Hageavfall skal ikkje i den brune dunken. Faktisk er det lovpålagt å skilja det frå matavfallet, sjølv om begge delar er organisk.
Matavfallet blir nytta til å laga biogass på Grødaland, medan hageavfallet blir til kompost på Sele.
I Klepp og Time har dei innført ein eigen hageavfallsdunk. Det har dei ikkje i Hå. For å halda utgiftene nede, vil dei at innbyggarane sjølv skal levera hageavfallet sitt til gjenvinning. Det kan dei gjera ved gjenvinningsstasjonen Pytten utanfor Nærbø.
Nå som det er høgsesong, har dei utvida repertoaret med tre ubetente hageavfallstasjonar:
- Nylund industriområde (Sirevåg).
- Stokkalandsmarka industriområde (Vigrestad).
- Tjemslandsmarka industriområde (Varhaug).
Stasjonane er oppmurte firkantar der innbyggarane kan tømma hageavfallet sitt.
Mold og grus, store greiner og store hekkplantar og røter må framleis leverast inn på Pytten.
Det er tredje året på rad kommunen tilbyr denne ordninga.