Me blir fleire eldre og færre yngre.
Hå er ein av kommunane der denne utviklinga går særleg fort. Innan ti år er gruppa innbyggarar over 80 år venta å veksa med over 57 prosent. Det er høgare enn snittet for både Rogaland og Norge.
I dag er det i underkant av 830 håbuar over 80 år. I 2036 er dette talet venta å vera nesten 1300.
Sjølv om eldre er friskare enn før, ein trend som venteleg vil halda seg dei kommande ti åra, er det ikkje til å komma vekk frå at når den eldste innbyggargruppa i Hå blir større, vil det òg bli fleire håbuar som treng omsorgstenester eller som får demens.
Omsorgskvartal på Heimtun
I plan for helsebygg mot 2036 ser kommunedirektøren føre seg fleire moglege tiltak for å møta denne utviklinga. Det eine er å bygga heildøgnsbemanna omsorgsbustader i Heimtun-kvartalet på Nærbø.
I dag er det slik at det einaste tilbodet som finst for eldre som er for sjuke til at heimetenestene kan levera alle tenestene dei treng, er sjukeheim.
Nye omsorgsbustadar tilpassa denne gruppa kan gje eit sosialt miljø og fellesareal, samtidig som det reduserer presset på sjukeheimsplassar.
Kommunen har omsorgsbustadar allereie i dag, men fleire av desse er for yngre innbyggarar og er derfor ikkje tilpassa dei behova sjuke eldre har.
I Heimtun-kvartalet eig kommunen allereie ei stor bygningsmasse. Her er det store høve for utvikling. Ved å samla omsorgsbustadane på same plass kan personalressursane nyttast meir fleksibelt, samtidig som det styrker fagmiljøet, noko som, ifølge kommunedirektøren, fører til betre kvalitet på tenestene.
Det er venteleg at talet på eldre håbuar som har meir omfattande omsorgsbehov òg vil veksa.
I planen for Helsebygg noterer kommunedirektøren seg at det i dag er 24 rom ved Hå sjukeheim som ikkje er i drift. Desse kan takast i bruk, men det føreset at kommunen set av pengar til å styrka bemanninga.
Vil utvida Klokkarhagen
I dag har rundt 1,7 prosent av innbyggarane i Hå kommune demens. I takt med dei demografiske endringane, er dette talet i ferd med å stige: Kommunedirektøren har rekna seg fram til at om ti år kan 2,5 prosent av alle håbuar ha demens.
Utanfor Varhaug sentrum ligg Klokkarhagen sjukeheim, som rettar seg særleg inn mot denne gruppa. For å kunna møta det aukande talet på håbuar med demens, tilrår kommunedirektøren å utvida Klokkarhagen.
Demenstilpassing fører med seg skjerpa krav til utforming og kvalitet. Blant anna bør kvar bebuar ha litt større plass tilgjengeleg enn det som er vanleg i ei ordinær sjukeheimsavdeling, utføringa bør vera i robuste material, det trengst ekstra lydisolering og fellesareala bør vera skjerma.
Målet er å tilby fleire plassar for dei som har behov for skjerming og tett oppfølging i føreseielege, trygge og rolege omgjevnadar, noko som ikkje alltid er like lett å tilby ved ein ordinær sjukeheim.
Det vil òg vera bra for arbeidsmiljøet til dei tilsette som jobbar der.
Ei utviding av Klokkarhagen vil, ifølge kommunedirektøren, styrka fagmiljøet og pasienttryggleiken. Samtidig kan det vera med på å redusera presset på andre sjukeheimsavdelingar.
I kommuneplanen er det allereie sett av 22 dekar til å utvida Klokkarhagen austover.
Unge med omsorgsbehov
Det er ikkje slik at eldre håbuar er dei einaste med behov for omsorg. I kommunen går faktisk 80 prosent av heimetenestene til innbyggarar under 67 år.
Dette er ei gruppe som er langt meir samansett og varierande behov enn det som er saka for dei eldste. For dei er alder berre ein av mange faktorar som avgjer kva behov dei har. Helse, livsløp, familiesituasjon, psykisk helse og funksjonsnedsettingar speler òg inn.
Gruppa under 67 som treng bustad og heildøgnstenester har òg endra seg. Før kunne ein grovt sett dela ho i tre: Dei med utviklingshemming, dei med autisme og dei med sjeldne diagnosar.
I seinare år har delen av unge vaksne med psykiske helseutfordringar og store funksjonsnedsettingar vakse. Det same har talet på personar med åtferdsutfordringar og unge som har fått varig funksjonstap etter sjukdom eller skade.
Når gruppa er så samansett og framtidas behov så pass vanskelege å føreseia, er det ikkje lett å peika på eitt enkelt tiltak som kan møta behova. Kommunen er dessutan plikta til å vektlegga individuelle tilpassingar.
Kommunedirektøren nøyer seg derfor med å seia at det for håbuar under 67 år som har behov for bustad og heildøgns omsorgstenester, trengst fleire typar moglege løysingar.
Ukjend pris
I planen står det ingenting om kor mykje dette vil kosta eller kor mange nye plassar det vil føra til.
Den 3. november legg kommunedirektør Anne Berit Berge Ims fram forslaget sitt til budsjett for neste år og handlings- og økonomiplan for dei kommande åra. Det er grunn til å tru at ho kjem tilbake med meir konkrete forslag der.