For eit par år sidan opna politikarane i Hå opp for servering av brennevin på skjenkestader. Før det, var dette berre overnattingsstader som kunne få løyve til å skjenka sprit i Hå.
Fleire skjenkestader i kommunen nytta seg av endringa i regelverket, men ikkje Kafé Jærbuen på Nærbø – før nå.
I søknaden skriv eigar Jette Bjorland at dei allereie har løyve til å skjenka øl og vin, men at dei ønsker at gjester som spør etter ein drink eller ein konjakk skal kunna få dette.
Bjorland viser til at serveringsstaden Mor sin på Ålgård, som ho òg driv, allereie har dette og at det «...fungerer veldig fint».
Det er politikarane som til sjuande og sist bestemmer kven som kan få skjenkeløyve.
Eit samrøystes Utval for helse og velferd gjekk inn for å seia ja til søknaden frå den tradisjonsrike serveringsstaden på Nærbø.
– Dei følger dei alkoholpolitiske retningslinjene me har vedtatt. Sånn sett støttar me det, sa Stein Aarsland (KrF).