Kalberg, nord i Time og Klepp, har i kommunale planar blitt sett av til kraftkrevjande industri. Det betyr blant anna datasenter.
Det er omstridt, men eit knapt politisk fleirtal har sett to klare fordelar: Lokal verdiskaping og moglegheita til å få ein ny omkøyringsveg rundt Kvernaland og Orstad.
Bak planane står Time Energipark, eit samarbeid mellom Masiv Eiendom, IKM Eiendom, Stangeland Gruppen, Stangeland Maskin og Green Mountain Holdings AS.
Omkøyringsveg
Tanken har vore at dei som har fordel av å bygga ut området, som vil generera meir trafikk, òg skal finansiera vegen, som er venta å kosta i overkant av ein milliard kroner.
I utgangspunktet sette politikarane som føresetnad at heile omkøyringsvegen skal vera på plass før det kan etablerast næring på Kalberg. Dette har utbyggarane signalisert at ikkje er aktuelt for dei.
Som svar opna det politiske fleirtalet i utval for lokal utvikling (ULK) nyleg opp for at vegen kan byggast ut trinnvis.
Samtidig ville dei sikra seg at heile vegen blir bygd ut og sette, etter initiativ frå Høgre, derfor fleire krav.
Blant anna krev dei at det må ligga føre ein bankgaranti eller liknande for bygginga av heile vegstrekket og at minst 20 prosent av kvart delområde på Kalberg blir sett av til industri som kan nytta overskotsvarmen frå datasenteret.
Hemmeleg notat
Onsdag ettermiddag kunne Jærbladet melda om eit juridisk notat, utarbeida på oppdrag frå kommunen, som sår tvil om at desse krava er gyldige.
Notatet er av omsyn til kommunen sin forhandlingsposisjon unntatt offentlegheita, etter vurdering både frå advokatfirmaet Sekse & Co, som har utarbeida det, og kommuneadministrasjonen.
Hemmeleghaldet førte til økt temperatur i kommunestyresalen. Særleg Kjell Olav Stangeland (Ap) var kritisk. Han likte ikkje politikarane først fekk sjå notatet kvelden før dei skulle diskutera saka og likte heller ikkje at det blei lagt opp til at dei delane av diskusjonen som handla om sjølve notatet skulle gå for lukka dører, slik ordførar Andreas Vollsund la opp til.
Vollsund varsla at innstillinga frå utval for lokal utvikling kom til å bli trekt til fordel for eit nytt forslag, og meinte derfor det ikkje var grunn til å bruka særleg mykje tid på diskusjon av det hemmelege notatet.
Det tok likevel nærare ein time frå dørene blei lukka til den offentlege delen av diskusjonen tok til.
Ny vri frå Høgre
Her handla det særleg om to alternativ. Det første er ein velkjend posisjon, som Senterpartiet sin Tarald Magne Oma fremja allereie før møtet blei lukka. Han føreslo å «kutta tvert» og avslutta heile planarbeidet på Kalberg.
Det andre, som var litt meir uventa, var at Ole Jørgen Alstadsæter og Høgre gjekk inn for det same i si alternative innstilling.
Det vil seia, forslaget frå Høgre var at kommunestyret ikkje skal gå vidare med områdeplan og detaljregulering for Kalberg på dette, men at, dersom Time Energipark skal få frist på seg fram til 1. desember med å legga fram eit juridisk bindande tilbod om å bygga heile omkøyringsvegen og setta av 20 prosent av areala på Kalberg til verksemder som kan nytta restvarme frå den kraftkrevjande industrien.
Kjem dei med eit tilbod, skal kommunedirektøren vurdera dette og legga det fram for kommunestyret 9. desember.
– Me føreslår at dei sjølv skal utarbeida ein avtale som sikrar intensjonane i vedtaket frå utval for lokal utvikling, sa Alstadsæter.
Han la til at Høgre ikkje kan godta ein avtale som ikkje sikrar at heile vegen blir bygd ut i eitt strekk eller at ikkje minst 20 prosent av næringsarealet blir sett av til bruk av restvarmen.
– Då får eventuelt planen skrinleggast, sa Alstadsæter.
Vegen viktigst
Arbeidarpartiet støtta forslaget, om enn ikkje særleg entusiastisk.
– Då me for ein del år sidan nå stemte for arealplanen, var me villige til å ofra ganske mykje for å sikra ein omkøyringsveg, sa Stangeland.
Arbeidsplassane som i si tid blei lova var òg viktige for Ap, sa Stangeland og slo fast at akkurat dette løftet hadde utbyggarane seinare sprunge frå.
