Det er ikkje nok plass til legar på Nærbø. Slik har det vore lenge. Rett nok har dagens helsesenter fått ei sårt trengt oppgradering, men oppgraderinga har ikkje frigjort særleg mykje meir plass til fleire legar.
Berre éin til lege blei det plass til, og for å få plass til denne, måtte nokre av spesialromma ofrast.
Som Jærbladet har skrive tidlegare, vil det, i løpet av åra som kjem, trengast plass til fem nye legar på Nærbø, pluss turnuslege og andre typar helsepersonell, som sjukepleiarar, helsesekretær og liknande.
Ein gong i tida var tanken at eit legekontor nummer to kunne få plass i eit planlagt «sambrukshus» ved torget på Nærbø, men planane om sambrukshus blei etter kvart så omfattande og ambisiøse – og truleg ganske dyre – at ideen blei lagt på is.
Kommunen har sett av pengar til å sjå på ulike alternativ for lokal til eit nytt legesenter på Nærbø. Om dei skal kjøpa, bygga sjølv eller leiga, er førebels ikkje klart, men under eit møte i formannskapet før påske antyda eigedomssjef Jan Erik Brudeli at leige er den mest sannsynlege løysinga.
Kommunen skal allereie ha sondert marknaden.
Brudeli fortalde at eigedomsavdelinga er i dialog med tenesteområdet for helse og velferd om behova knytte til eit nytt legesenter. Dei er, i alle fall dels, dei same som dei behova som blei meldt inn i samband med sambrukshuset.
Nokre endringar kan likevel komma.
Brudeli sa at dei vil ta kontakt med aktuelle utleigarar anten rett før eller rett etter sommaren.
Til hausten, i samband med arbeidet med neste års budsjett og handlings- og økonomiplanen for dei kommande fire åra, skal politikarane diskutera løysinga administrasjonen har komme fram til.