Tømming av restavfall og matavfall ved Hognestad i haust.
Slik såg det ut i 2022, då Nordren hadde ansvaret for søppelhentinga på Jæren. No kjem dei oransje bilane tilbake, men berre i Klepp og Sola. Foto: Snorre Standish Norheim (arkivfoto)

Renovasjonen Næring AS – som i fjor uventa sa opp søppelhentinga i Klepp og Sola – har gult som sin bilfarge. Men no kjem Nordren, som hadde kontrakten fram til 1. juli 2024, tilbake til Klepp med sine oransje bilar.

Det skjer frå og med 27. november i år.

Tre leverte tilbod

Comebacket er klart etter at Sola og Klepp lyste ut eit felles anbod på jobben – og no har funne ut kven som kunne gje det beste tilbodet på å henta bosset heime hos folk i dei to kommunane dei neste seks åra.

Tre leverandørar leverte tilbod – inkludert Renovasjonen Næring AS, som sa opp den gjeldande kontrakten fordi dei tapte pengar på han.

Prisane såg slik ut:

  • Nordren AS (20,5 millionar kroner)
  • Norsk Gjenvinning AS (22,9 millionar kroner)
  • Renovasjonen Næring AS (29,5 millionar kroner)

Pris tel 70 prosent i anbodet, medan miljø – mellom anna bruk av elbilar – skulle telja dei siste 30 prosentane. På miljø var dei tre konkurrentane omtrent like, og dermed gjekk Nordren AS av med ein klår siger.

Den nye avtalen gjeld for seks år, fram til 27. november 2032, utan mogelegheit til å seia han opp. Det ligg også inne ein opsjon på forlenging i eitt pluss eitt år.

– Ikkje vesentleg prisendring

Kommunalteknisk sjef Kjersti Ohr i Klepp kommune har ikkje tala framføre seg når Jærbladet snakkar med henne, men ho stadfestar at den nye kontrakten ligg noko høgare i pris enn den som Renovasjonen Næring sa opp i fjor.

– Men det blir ikkje ei vesentleg prisendring. Sjølve hentinga av søppel er også berre ein liten del av kostnaden med renovasjon. Kostnaden for handteringa av søppelet vidare tek me direkte med IVAR, seier Ohr.

Klepp skal betala i underkant av halvparten av totalsummen som Nordren AS skal ha, sidan dei er ein litt mindre kommune enn Sola.

Til sjuande og sist er det hushaldningane som betaler rekninga, fordi kommunane er har ei lovfesta plikt då å dekka inn 100 prosent av renovasjonsutgiftene etter sjølvkostprinsippet.

– Glade for å ha avtale på plass

I 2023 gjekk kommunane Klepp, Time, Hå og Sola saman om eit felles anbod på henting av avfall heime hos innbyggjarane. Renovasjonen Næring AS vann kontakten – og det utløyste protestar og rettslege steg frå konkurrenten Nordren AS.

Frå 1. juli 2024 overtok Renovasjonen Næring AS søppelkøyringa i dei fire kommunane, men mot slutten av fjoråret kom det ei overraskande oppseiing av avtalen med Klepp og Sola, fordi selskapet tapte pengar på kontrakten.

Jobben for Time og Hå held fram.

– Me er veldig glade for at me no har på plass ein avtale med ein ny leverandør frå slutten av november, og at me slepp ei overgangsordning mellom dagens kontrakt og den nye. Folk skal ikkje merka så mykje til det, unntatt at det blir ein annan farge på bilane, seier kommunalteknisk sjef Kjersti Ohr.

– Eller: Ei endring blir det. I den nye kontrakten blir det ikkje køyring på kveldane lenger, legg ho til.

Bossdag-lotto held fram

Dei såkalla dynamiske rutene – bossdag-lotto, som Jærbladet noko uærbødig har døypt om det til – held fram i den nye avtalen.

Det blei innført frå nyttår i år, for å unngå at søppelkøyrarane må køyra dobbelt i samband med raude dagar.

Dynamiske ruter inneber at tømmedagen forskyv seg med ein dag for kvar raud dag som fell på det som vanlegvis skulle ha vore tømmedag. Dermed får ikkje folk lenger ein fast vekedag som tømmedag.