I 2023 og 2024 reagerte eit femtitals naboar på at kommunen tok snarvegar for å etablera eit mellombels butilbod for rusavhengige og personar med alvorlege psykiske lidingar. I 2026 kjenner dei seg førte bak lyset, etter at kommunen vil gjera bustadene permanente.
I 2023 og 2024 reagerte eit femtitals naboar på at kommunen tok snarvegar for å etablera eit mellombels butilbod for rusavhengige og personar med alvorlege psykiske lidingar. I 2026 kjenner dei seg førte bak lyset, etter at kommunen vil gjera bustadene permanente. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

– Eg vil setta strek på fem år. Då skal det vera slutt, sa ein av politikarane som i 2024 gav kommunen lov til å setta opp to småhus ved rådhuset.

Politikaren åtvara mot at den mellombelse løysinga kunne bli ei sovepute. Han fremja likevel ikkje eit forslag om ei makstid fordi eit vedtak uansett berre gjeld fram til eit nytt er fatta.

Før kommunen fekk setta opp småhusa, mobiliserte eit femtitals naboar. Dei meinte det var «svært lite troverdig at dette tiltaket bare skal stå i fem år».

Nabogruppa greidde å redusera talet frå tre til to hus, og å flytta dei ut av parken, om enn med nokre få meter.

Vedtaket i 2024 vart grunngjeve med at kommunen har eit akutt behov for bustader til rusavhengige og dei med alvorleg psykisk sjukdom.

Kommunedirektøren forklarte i saksframlegget at arbeidet med å finna ei permanent løysing i Grødelandsvegen på Re hadde tatt lengre tid enn venta. Han anbefalte derfor å gje dispensasjon.

Naboane reagerer igjen

To år etter vedtaket reagerer nabogruppa på at kommunen gjer kort prosess med småhusa.

Dette skjer i samband med at kommunen har varsla endringar i busetnadsplanen for Sivdamområdet, der sjukeheimen Sivdamsenteret skal byggast ut for over ein halv milliard kroner.

I eit innspel til planoppstarten protesterer nabogruppa mot at kommunen har innlemma småhusa i reguleringsplanen. Naboane meiner sakene bør behandlast kvar for seg, og markerer kva dei meiner om dei:

1. Utvidelse av offentlig sykehjem. SOM VI ER 100% FOR.

2. Permanentgjøring av midlertidige rusboliger. SOM VI ER 100% MOT.

«Vår største innvending er at denne saken om rusboligene kommer 100% i skyggen av det store sykehjem-prosjektet. Det er åpenbart at fokus kommer til å ligge på Sivdammen, og så håper kommunen at bare de midlertidige rusboligene skal bli permanente med et pennestrøk.»

Nabogruppa uttrykker liten tillit til at kommunen vil høyra til merknaden deira, og appellerer derfor særleg til Statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune.

I første omgang er det liten hjelp å henta der. Korkje Statsforvaltaren eller fylket nemner småhusa i sin merknad til planvarselet.

Foto: Time kommune
Foto: Time kommune Foto: Foto: Time kommune

Knapt nemnt

I planvarselet som vart sendt ut i mai, opplyser kommunen at dei ønsker å bygga inntil fem etasjar med sjukeheimsplassar, pluss kjellar.

Nabogruppa skriv at småhusa utgjer ein mindre del av planvarselet, og reagerer på at kommunen gjer småhusa permanente.

I eitt avsnitt opplyser kommunen at det er etablert to slitesterke omsorgsbustader aust for rådhuset, særleg tilpassa personar med utfordringar innan rus- og psykiatri.

Dei er etablerte på grunnlag av ein femårig dispensasjon, skriv kommunen: «I samband med planendringa vil ein og regulera desse som eit permanent tiltak.»

I saksframlegget i 2024 lova kommunedirektøren ei ny vurdering dersom småhusa skulle gjerast permanente:

«Angående varigheten av tiltaket forholder kommunedirektøren seg til at det er søkt om midlertidig dispensasjon for fem år. Dersom boligene skal bli stående lenger enn dette, må det entes omreguleres eller søkes ny dispensasjon. Det vil da bli foretatt en ny vurdering av saken.»

Kommunedirektøren, kommunalsjef for samfunn og kultur og eigedomssjefen har ferie, fekk Jærbladet opplyst då avisa kontakta kommunen i samband med denne artikkelen.

Snart i mål på Re

Også i Grødelandsvegen på Re har det vore sterke reaksjonar i nabolaget. Like fullt har politikarane vedtatt at det skal etablerast fem småhus her, på permanent basis.

I starten av juli søkte arkitektkontoret Asplan Viak om rammeløyve til å etablera «et tun med fem robuste småhus, samt landskap og skjermingstiltak ved renovasjon».

Tunet skal byggast ut i to trinn, der første trinn gjeld tre bustader og ein base for tilsette. Det er budsjettert med 12,5 millionar kroner til å bygga desse i 2026.

Éin av naboane som har svart på nabovarselet, føreslår å endra plasseringa på to av bustadene. Arkitekten har avvist dette med grunnlag i at dei er i samsvar med den godkjende reguleringsplanen.

Heile prosjektet har ei ramme på cirka 20 millionar kroner. Delar av investeringa blir finansiert med tilskot frå Husbanken.

I Grødelandsvegen skal det byggast fem småhus. Dei første skal opp i år.
I Grødelandsvegen skal det byggast fem småhus. Dei første skal opp i år. Foto: Foto: Asplan Viak