I ein mannsalder og vel så det har Tore Nærland frå Hå sykla for fredssaka.
Den engasjerte jærbuen er grunnleggar av og president i fredsorganisasjonen Bike for Peace. Opp gjennom åra har Nærland reist i over 120 land og møtt verdsleiarar frå Nelson Mandela til pave Frans og Aung San Suu Kyi.
Nærland har fått fleire prisar for arbeidet sitt, inkludert Time kommunes heiderspris og Kongens fortenestmedalje.
72-åringen har òg engasjert seg i fleire politiske parti – sist i partiet Fred og Rettferdighet (FOR), eit nystifta parti som har gått på tvers av konsensusen i norsk utanrikspolitikk, blant anna med motstand mot våpenleveransar til Ukraina.
Kontroversielle Russland-møter
I april i år blei Nærland vald inn i hovudstyret til Nei til Atomvåpen, ein ideell organisasjon han har vore medlem av sidan 1982.
Nå risikerer den syklande fredsaktivisten å bli utestengd.
Bakgrunnen er at Nærland, gjennom Bike for Peace, har hatt fleire møte med russiske personar som står på Norge og EU sine sanksjonslister. Dei reagerer òg på at Bike for Peace samarbeida med russiske styresmakter om ei reise til Russland i vår.
Under denne reisa skal Nærland blant anna hatt møter med Svetlana Zjurova og Sergej Kisljak.
Zjurova er tidlegare olympisk meister på skøyter. Sidan 2008 har ho representert Sameint Russland, Vladimir Putin sitt parti, i den russiske statsdumaen.
Kisljak er tidlegare russisk ambassadør til USA. Han har òg vore viseutanriksminister i Russland.
Begge står på sanksjonslistene til blant anna EU, USA og Storbritannia.
Ifølge Bike for Peace var temaet for desse møta nedrusting.
Sanksjonane er økonomiske og juridiske. I utgangspunktet er det framleis lov å møta individa som er sanksjonert.
Nei til Atomvåpen: – Ingen kommentar
Reise- og møteverksemda gjennom Bike for Peace kan nå føra til at Nærland blir kasta ut av Nei til Atomvåpen.
Jærbladet har vore i kontakt med Nei til Atomvåpen. Dei vil ikkje kommentera saka, men i ein rapport som Jærbladet har fått tilgang til, tilrår dei at Nærland blir kasta ut frå organisasjonen, dersom han ikkje går med på ein skriftleg avtale om det dei kallar «rammene for hans virke og tilknyting til Nei til Atomvåpen».
Nei til Atomvåpen har tidlegare fordømt Russland sin fullskala invasjon av Ukraina.
I rapporten konkluderer arbeidsutvalet med at «aktivitet som gjennomføres i samarbeid med russiske myndigheter, deltagelse på deres offentlige arrangementer og/eller å ha kontakt med sanksjonerte personer er ikke forenlig med tillitsverv i Nei til Atomvåpen».
I Nei til Atomvåpen sine vedtekter står det at medlemmer som bryt med organisasjonen sine vedtekter eller retningslinjer, eller som skadar organisasjonen sitt arbeid, kan utestengast.
Arbeidsutvalet slår fast at Nærland sine aktivitetar og nære band til Russland gjennom Bike for Peace kan skada omdømmet til Nei til Atomvåpen, blant anna fordi det kan bli misbrukt i russisk propaganda.
Eit slikt omdømmetap kan igjen føra til at det blir vanskelegare å driva Nei til Atomvåpen, meiner arbeidsutvalet og peiker på moglege utfordringar med rekruttering og finansiering, men òg mindre gjennomslagskraft overfor norske politikarar, styresmakter og den generelle folkesetnaden.
Saka skal opp i Nei til Atomvåpen sitt styremøte 20. august. Nærland ønsker ikkje å skrive under på nokon avtale.
