Bakgrunnen er reiser og møter Nærland har hatt i Russland. Turane og møta var i regi av organisasjonen Bike for Peace, som er grunnlagt av Nærland.

Møta har vore arrangerte med hjelp av russiske styresmakter og enkelte av dei har vore med personar som står på norske og internasjonale sanksjonslister, deriblant tidlegare viseutanriksminister og ambassadør til USA, Sergej Kisljak.

Dette har vore aktivitet som har vist seg kontroversiell i Nei til Atomvåpen, der Nærland sidan i april har hatt plass i hovudstyret.

Nei til Atomvåpen er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som blei grunnlagt i 1979 og jobbar, som namnet tilseier, for ei verd utan atomvåpen.

– Trist

Torsdag vedtok styret, mot Nærland si røyst, ei presisering om at deltaking på arrangement i regi av russiske styresmakter, kontakt med sanksjonerte russarar og formelt samarbeid med russiske styresmakter eller organisasjonar styrt av desse ikkje kan foreinast med sentrale tillitsverv i Nei til Atomvåpen.

Styreleiar Lars Egeland seier til Jærbladet at vedtaket er eit som forpliktar medlemmane i hovudstyret.

– Men Nærland ville ikkje la seg forplikta av det. Konsekvensen av det, var at han blei ekskludert, seier Egeland.

Han kallar utfallet av møtet trist.

– Bike for Peace har gjort mykje viktig arbeid, men Nei til Atomvåpen kan ikkje risikera å bli oppfatta som ein organisasjon som har tett samarbeid med russiske styresmakter. Når me tar til orde for dialog og diplomati må me ha truverd på at me ikkje er eit talerøyr for russiske styresmakter, seier Egeland.

Tore Nærland blei intervjua av den russiske tv-kanalen TV21 i Murmansk tidlegare i år.
Tore Nærland blei intervjua av den russiske tv-kanalen TV21 i Murmansk tidlegare i år. Foto: Foto: Skjermdump

– Naivt

– I forkant av møtet sa Nærland til Jærbladet at det ikkje går an å få slutt på krig utan at ein snakkar med dei som kriger?

– Ja, men du må ha ein risikoanalyse av kva som skjer når du snakkar med sanksjonerte personar. Kor viktige er desse samtalane, sett opp mot risikoen for at møtet blir misbrukt? I dette tilfellet har nok Bike for Peace vore naive.

Egeland seier det er ein velkjend russisk strategi å via besøk av den typen som Nærland og Bike for Peace arrangerer, stor merksemd.

– Det er viktig for dei å visa at dei ikkje er isolert, men dei har ikkje mange dei kan spela på lenger, seier han.

Styreleiaren seier at Nei til Atomvåpen sitt samarbeid med opposisjonsgrupper går heilt tilbake til 1980-talet.

– Me har jobba med opposisjonsgrupper i Soviet, Charta 77 i Tsjekkia og Soldaritet i Polen, for å nemna nokre av dei. Men me har alltid heldt oss vekke frå samarbeid med styresmaktene. Det er kjempeviktig for truverdet vårt. Når me ber om dialog må me ikkje oppfattast som talerøyr for nokon, seier Egeland.

Tore Nærland har vore medlem av Nei til Atomvåpen sidan 1982. Dette bildet er frå 1996 og viser han, saman med Helga J. Vang, nestleiar i Bergen og Hordaland Nei til Atomvåpen, som bruker fredsduer til å helsa forsvarsministrar velkommen til NATO sitt uformelle ministermøte.
Tore Nærland har vore medlem av Nei til Atomvåpen sidan 1982. Dette bildet er frå 1996 og viser han, saman med Helga J. Vang, nestleiar i Bergen og Hordaland Nei til Atomvåpen, som bruker fredsduer til å helsa forsvarsministrar velkommen til NATO sitt uformelle ministermøte. Foto: Foto: Marit Hommedal, NTB

Han understrekar at presiseringa ikkje har tilbakeverkande kraft.

