– Elevane mine lurer sånn: Kvifor står ordføraren utanfor?
Læraren spør, og Andreas Vollsund (H) svarer:
– I dag utsette me saka om felles ungdomsskule, fordi me tykkjer at Klepp skal betala noko meir.
– Er det sant?!
Læraren er overgjeven, men ordføraren har tru på at utsettinga ikkje vil ha noko å seia for framdrifta med å førebu ein felles skule.
– Me er for, men me får ikkje reknestykket til å gå opp. Me synest ikkje det er rett og rimeleg at Time skal betala for heile ombygginga. Det burde Klepp òg vera med på, fordi det er for å ta imot nye elevar frå dei at Time bygger om.
Samrøystes formannskap
Samanslåinga om eitt år er framleis målet, men formannskapet i Time var onsdag samde om ikkje å gå vidare med avtaleutkastet.
Ordføraren sette sjølv fram utsettingsforslaget:
Kostnaden for å leggje til rette for fleire elevar skal delast mellom begge kommunane, sidan tilpassingane vil kome både Klepp- og Time-elevar til gode.
Klepp slepp å betale seg inn i eksisterande bygningsmasse, men det er rimeleg at kommunen bidreg til nye tilpassingar, både ute og inne.
Time formannskap ber administrasjonen innleie dialog med Klepp kommune om dette.
Har kapasitet
Etter at Klepp fekk veta kva det ville kosta å renovera Orstad skule, der elevane startar i første klasse og går ut i tiande klasse, såg kommunen seg om etter alternativ til ei full renovering.
Kommunalsjef samfunn og kultur, Målfrid Hannisdal Teigen, skreiv til Time kommune for å høyra kva som skal til før ungdomsskuleelevane frå Orstad kan gå i lag med elevane på Frøyland ungdomsskule.
Tilbakemeldinga frå naboen var oppløftande – ungdomsskulen har god kapasitet og treng ikkje store tilpassingar.
Kostnaden for å tilpassa bygget og uteområda skulle Time dekka, førespegla kommunedirektør Trygve Apeland i brevet som vart sendt i vår.
Han meinte at ein felles Orstad/Frøyland ungdomsskule samla sett er til det beste for ungdommane på Kvernaland.
Politikarane i Time var samde, og bestemte før sommaren å be kommunedirektøren om å utarbeida forslag til vertskommuneavtale om felles ungdomsskule.
Klepp slepp stor investering
I mai vedtok Klepp-politikarane eit forprosjekt for Orstad skule med ei kostnadsramme på 187 millionar kroner.
Dersom kommunestyret hadde gått for å halda på 1 til 10-skulen, ville kommunen måtta legga på ytterlegare 83 millionar.
Kommunestyret bestilte dialog med Time, og sist måndag vedtok eit samla Klepp formannskap det same avtaleutkastet som Time sa nei til på onsdag.
Formannskapet i Klepp sende vertskommuneavtalen vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Men utan ein motpart, er det ikkje mogleg å vedta avtalen – det blir som å gjera opp rekning utan vert.
Vollsund seier at han gav beskjed til ordførarkollega Kjetil Maudal (Frp), før han sette fram utsettingsforslaget.
Ønsker meir
Kommunalsjefen i Klepp føreslo i førespurnaden til Time at kostnaden til bygg kan dekkast gjennom eit påslag i husleiga.
Kommunedirektøren i Time la løysinga med 5 prosent av brutto driftsutgifter til grunn i svaret han sende i mars.
Dette skal vera vanleg ved vertskommuneavtalar; den same løysinga skulle nyttast ved det nye hjelpemiddellageret Klepp planlegg på Tu, som skal vera felles for Klepp og Time.
Ifølge saksframlegget til politikarane i Time skal husleigeinntektene frå Klepp kommune finansiera dei samla utgiftene Time kommune har knytt til samanslåinga.
Skuleåret 2026/27 utgjer påslaget 520.000 kroner. Formannskapet hadde ikkje særleg tru på at det dekker utgiftene.
Beløpet skal dekka både reinhald, vedlikehald, straum, og det at naboen kjem til ein eksisterande bygningsmasse, der delar ennå ikkje er nedbetalt.
Forklaringa på at Time har kapasitet til å ta imot Klepp er at dei bygde ein etasje med klasserom over Kvernhallen, for å ta møta framtidig vekst i elevtalet. Bygget var nytt i 2018.
– Inngangsprisen for Klepp er rimeleg, og det skal han vera. Me skal vera rause, men han var vel rimeleg, sa Vollsund då han la fram forslaget sitt.
Oppgradering inne og ute
Bodskapen frå formannskapet er at påslaget er greitt, men at Time og Klepp bør dela dei ekstra tilpassingane inne og ute.
Ole Jørgen Alstadsæter, gruppeleiar i Time Høgre og medlem i formannskapet, støtta naturlegvis ordføraren sin.
Samstundes presiserte han at det ikkje nødvendigvis er slik at Time og Klepp endar opp med å dela investeringskostnadene 50/50 – fordi det ikkje er rimeleg å lasta naboen for utgifter Time uansett ville hatt.
Ifølge saksframlegget, må dei utvida fasilitetane for personalet for å gjera plass til cirka 10 ekstra årsverk. I tillegg må dei utvida og rehabilitera kunst- og handverksavdelinga.
Time må kvalitetssjekka ventilasjonssystemet i eitt av bygga, og ta høgd for utvida krav til uteareal, som følge av elevauken.
Dei skal oppgradera og tilpassa uteareala mellom barneskulen og ungdomsskulen på Frøyland. I tillegg kjem ei etterlenga ballflate framfor ungdomsskulen.
Stoppar ikkje opp
Læraren Vollsund møtte utanfor Kvernhallen, visste ikkje kva ho skulle tru om nyheita frå ordføraren.
Han forsikra at arbeidet med å førebu samanslåinga ikkje stoppar opp som følge av utsettinga.
– Men det blir vel ikkje lik byggestart dersom Klepp seier nei? innvende ho.
– Viss dei seier nei, så blir det ikkje det. Men eg trur ikkje dei vil seia nei, svarte ordføraren.
Time kommune har sett av 500.000 kroner i haust til å laga eit forprosjekt til å planlegga tilpassingane som trengst.
Håpet er at kommunedirektørane i Klepp og Time står klare med eit nytt avtaleutkast allereie til neste møterekkje.
.