For at han skal bli ekskludert, må to tredjedelar av styret stemma for dette.
– Har ikkje gjort noko gale
Tore Nærland sjølv meiner at han ikkje har gjort noko som kan svekka omdømmet til Nei til Atomvåpen.
– Tvert imot, me gjer omdømmet deira betre. Me snakkar med alle atommakter. Målet vårt er å fjerna alle atomvåpena på jorda. Det tar me opp med alle. Då me var i Russland, tok me opp at Ny START-avtalen må vidareførast, seier han.
Ny START er ein avtale mellom USA og Russland om avgrensing og reduksjon i atomvåpenarsenala til dei to landa. Avtalen gjekk ut 5. februar i år.
Å møta russiske politikarar for å fremja nedrusting må vera i Nei til Atomvåpen si and, meiner Nærland.
– I vedtektene heiter det at dei skal jobba mot alle atomvåpen verda over. Dei skadar seg sjølv ved å ekskludera meg, seier han.
– Arbeidsutvalet tilrår at du og Nei til Atomvåpen går inn på ein avtale om rammene rundt det du gjer og tilknytinga di til Nei til Atomvåpen. Kvifor vil du ikkje gå med på det?
– I avtalen dei foreslo ligg det føre at eg ikkje skal kunna reisa til Russland. Dei kan ikkje styra Bike for Peace. Det er to ulike organisasjonar, dei kan ikkje begynna å overstyra det me gjer der.
Ifølge Nærland var det òg eit punkt i avtalen om at han skulle trekka seg frå hovudstyret, men at han kunne fortsetta arbeidet i lokallaget for Sør-Rogaland, som han var med å stifta i 2022.
Dialog og samtale
Den 72 år gamle aktivisten kom heim frå ei ny reise til Russland mandag denne veka. Han seier at møta deira er viktige for å få til dialog.
– Det blir ikkje slutt på krig om du sluttar å snakka med dei som krigar, seier han.
Han seier den einaste løysinga er at partane set seg til forhandlingsbordet.
– Me tar avstand frå bombing, anten det er Russland eller Ukraina som gjer det. Nå går våre rakettar inn på russisk territorium. Då eg var i Russland sist, måtte eg ta tog fordi det var for farleg å fly. Det er krig på begge sider. Partane må komma til forhandlingsbordet. Me må førebygga atomkrig, elles risikerer me «worst case».
– Dette argumentet ligg nært opp til det Putin bruker når han åtvarar om at vestleg innblanding kan føra til intensivering av krigen og i ytste konsekvens bruk av masseøydeleggingsvåpen?
– Me går ikkje Putin sitt ærend. Me er for dialog og samtale. Me vil ha ei fredeleg løysing. Me vil ha fredsdialog.
Nærland understrekar at Bike for Peace, på same måte som Nei til Atomvåpen, fordømte den russiske invasjonen av Ukraina i 2022.
– Me sende brev til Putin om dette, seier han.
Omtale i statsvennlege medium
Han avviser at arbeidet hans, og arbeidet til Bike for Peace, blir misbrukt i russisk propaganda.
– Det har eg aldri sett noko til, seier han.
Tidlegare i august skreiv The Barents Observer at reisene til Bike for Peace har mottatt «entusiastisk dekning» i russiske, statsvennlege medium.
Nærland avviser dette. Han kallar Barents Observer «heilt ekstreme» og grunngjev dette med at dei, i motsetnad til Bike for Peace, skal vera imot ei diplomatisk løysing på krigen.
– Men omtalen dei viser til i desse russiske media er uansett reell?
– Då me skulle reisa, sende me ut pressemeldingar til alle medium. Det var ingen norske som ville skriva om oss. Det er ei veikskap i den vestlege pressa. Russarane skriv i alle fall om oss når me har dialogmøte.
