppgitt at anlegget deira vil føra med seg 15 direkte arbeidsplassar. I tillegg kjem rundt 25 indirekte arbeidsplassar.

– Eg er glad og stolt over at me, som bur i eit matfylke, kan bygga denne typen datasenter og dermed bygga kompetanse om korleis me kan auka matproduksjonen i regionen vår ytterlegare, seier Rettedal.

Han er takksam over korleis Kåre Wiig og resten av Miljøgartneriet har tatt imot datasenterplanane deira.

– Utan deira bidrag er det ikkje sikkert me hadde klart dette, seier Rettedal.