I arbeidet med dobbeltsporet vedtok formannskapet å be Bane Nor om å sjå på alternative lokaliseringar for driftsbasen på Bryne.
Med dobbeltsporplanen som kommunestyret vedtok 17. september, har ikkje Bane Nor forplikta seg til å gjera noko som helst.
Forklaringa er at det aldri var ein del av bestillinga til planleggarane, meiner kommunalsjef samfunn Reid Ivar Bjorland Dahl.
Veka etter at kommunedelplanen vart vedtatt i Time, var han éin av fleire frå kommunen som møtte planleggarane til Bane Nor.
Temaet var ei næringstomt nord for Bryne, som kommunen har spelt inn som alternativ plassering.
– Dette er noko me som kommune pushar på for å få til. For det første meiner me det kan tena Bane Nor, og for det andre er det stort potensial for byutvikling og transformasjon her.
Byutvikling
I referatet frå møtet understrekar Time kommune:
«Flytting av driftsbasen ut av Bryne sentrum vil frigjøre en forholdsvis stor sentralt tomt som kan utvikles til sentrumsformål (bolig, kontor mm), og vil kunne bidra til ønsket byutvikling. Dette er viktig for Time kommune.»
I haust har kommunane langs Jærbanen forplikta seg til å jobba for å skaffa pengar til detaljplanlegging og bygging av dobbeltspor på Jærbanen.
I den politiske saka peikar kommunane på at dei planlegg ut frå statlege retningslinjer, om å fortetta rundt kollektivknutepunkta. Eigaren av driftsbasen på Bryne, Bane Nor, er eit statleg selskap.
– Heile strategien går ut på at ein utviklar innanfrå – frå sentrumsområda og utover. Derfor er dette midt i blinken, her er det eit stort potensial for å transformera, seier Bjorland Dahl om dagens driftsbase.
Nok plass i Vardheia
Med på møtet var plansjefen i Klepp, Trygve Valen, ettersom næringstomta i Vardheia ligg nord for kommunegrensa.
– Saman med Klepp har me funne eit passande areal og synleggjort overfor Bane Nor at det er stort nok, seier kommunalsjefen.
Det meste av arealet, som må vera minst 350 meter langt, skal det vera plass til innanfor næringstomta i Vardheia.
Området er regulert til kontor, industri og lager. Ei eventuell flytting vil krevja endring av kommune- og/eller reguleringsplanen.
Det er berre skjenene som skal knytast saman med Jærbanen, som vil krevja omdisponering av noko areal med LNF-formål.
Liker dagens base
Bane Nor stilte la fram generelle vurderingar av kva som må til for å flytta driftsbasen til Vardheia.
Utgangspunktet deira i møtet, ifølge utskrifta av presentasjonen, er at dagens base er viktig for drifta av jernbanen.
Ut frå eit reint «jernbaneperspektiv» er basen veldig godt plassert, både med tanke på utrykking, feilretting og vedlikehald.
Samstundes manglar han enkelte funksjonar, noko som er heilt naturleg ettersom det blir stilt strengare krav til nyetablerte basar.
Kvalitetskrava til bygg og anlegg er blitt skjerpa når det gjeld tilgjenge, areal, tilkomst, fasilitetar, snuplassar og tryggleik.
Opp mot 300 millionar
Lista er heller ikkje uttømmande, presiserte Bane Nor, som har estimert pris og arealbehov:
«Flytting av driftsbasen vil medføre kostnader i størrelsesorden 250 mill. til 300 mill. kr og kreve et areal på minst 19 daa.»
Kommunen peika på at tomta der dagens driftsbase ligg, truleg har ein høg økonomisk verdi, som bør takast med i reknestykket.
Kommunedirektør Trygve Apeland seier at det til sist er opp til Bane Nor kva som skjer i Vardheia.
– Det er ikkje me som skal kjøpa, eventuelt sikra, tomta. Det må det vera Bane Nor som gjer, men me kan vera med og fasilitera.
Stort byggeprosjekt
Ein ny base treng sikringsanlegg, kontor (med møterom og spiserom), parkering, tilkomstvegar og teknisk hus.
Vidare trengst det lager, verkstadareal og garasje/hall til skjenegåande materiell, ifølge Bane Nor sin presentasjon.
I tillegg kjem kostnadene til masseutskifting og riving av den gamle basen.
Basen i Vardheia må ha tilgang frå Jærbanen og ein sporvekslar i begge endane, for å kunna koma raskt ut.
Det er ikkje vurdert kor mange spor som trengst, men tre kortare for arbeidsmaskinar og eitt langspor til oppbevaring, er nemnde.
Vidare må det etablerast ein teknisk «stasjon» i signal- og sikringssystemet til Jærbanen, med tilhøyrande sikringssoner.
Må treffa dei rette folka
Etter det innleiande møtet, der kommunalsjefen tok med seg signal om at tomta i Vardheia er eigna for ein framtidig driftsbase, tar kommunedirektør Trygve Apeland over dialogen med Bane Nor.
Han seier at flyttinga ikkje er noko som skjer i morgon, men at det er nokre viktige brikker som blir lagde nå.
Ettersom dobbeltsportoppdraget ikkje inkluderer flytting av driftsbasen, må Apeland og Time gjera ein jobb for å overtyda Bane Nor.
– Me må treffa dei rette folka, som kan vera med og gje bestilling om flytting. Eg trur dette kan vera vinn–vinn for alle. Både for dei, som får ein tidsriktig base når dobbeltsporet kjem, og for oss, som får frigjort og utvikla potensialet i arealet midt i sentrum.
Kommunedirektøren har bede om eit møte, men det er ikkje sett dato.