Kommuneleiinga tar ein kikk på det kommande burettslaget i Viervegen. Foran går ordførar Andreas Bjorland (t.v) og eigedomssjef Jan Erik Brudeli. Bak frå venstre går Vidar Åsen, prosjektleiar i Espeland AS, Øyvind Espeland, dagleg leiar i same firma, Kurt Ludvigsen, innleigd prosjektleiar for Hå kommune og kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.
Kommuneleiinga tar ein kikk på det kommande burettslaget i Viervegen. Foran går ordførar Andreas Bjorland (t.v) og eigedomssjef Jan Erik Brudeli. Bak frå venstre går Vidar Åsen, prosjektleiar i Espeland AS, Øyvind Espeland, dagleg leiar i same firma, Kurt Ludvigsen, innleigd prosjektleiar for Hå kommune og kommunedirektør Anne Berit Berge Ims. Foto: Håvard Ovesen

Åtte mann – seks tømrarar og to stillasbyggarar – er i arbeid på ein byggeplass på vestsida av Nærbø.

Det nærmar seg sperreskål for Viervegen burettslag, eit prosjekt av ein type Hå kommune aldri har gjeve seg ut på før og som fekk ein kronglete start.

Viervegen er eit burettslag for unge med funksjonshemmingar. I tillegg til åtte leilegheiter med livsløpsstandard, vert det her òg stort fellesareal og ein personalbase med medisinrom, kjøkken, spiseplass og eit eige rom for nattevakta.

Eigarane skal kunna flytta inn i burettslaget til våren.
Eigarane skal kunna flytta inn i burettslaget til våren. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dei fleste leilegheitene er det ungdommane sjølv som skal kjøpa, utanom ein som skal vera kommunen sin.

For å gje plass til burettslaget, har kommunen rive to gamle kommunale bustadar. Sjølve bygginga begynte seint i fjor haust.

I rute

Jærbladet har tidlegare skrive at prisen på kvar leilegheit er venta å ligga på mellom 1,8 og 2,2 millionar kroner, avhengig av storleiken. Kva den nøyaktige prisen vert for kvar leilegheit, skal avklarast til hausten.

Onsdag denne veka er kommuneleiinga ved ordførar Andreas Bjorland (KrF), kommunedirektør Anne Berit Berge Ims og eigedomssjef Jan Erik Brudeli innom for å kikka nærare på arbeidet.

Vidar Åsen, prosjektleiar i Espeland AS, peiker og forklarer for dei gjestande kommunetoppane.
Vidar Åsen, prosjektleiar i Espeland AS, peiker og forklarer for dei gjestande kommunetoppane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Prosjektleiar Vidar Åsen frå Espeland AS fortel at alt går etter planen.

– Den første framdriftsplanen me hadde, sa at bygget skulle vera tett til sankthans. Det held sånn nokolunde, seier Åsen.

Ifølge Åsen har dei vore heldige med vêret. Bygget er relativt tørt, noko som gjer at dei antakeleg får begynt med det innvendige arbeidet tidlegare enn opphavleg trudd.

Den 4. juli vert det kranselag for å markera at taket er tett. Dit kjem representantar frå kommunen, og framtidige eigarar og fleire av foreldra deira.

Kan flytta inn neste år

Kommunedirektøren fortel at dei har jobba tett med ungdommane som skal kjøpa og familien deira. Dei har òg fått vera med på å påverka utforminga av bygget. Fleire av dei har òg gjort eigne tilval som dei tar rekninga for sjølv, til dømes fliser på badet i staden for baderomsplater.

Målet er at dei skal kunna flytta inn på vårparten neste år.

– Me har ein dato me jobbar mot, men førebels går me ikkje ut med han, seier Kurt Ludvigsen, innleigd prosjektleiar for Hå kommune.

Kurt Ludvigsen (frå venstre),  Vidar Åsen, Øyvind Espeland, Anne Berit Berge Ims, Jan Erik Brudeli og Andreas Bjorland i samtale utanfor det som vert hovudinngangen til burettslaget.
Kurt Ludvigsen (frå venstre), Vidar Åsen, Øyvind Espeland, Anne Berit Berge Ims, Jan Erik Brudeli og Andreas Bjorland i samtale utanfor det som vert hovudinngangen til burettslaget. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ordføraren fortel at han i forkant hadde vore innom avlastingsbustaden Blåbærtua, som ligg like i nærleiken.

– Dei er kjempegira på dette. Her får dei eit flott uteområde dei kan bruka i lag, seier han.

Inne i første etasje får dei besøkande kommunetoppane omvising i det som skal verta fellesareal, personalrom, medisinrom og tre leilegheiter. I andre etasje skal det vera fem leilegheiter.

Alle bustadane får òg sitt eige, private uteopphaldsareal, plattingar i første etasje og balkongar i andre.

Rundt åtte mann i sving på ein så pass stor byggeplass, er ikkje veldig mange. Åsen seier til Jærbladet at det nok vert ein del travlare rett over ferien, når dei er ferdige med råbygget og dei ulike fagfolka skal inn.

– På det meste vil det vera opp mot mellom 20 og 25 arbeidarar, seier han.