Har vore i Russland 50 gonger
– Eit av forholda arbeidsutvalet peiker på, er at turane og møta dykkar har vore i samarbeid med russiske styresmakter. Bike for Peace er opptatt av folk-til-folk-kontakt. Men er det eigentleg folk-til-folk-kontakt når det er russiske styresmakter som styrer logistikken?
– Me hadde ikkje komme oss inn utan styresmaktene. Me styrer møta sjølv, me styrer debattane og me styrer samtalane.
– Får de treffa kven de vil?
– Ja, me kan treffa ganske mange om me vil.
Som døme, trekk Nærland fram Sergej Kisljak, den tidlegare viseutanriksministeren. Han nemner òg fleire andre med tilknyting til makta i Russland.
– Får de treffa opposisjonelle?
– Ja. Eg kan treffa kven eg vil i Russland. Eg har vore der 50 gonger. Det har aldri vore eit problem.
– Det er vanskeleg å få visum til Russland. Du reiser ofte. Trur du at du ville fått visum om russiske styresmakter vurderte at du faktisk hadde påverknadskraft?
– Det er eit godt spørsmål. Det kan eg ikkje svara på. Men Bike for Peace har ei lang historie med å bygga diplomati med Russland. Det går tilbake til 1980-åra og Sovjetunionen. Me har hatt mange kampanjar der. Det er det òg fleire andre organisasjonar som har hatt.
Nærland sitt poeng er at internasjonale fredsorganisasjonar har historiske resultat å visa til.
– På 1980-talet var det 70.000 atomvåpen i verda. I dag er det 11.000-12.000, seier han.
Skuldar på maktkamp
Då Nærland i vår blei valt inn i hovudstyret til Nei til Atomvåpen, var det med knapt fleirtal og etter ein stor debatt. Nærland meiner at saka som nå går føre seg, er eit forsøk på omkamp.
Rapporten frå Arbeidsutvalet blei laga på bakgrunn av eit varsel, som ifølge Nærland kom dagen etter at han blei valt inn i hovudstyret.
– Varselinstituttet skal ikkje brukast om politisk usemje. Det er meint for å stoppa kriminalitet, trakassering og liknande. Dei kan ikkje ekskludera folk på grunnlag av politisk usemje. Eg har ikkje gjort noko ulovleg. Dei tinga som blei lista i varselet var ikkje hemmelege, alt låg fullt ope på Facebook, seier han.
– Rapporten fann at aktiviteten din kan skada omdømmet til Nei til Atomvåpen. I vedtektene deira er det eit punkt som opnar for eksklusjon på dette grunnlaget?
– Når eg er ute og reiser med Bike for Peace nemner eg aldri at eg er med i Nei til Atomvåpen. Då snakkar eg om at eg er leiar i Bike for Peace, ein organisasjon eg har vore med i sidan 1978.
Krev erstatning
I neste veke, når styret i Nei til Atomvåpen får rapporten om reiseverksemda til Bike for Peace og Nærland på bordet, står òg ei anna sak på agendaen: Nærland har sett fram eit krav om erstatning for tort og svie og økonomiske tap.
Nærland hevdar at då varselet kom inn til organisasjonen, valde leiar Lars Egeland å senda det vidare til ti andre personar.
– Det begynte å gå rykte om at eg hadde drive med kriminalitet i Russland. Folk ringde og skjelte meg ut. Eg blei kalla putinist. Det gjekk ut over helsa mi. Eg måtte avbryta ein planlagt tur til USA, seier han.
I og med at han ikkje er villig til å gå med på ein avtale med Nei til Atomvåpen, reknar 72-åringen med at saka vil enda med eksklusjon.
Fredsarbeid vil han uansett ikkje gje seg med.
I løpet av året som kjem planlegg Bike for Peace å besøka åtte av ni atommakter i verda. Den niande, Nord-Korea, besøker dei via utanriksstasjon.
I ei pressemelding frå Bike for Peace heiter det at bodskapet er det same til alle: Alle må rusta ned snarast mogleg.