Stangeland sa at for partiet hans, er omkøyringsvegen «det absolutt essensielle».
– Ut frå debatten i det lukka møtet ser me at me er best tent med å stemma for forslaget frå Høgre, sa han.
Anders Undheim frå KrF var hakket meir oppstemt enn Arbeidarpartiet sin representant. Han var opptatt av at omkøyringsvegen må på plass så fort som mogleg og meinte at Høgre sitt forslag kan snu på flisa og få fortgang i prosjektet.
– Og hadde eg vore i styret i Green Mountain hadde eg gjeve gass så det kvein etter, sa han.
Undheim viste til at det både i Norge og resten av Europa teiknar til at det kjem strengare regime for utbygginga av datasenter og meinte datasenteraktøren bør nytta høvet.
På den andre sida, meinte han, bør lokalpolitikarane i Time ha is i magen.
– Tida jobbar for oss. Dei areala me har liggande på Kalberg trur eg berre blir meir og meir etterspurd, sa han.
– Innbyggarane må få noko igjen
Elida Salte-Sagici (Frp) sa at partiet hennar er veldig positive til næringsutvikling og ønsker å legga til rette for nye etableringar og arbeidsplassar i kommunen.
– Me heiar på dei som ønsker å investera og skapa noko på Kalberg og ønsker at utviklinga kjem i gang så fort som mogleg, sa Salte-Sagici.
Då saka var oppe i utval for lokal utvikling, var det opphavlege forslaget til kommunedirektøren å opna for trinnvis utbygging av vegen, utan dei strenge føresetnadane det politiske fleirtalet seinare la til.
For Salte-Sagici sin del kunne ho gjerne gått for kommunedirektøren si opphavlege innstilling.
– Samtidig ser eg det er fornuftig å tenka langsiktig og sørga for at innbyggarane på Kvernaland får noko igjen. Det er avgjerande å sikra at heile vegen blir bygd og at me ikkje risikerer å berre sitta igjen med delar av han, sa ho.
– Nok er nok
Endre Vollsund (V) sa at Venstre heile vegen har vore imot den planlagde utbygginga på Kalberg. Han sa at partiet på landsbasis er opptatt av at det må komma eit strengare rammeverk for utbygging av datasenter og kraftkrevjande industri.
– Det handlar ikkje om at me er imot utviklinga, men om kva utvikling me ønsker, kven som skal tena på ho og kven som skal betala prisen. Både kraft og areal er avgrensa ressursar. Me støttar Senterpartiet sitt forslag om å avslutta Kalberg-planen, sa han.
Øystein Nereng (SV) oppsummerte Kalberg-saka som årevis med tulling, fram og tilbake, krumspring og triks i ludo.
– Nå er det tid for å seia at nok er nok, sa han.
Han viste til det hemmelege juridiske notatet og sa at notatet peiker på problem rundt vedtaka som har blitt gjort og som gjer at Time SV i meiner det er på tide å setta foten ned. Han varsla at dei ville støtta Sp sitt forslag om å setta kroken på døra.
– Med Høgre sitt forslag risikerer med å vedta ein modell som ser trygg ut på papiret. Me må vita at det me vedtar held juridisk og at ikkje kommunen blir sittande igjen med ansvar for ein veg som me ikkje har finansieringa til å bygga eller at me må betala til Time Energipark eller eigarane deira, sa Nereng.
Nereng innsåg at det neppe ville bli fleirtal for Senterpartiet sitt forslag og fremja derfor eit tilleggsforslag til forslaget frå Høgre. Han ville be kommuneadministrasjonen gjera ei grundig juridisk vurdering av kva handlingsrom som eigentleg ligg i rekkefølgekrav.
Tar ein sjanse
Det fekk Ole Jørgen Alstadsæter til å presisera at òg dei vil ha ei juridisk vurdering før eit eventuelt tilbod frå Time Energipark blir lagt fram for politikarane.
Ordførar Vollsund slo fast at forslaget frå Høgre inneber ein risiko.
– Me risikerer at det ikkje blir utbygging på Kalberg. Det er me klar over. Men me vil ikkje ha utbygging for ein kvar pris. Dei må løysa vegutfordringa, elles blir det ei belastning på lokalbefolkninga på Kvernaland som me i Høgre ikkje kan godta, sa han.
Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Industri- og næringspartiet stemte for Senterpartiet sitt forslag om å parkera Kalberg-planane for godt. Men dei fire partia har berre åtte stemmer til saman, det var ikkje nok til å sikra fleirtal.
Det gjorde derimot stemmene til Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet. Dermed er det opp til Time Energipark å føreslå ein avtale som garanterer ny omkøyringsveg rundt Kvernaland.