Den totale kostnadsramma for prosjektet er på 55,8 millionar kroner. Av dette er kommunen sine kostnadar venta å komma på 15,9 millionar kroner etter momskompensasjon. Resten av pengane kjem frå Husbanken og sal av leilegheiter til brukarane.

Har tatt tid

Jærbladet omtalte prosjektet for første gong i november 2020. Då var det venta at burettslaget skulle vera innflyttingsklart i 2025. Men undervegs dukka det opp eit par skjær i sjøen, blant anna prisvekst og uvisse rundt finansieringa, men òg kapasitetsproblem hos kommunen.

Ordførar Bjorland seier forseinkinga først og fremst er eit politisk ansvar.

– Men så har det komme på skjener etter kvart, seier han.

Burettslaget ligg i nær helsesenteret og sjukeheimen i Hå.
Burettslaget ligg i nær helsesenteret og sjukeheimen i Hå. Foto: Foto: Håvard Ovesen

At brukarane òg skal vera eigarar, er nytt i Hå kommune.

– Derfor har me brukt litt tid til å finna den rette forma. Me har måtta læra undervegs, seier han.

Kommunedirektør Ims skyt inn at den lange prosessen i forkant òg har sine fordelar.

– Nå får me noko der alle har fått sagt si meining. Det har vore ein demokratisk prosess. Det er ein fordel å ha gjort desse tinga før ein begynner å bygga, seier ho.

Følger etter Time og Klepp

Nabokommunane Klepp og Time har allereie røynsle med denne typen burettslag.

Fredag 3. juni kunne Time-ordførar Andreas Vollsund, saman med jublande bebuarar, opna Nubben bufellesskap på Bryne.
Fredag 3. juni kunne Time-ordførar Andreas Vollsund, saman med jublande bebuarar, opna Nubben bufellesskap på Bryne. Foto: Foto: Eli Westerlund Goodwin

Nyleg opna Nubben bufellesskap i Roald Amundsens veg på Bryne. Her skal seks unge timebuar med funksjonsnedsettingar flytta inn. I tillegg vert det fire kommunale bustadar for same gruppe.

– Alle me som har opplevt å eiga eigen bustad veit kor kjekt det er, sa Time-ordførar Andreas Vollsund (H) då han opna Nubben bufellesskap tidlegare i juni.

Det var ei foreldregruppe som i 2018 tok kontakt med Time kommune for å få til prosjektet, som vart realisert i samarbeid mellom foreldra, kommunen og Husbanken.

Frå før finst eit liknande prosjekt på Kvernaland. Skilnaden er at der er alle leilegheitene i privat eige. På Nubben er det òg fire kommunale bustadar.

Bufellesskapet er døgnbemanna.

Verksemdsleiar Stig Soland Kristoffersen i Time kommune meiner konseptet er interessant.

– Det med fellesromma er noko alle bebuarane nyt godt av, både i den kommunale delen og i foreldreinitiativdelen, seier han.

– Nybrottsarbeid

Kommunedirektør Ims seier at det i Hå er eit ønske om at folk skal klara seg heime i eigen bustad lengst mogleg, anten det handlar om unge menneske med funksjonshemming eller seniorar.

– På same måte som du skal vera herre i eige liv, skal du vera herre i eigen bustad, seier Ims.

– Er det mange som ventar på denne typen bustad i Hå?

– Det har eg ikkje oversikt over.

Ordførar Bjorland skyt inn at det ikkje er tvil om at det er mange som nå følger med på det dei gjer.

– Dette er heilt nytt for oss, me lærer av det. Det er spennande, seier han.

Ims seier at den gode dialogen mellom foreldra, dei kommande eigarane og kommunen har vore avgjerande for det ho kallar eit nybrottsarbeid for kommunen.

Om få dagar skal taket på Viervegen burettslag vera tett. Ordførar Andreas Bjorland, kommunedirektør Anne Berit Berge Ims og eigedomssjef Jan Erik Brudeli tar ein kikk. Prosjektleiar Vidar Åsen visar rundt. Bak står Øyvind Espeland, dagleg leiar i Espeland AS.
Om få dagar skal taket på Viervegen burettslag vera tett. Ordførar Andreas Bjorland, kommunedirektør Anne Berit Berge Ims og eigedomssjef Jan Erik Brudeli tar ein kikk. Prosjektleiar Vidar Åsen visar rundt. Bak står Øyvind Espeland, dagleg leiar i Espeland AS. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kor mange kommunale årsverk som skal knytast til burettslaget er ikkje heilt avklart, men Ims seier ho har eit håp om ein synergieffekt med dei andre kommunale omsorgstilboda i nærleiken.

Då skisseprosjektet vart lagt fram i fjor vinter, gjorde kommunen rekning med at det ville vera tolv årsverk knytt til bebuarane i burettslaget, fordelt på 30 tilsette.

Det er Espeland AS frå Bjerkreim som har totalentreprisen. Betong- og tømrararbeidet tar dei sjølv. Til anna arbeid hentar dei inn andre underleverandørar frå regionen.

Ordførar Bjorland seier det er bra å nytta det lokale næringslivet:

– Når eg seier «lokalt», er det mange som trur eg meiner Hå, men det må det ikkje vera. Eg vil jo at Hå-verksemder skal ha høve til å vinna kontraktar utanfor kommunen, òg.