– Dei reisene Nærland allereie har gjort vedkjem ikkje saka, ut over at dei har aktualisert temaet. Grunnen til at han er ekskludert er at han ikkje ville godkjenna retningslinjene for framtida. Dette var eit val han sjølv gjorde, seier Egeland.

Nei til Atomvåpen har hatt medlemsvekst den siste tida, noko Egeland knyter til verdssituasjonen. Styreleiaren utelukkar ikkje at enkelte medlemmar nå kan forsvinna som ei følge av bråket rundt Nærland.

– Dette har vore ei belastande sak for oss. Det kan vera at me mister medlemmar over dette, men når Nærland har gjort saka så offentleg som han har, var vurderinga vår at me òg risikerte å mista medlemmar om me berre såg bort frå aktiviteten til Nærland. Eg trur vurderinga er rett. Me får behalda truverdet vårt, seier Egeland.

Nærland: – Feil

I ein kommentar til Jærbladet seier Tore Nærland at han er ekskludert på feil og usakleg grunnlag.

– Nei til Atomvåpen skal jobba mot atomvåpen i alle nasjonar, inkludert Russland. Då eg var i møte med Kisljak tok eg opp kampen mot atomvåpen. Det vil eg fortsetta med, både overfor Russland og alle andre atommakter, seier han.

Bike for Peace har lenge planlagt ein kampanje overfor verdas atommakter neste år. Den startar 1. mars, når Bike for Peace drar til India. Planen er å besøka alle atomnasjonane, med unntak av Nord-Korea, som dei i staden vil besøka via utanriksstasjon.

I 2017 mottok Tore Nærland, med Maria Bilyk som følgeperson, Kongens fortenstmedalje for fredsarbeidet sitt. Her helser dei på kong Harald og dronning Sonja under ei mottaking på Slottet.
I 2017 mottok Tore Nærland, med Maria Bilyk som følgeperson, Kongens fortenstmedalje for fredsarbeidet sitt. Her helser dei på kong Harald og dronning Sonja under ei mottaking på Slottet. Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB

Tar sjølvkritikk for e-post

Eit anna sak som var oppe i styremøtet torsdag, var eit erstatningskrav frå Tore Nærland. Nærland grunna kravet med at styreleiaren hadde gjeve informasjon til uvedkommande om at styret skulle behandla eit varsel om Nærland sine turar til Russland.

Dette skal, ifølge Nærland, ha ført til rykteflaum og utskjelling, noko som igjen gjekk ut over helsa hans.

På dette punktet innrømmer styreleiaren at han gjorde noko han ikkje burde ha gjort.

– Nærland sende ein mail og bad om at styret straks skulle behandla spørsmålet om russlandkontaktane hans. Eg svarte på mailen og skreiv at styret uansett får det som ei sak for det har komme inn eit varsel, seier Egeland.

Problemet var berre at i mailen som hadde gått frå Nærland til Egeland, sto fleire personar på kopi. Då Egeland svarte, sende han mailen til alle, utan å vera klar over det.

Egeland seier det ikkje var opplysningar som krenka personvernet i mailen og at dei som stod på kopi var støttespelarar av Nærland. Han vedgår likevel at han her gjorde ein feil.

– Eg blei straks merksam på det og tok kontakt med dei som stod på kopi og bad om at det ikkje kom ut før etter at varselet hadde blitt styrebehandla. Etter det, er det Nærland som har spreidd dette vidare, medan vi har forheldt oss roleg, seier han.

Fleirtalet i hovudstyret skal ifølge Egeland ha vedtatt at dei ikkje ville gje Nærland erstatning.

– Men styret har bede sekretariatet jobba vidare med det, i tilfelle Nærland vel å følga saka opp juridisk, seier Egeland.

Nærland kjenner seg ikkje heilt igjen i dette.

– Den saka blei lagt til side. Ho går nå til forliksrådet og eventuelt vidare i rettssystemet, seier fredsaktivisten frå Jæren.