Denne hytta kan bli di.
Denne hytta kan bli di. Foto: Håvard Ovesen

Som Jærbladet tidlegare har skrive, må bygga som i dag står på torget vika plassen for den kommande Torvundparken. Det er snakk om eit offentleg toalett, gatekjøkkenet Marino og hovudkvarteret til Taxi Nærbø. Alle tre bygga skriv seg tilbake til 1980-talet.

Marino og Taxi Nærbø eig bygga sine sjølv, men det er kommunen som eig grunnen dei står på. Det er òg kommunen som eig det offentlege toalettet.

Kommunen har sagt opp leigekontrakten med dei to verksemdene, som har fått frist til 1. juni med å flytta frå torget.

Nå er dei på veg ut. Gatekjøkkenet er lagt ut for sal. Ifølge annonsen lagt ut på Facebook, kan utstyret og hytta anten selgast samla eller kvar for seg. Prisantydinga er på 200.000 kroner. Publikum blir oppfordra til å gje bod.

Gatekjøkkenet på torget er lagt ut for sal til høgstbydande.
Gatekjøkkenet på torget er lagt ut for sal til høgstbydande. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Nabo Taxi Nærbø har òg tatt til Facebook, men går endå meir drastisk til verks. Dei lovar å gje vekk heile hytta mot henting.

Dag Jøran Sivertsen fortel at han har fått mange førespurnadar om hytta.

– Men eg trur det er ein del som fell av når dei ser kor stor ho er, seier han.

Han tippar at hytta er mellom 40 og 50 kvadratmeter stor.

– Du vil ikkje ha ho, du då? Her er fullt mogleg å bu, med alt du treng, utanom dusj, lokkar Sivertsen.

I salsposten på Facebook blir hytta omtalt som eit solid bygg med mange bruksområde, eigna for lager, kiosk, kontor og anna.

Sivertsen seier at sjølv om det har vore folk som har sagt at dei er interesserte, trur han ikkje heilt på det før han ser at hytta er vekke.

Nærbø Taxi har funne nye lokal rett ved Torgsenteret, 150 meter unna. Dei er allereie i gang med flyttinga.

– Me må få gang, seier Sivertsen.

Arbeidet med Torvundparken begynner allereie til sommaren. Målet er at han skal vera klar i løpet av neste år.

Det offentlege toalettet skal rivast over sommarferien.