Coop Klepp skal bygge stort ut på andre sida av Jærhagen, aktivitetsparken og rådhuset. I desember vedtok kommunestyre å kjøpe 150 parkeringsplassar under bakken i prosjektet.
Coop Klepp skal bygge stort ut på andre sida av Jærhagen, aktivitetsparken og rådhuset. I desember vedtok kommunestyre å kjøpe 150 parkeringsplassar under bakken i prosjektet. Foto: Illustrasjon av Arc Arkitekter

I desember vedtok kommunestyret å betale Coop Klepp minst 104 millionar kroner for 150 parkeringsplassar i det planlagde prosjektet deira på andre sida av vegen for det nye rådhuset.

Parkeringa er meint for kommunens nye rådhus, kultursal og kyrkje.

Nokre dagar seinare sette Venstres Martin Haukali fram eit krav om lovlegkontroll av vedtaket.

Med seg på laget har han sju andre frå Venstre, Industripartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet.

Dei meiner at kommunen ikkje har følgt opp tidlegare vedtak frå politikarane, og viser til at det i 2021 blei vedtatt at det skulle utarbeidast eit kostnadsoverslag for parkeringsløysingar ved Sirkelen og Kleppetunet, og ei halvvegs nedgraven løysing i aktivitetsparken.

Vurderinga deira er at ei intern vurdering i administrasjonen ikkje er nok. Dei ønsker ei politisk sak med nærmare utgreiing av alternativa.

– Vedtaket er etter kommunedirektøren si vurdering eit gyldig fatta vedtak, heiter det i sakspapira til lovlegkontrollen som skal til behandling i kommunestyret 9. februar.

Avklaringar i etterkant gjorde det ikkje mogleg

Kravet om lovlegkontroll går først til organet som gjorde vedtaket, altså kommunestyret. Viss kommunestyret opprettheld vedtaket blir saka sendt til Statsforvaltaren.

Det er altså det kommunedirektør Torild Lende Fjermestad meiner dei bør gjere.

Ho argumenterer med at fleire avklaringar etter vedtaket i 2021 har utelukka dei andre alternativa til parkeringsplass. Ho skriv at det ikkje er nokon krav til at tidlegare vedtak skal kvitterast ut i ei spesifikk sak.

John Tysse, administrerande direktør i Coop Klepp, sat framoverlent under kommunestyrets diskusjon om utbyggingsprosjektet i september. Fire inhabile frå dei blå-blå måtte finne seg i å sitje på benken under behandlinga, dei same som også var inhabile i saka om lovlegkontrollen måndag kveld. Frå høgre: Kjetil Maudal (Frp), Tom Ove Øksnevad (Frp), Siri Øksnevad Olsen (Frp) og Morten Erga (H).
John Tysse, administrerande direktør i Coop Klepp, sat framoverlent under kommunestyrets diskusjon om utbyggingsprosjektet i september. Fire inhabile frå dei blå-blå måtte finne seg i å sitje på benken under behandlinga, dei same som også var inhabile i saka om lovlegkontrollen måndag kveld. Frå høgre: Kjetil Maudal (Frp), Tom Ove Øksnevad (Frp), Siri Øksnevad Olsen (Frp) og Morten Erga (H). Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– For å etablere ein heilårs aktivitetspark med kvalitetane og funksjonane som denne har i dag, inkludert ein bekk som er ein del av overvasshandteringa i kommunen, så var ei delvis nedgraven parkeringsløysing ikkje gjennomførbar, skriv ho.

I 2021 var Coop Klepp sine planar om utbygging i sentrum på eit tidleg stadium. Etter at det seinare har blitt meir konkret, kom også ønsket om å kjøpe plassar her.

– Ville blitt ruvande

Kommunedirektøren viser også til at skissene som er teikna for eit bygg ved Sirkelen, seier at minst tre etasjar hadde vore naudsynt.

– Det ville blitt eit ruvande bygg i området. I tillegg ville det tatt bort moglegheiter for framtidig utvikling av områda som ein no har, dersom behov for bygg og tenester endrar seg i framtida.

Arealeffektive løysingar og krav til parkering under bakken har blitt meir vektlagt dei siste åra, og ho trur eit bygg over bakken hadde blitt vanskeleg å fått aksept for.

