Roy Søyland er dagleg leiar ved gardsutsalet Smaken av Landet.
Roy Søyland er dagleg leiar ved gardsutsalet Smaken av Landet. Foto: Vebjørn Olsen (arkiv)

Det har gått fort sidan Lavinia AS, selskapet som dreiv Il Tempo, vart slått konkurs 17. april. Allereie førstkomande torsdag håper erstattaren, Smaken av landet, å kunna opna i sine nye lokale.

Sundag var det slutt i lokalet på Njærheim. «Vemodig og trist», skreiv Smaken av landet på Facebook, som etter ei «fantastisk avslutning» nå gler seg stort til nye og spanande tider på M44.

Den raske overgangen er mogleg fordi dei har kjøpt delar av konkursbuet. Det stadfestar bustyrar Harald Øglænd overfor Jærbladet.

Butikk og restaurant

Søknaden om skjenke- og serveringsbevilling vart sendt til Time kommune 27. april, berre ti dagar etter konkursen.

I søknaden forklarer mannen som profilerer seg som «The Grillfather», dagleg leiar Roy Søyland, at dei skal driva med same konsept som Il Tempo, berre med heilt annan mat.

Likskapen går ut på den nye serveringsstaden både skal selja mat og ha utsal.

Der Il Tempo hadde delikatesseavdeling skal Smaken av landet, ifølge søknaden, ha gardsbutikk med sal av «kortreiste råvarer av beste kvalitet, helst direkte fra bonden».

Grillmat og utepils

Lokala skal innreiast som ein amerikansk diner.

På menyen står kjøtmat frå store vedfyrte grillar (såkalla «smokers»), i tillegg til pizza, og litt kaker og kaffi.

Smaken av landet har frå tidlegare serveringsbevilling i Hå kommune og Stavanger kommune, der dei har to matvogner.

I tillegg til 125 sitteplassar innandørs skal Smaken av landet ha uteservering langs fasaden. Då søknaden vart sendt til kommunen, var det ennå usikkert nøyaktig korleis uteserveringa skal vera.

Roy Søyland har søkt om å få overta skjenkeløyvet til Il Tempo, og håper å kunna tilby kundane utepils, og dessutan vin og brennevin.

Smaken av landet fekk avslag då dei søkte Hå kommune om løyve til å selja alkohol, fordi konseptet ikkje samsvarte med føresetnadene i kommunen sitt skjenkereglement.

54 kreditorar

Harald Øglænd opplyser at 54 kreditorar så langt har meldt inn krav på 2.878.000, og at det beløpet vil bli større.

Fristen for å melda inn krav i buet er 22. mai. Éi veke seinare blir det skiftesamling i Sør-Rogaland tingrett.

– Det er fleire forhold me er nøydde til å ettergå, seier bustyraren om arbeidet som skal gjerast fram til dess.

Oppkjøpet av konkursbuet etter Il Tempo er det andre for Roy Søyland i år. I februar kjøpte han buet etter Gresk Grill, som dreiv matvogn på Mariero.