Lene Stangeland fortel at ho har ansvar for butikkdelen av drifta. Når klokka bikkar 10 har ho framleis ikkje fått på seg uniformen, ei rødrutete skjorte.
Lene Stangeland fortel at ho har ansvar for butikkdelen av drifta. Når klokka bikkar 10 har ho framleis ikkje fått på seg uniformen, ei rødrutete skjorte. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Me har flytta heile butikken på tre dagar. Det har vore harde bod, og lite søvn, seier «The Grillfather» Roy Søyland.

Det har gått slag i slag sidan Lavinia AS, selskapet som dreiv Il Tempo, blei slått konkurs 17. april.

Full fart like før opning.
Full fart like før opning. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ti minutt før opning legg Søyland dei siste kjøtstykka klare i disken. Sambuar Lene Christine Langeland har funne fram støvsugaren og har ikkje fått på seg uniforma enno.

– Det har vore litt armar og bein, seier Langeland.

– Men me har fått 98 prosent på plass, så det er me fornøgde med, seier Søyland.

Uteservering ved parkeringsplassen

Grillentusiasten opnar i dag butikken, som er flytta frå Njærheim.

– Det er heilt nytt for oss å kome inn på eit kjøpesenter. Me har hatt mykje gode kundar på Nærbø, og satsar på enda betre sal når me kjem her til Bryne, seier han.

Den amerikanske dineren skal etter planen opne i slutten av mai. Framleis heng Il Tempo sitt konsept igjen.
Den amerikanske dineren skal etter planen opne i slutten av mai. Framleis heng Il Tempo sitt konsept igjen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Søyland har også planar om ein amerikansk diner i lokala ved sida av butikken, som skal stå klar om nokre veker. I forbindelse til den, vil han ha ei uteservering ved parkeringsplassen.

– Her skal me ha bord og stolar, og så skal grillen stå der borte ved inngangen til kjøkkenet, fortel han, og viser til eit område inntil fasaden med hendene sine.

Inntil ytterveggen ved restauranten håpar Søyland å få plass til 50-60 sitjeplassar.
Inntil ytterveggen ved restauranten håpar Søyland å få plass til 50-60 sitjeplassar. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Han håpar på 50 til 60 sitjeplassar utandørs.

– 80–90 prosent av maten som skal serverast i restauranten blir laga på store «smokers» frå Texas, også på vinteren.

Søyland trur det vil ta eit par månader før han kan tilby servering ute, men håpar den 70-tals inspirerte dineren inne kan opne så fort som mogleg.

Først må han få svar på søknaden om skjenke- og serveringsløyve frå Time kommune.

Roy Søyland har lagt bak seg tre arbeidsame døgn når han opnar gitteret i Il Tempo sine gamle lokale torsdag føremiddag.
Roy Søyland har lagt bak seg tre arbeidsame døgn når han opnar gitteret i Il Tempo sine gamle lokale torsdag føremiddag. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Dei begynner å måle neste veke. Målet er i slutten av mai, til Jærdagen, men det er ikkje sikkert det går. Me satsar på at kommunen er kjappe på labben.

– Fascinert over folk som får til sånn som dette

Det er ingen straum av kundar når gitteret opnar for første gong. Men «The Grillfather» fortel at han ser fram til fredag.

– Korleis trur du dagen i dag blir?

– Eg veit ikkje, me får nesten berre sjå, men eg trur dagen i morgon blir veldig bra. Då kjem importøren av grillane me sel, og grillar mat på stand ute på plassen.

Emil Steira er på besøk hos vennar på Bryne, og tok i same slengen turen innom Smaken av landet.
Emil Steira er på besøk hos vennar på Bryne, og tok i same slengen turen innom Smaken av landet. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ein av kundane Jærbladet treffer i den ferske butikken torsdag, er Emil Steira. Han er frå Sandnes, men har budd på Nærbø tidlegare, og vore innom butikken då den låg der.

No har han budd på Dagali utanfor Geilo i over 30 år, og dreiv før med eit lite utsal der. Han skildrar seg sjølv som spesielt interessert.

– Eg måtte jo innom og kikke når dei opna her. Eg er veldig fascinert over folk som får til sånn som dette, og det veldig bra at folk bruker det, seier han.

Noko av utvalet i butikkhyllene.
Noko av utvalet i butikkhyllene. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Også Ingvar Gilje frå Lye var innom for å kikke. Han har ikkje vore på butikken på Nærbø før.

– Det er alltid litt spennande med nye konsept, seier han.