– Det at kommunen og andre offentlege myndigheiter krev parkering under bakken av andre utbyggjarar, men eventuelt hadde løyst dette sjølv med eit parkeringshus oppå bakken ville sendt negative signal til marknaden som også opplever utfordringar ved kostnadsnivået som er knytt til parkering under bakken, skriv ho også.

Tar lærdom

Fjermestad skriv at Klepp kommune kunngjorde at dei hadde intensjon om å avtale kjøpet om 150 parkeringsplassar med Coop, slik at andre tilbydarar kunne melde interesse.

Det var det ingen som gjorde.

Eit einstemmig formannskap vedtok i 2024 at det skulle bli inngått forhandlingar med samvirkelaget om ein for parkering i sentrum.

Etter forhandlingar blei altså avtaleforslaget vedtatt i desember i fjor. Avtalen var i samsvar med prinsippa som blei lagt til grunn av formannskapet.

Kommunedirektøren viser til at det i saksframlegget frå 2024 står at «for å løyse parkeringsbehovet er det vurdert alternative løysingar. I denne saka vert det foreslått å gå i forhandlingar med Coop Klepp SA om kjøp av parkeringsplasser i samband med deira utbygging på motsatt side av Solavegen frå kommunehuset».

– Etter at vedtaket blei gjort har det vore gjort eit omfattande arbeid frå begge partar med å forhandle fram eit forslag til ein avtale. Det er i tillegg gjort omfattande administrativt arbeid for å greia ut svært komplekse problemstillingar både i forhold til lov om offentlege anskaffingar, statsstøtteregelverket og momskompensasjonsregelverket, skriv ho.

Ho vedgår at det i fleire saker kunne vore vist spesifikt til vedtaket frå 2021 om utgreiing av parkering ved Sirkelen og aktivitetsparken.

– Slik hadde det vore tydeleg at kommunedirektøren vurderte at dette vedtaket blei kvittert ut og at det ikkje blei lagt fram eiga sak for å kvittere ut dette. Dette tar me lærdom av til framtidige saker.

– Ærleg og reieleg å spørje Statsforvaltaren

I kommunestyret måndag gjorde Haukali det klart at han og Venstre framleis meiner vedtaket er ugyldig.

Framstegspartiets Bjørn Reidar Kleppe gjekk til talarstolen for å argumentere for kvifor parkeringsplassen under Coops prosjekt, som kommunestyret vedtok i desember, er det beste alternativet.

– Det kan godt vere at det var det beste alternativet, men me fekk aldri sett på dei andre. Me ser kor mange habilitetsvurderingar me har hatt i denne saka, så det kan jo vere ein ekstra sikkerheit å få ein lovlegkontroll på dette. Viss det går gjennom er me iallfall sikre på at me har gjort noko rett, sa Elisabeth Thomassen (INP).

Ordførar Kjetil Maudal (Frp), Siri Øksnevad Olsen (Frp), Tom Ove Øksnevad (Frp) og Morten Erga (H) var inhabile.

Då saka blei behandla i desember ville Venstre og INP utsetje den, noko dei ikkje fekk fleirtal for. Derfor ville dei senke prisen så godt dei kunne, og føreslo å kjøpe 100 plassar i staden for 150.

Dette kritiserte Kleppe og Geir Astrup Pollestad.

– Meiner altså Venstre at eit vedtak om kjøp av 100 plassar ville ha vore lovleg, men 150 ulovleg? Kva om Venstre sitt forslag om kjøp av 100 plassar hadde fått fleirtal i kommunestyret, hadde dei då fremma krav om lovlegkontroll?

Martin Haukali kontra med at han også under behandlinga i desember sa at han var usikker på lovlegheita av å fatte eit slikt vedtak.

Tore Bore (KrF) sa at partigruppa hans vurderte at når ikkje kommunestyret gjekk for utsettingsforslaget, meinte det også at saka var nok greia ut.

– Eg er av den oppfatning av at me står for det me bestemte sist, men viss me har gjort noko gale er det veldig ærleg og reieleg å spørje Statsforvaltaren om råd, sa Ove Horpestad (H), som fungerte som ordførar i saka.

Kommunedirektørens innstilling blei einstemmig vedtatt, som vil seie at kommunestyret opprettheld vedtaket og sender saka til Statsforvaltaren for endeleg behandling.