Køen av idrettslag som ventar på investeringstilskot i Hå veks. Det vil kommunedirektøren gjera noko med. Staten har innført ei ny endring i måten momsen blir betalt tilbake på, og kommunedirektøren har derfor foreslått at investeringstilskotet skal reknast ut frå totalbeløpet minus moms.
Ingen diskusjon
Som Jærbladet tidlegare har skrive, vil ei slik ordning i praksis bety at eit idrettslag som bygg eit nytt anlegg får utbetalt eit mindre tilskot enn dei ville gjort ved dagens ordning. I idretten er det derfor stor skepsis til den føreslåtte endringa.
Aktørar Jærbladet har snakka med, er redde endringa skal gå ut over aktiviteten i idrettslaga.
Nyleg skulle politikarane i Utval for oppvekst og kultur diskutera saka.
Det blei det ikkje noko av.
I staden gjekk eit samrøystes utval inn for eit forslag om å utsetta saka fram til utvalsmøtet 26. september. Det var utvalsleiar Jan Harald Forsmo (uavhengig) som fremja forslaget.
Meir tid
Forsmo meinte det var behov for ei nærmare vurdering av konsekvensane av forslaget, og at innspel frå dei ulike idrettslaga og idrettsrådet burde vera ein del av saka.
– Bakgrunnen er det som har komme fram gjennom det me har sett av innspel frå idrettsrådet og dei store klubbane. Me ønsker å få endå meir informasjon, sa Forsmo.
Han bad òg om at kommuneadministrasjonen i same møte skal komma med ei orientering i forkant av behandlinga av saka.
– På det tidspunktet veit me kanskje litt meir om kva spelemiddel me får til neste år, sa Forsmo.
Vegard Ask (KrF) var blant dei som støtta forslaget.
– Det er openbert at heile prosessen kan vera verdt å bruka litt meir tid på enn at me berre skal landa det nå, sa Ask.