– Eg liker tanken enormt godt, sa ordførar Andreas Bjorland då formannskapet nyleg diskuterte saka.
Neste gong det blir bygd ein ny barnehage i Hå, bør ein samtidig vurdera om ein skal oppretta ei spesialisert avdeling for barn med store behov for tilrettelegging. Det føreslår kommunedirektøren i den nye areal- og funksjonsplanen for barnehagane i kommunen.
Tanken er at den nye avdelinga skal dekka heile kommunen, litt etter modell frå Bø skule si avdeling for alternativ, tilpassa opplæring (ATO).
Alternativ for dei som treng det
Areal- og funksjonsplanen, som skal vera førande for nye barnehagar og eldre barnehagar som blir oppgradert, legg opp til at barnehagebygg skal vera universelt forma ut. På den måten kan dei fleste barn med behov for tilrettelegging lett inkluderast i barnehagen.
For enkelte ungar med store og samansette vanskar, kan det likevel vera behov for eit alternativ. Derfor legg planen opp til at om det blir bygd ny barnehage i kommunen, skal det samtidig vurderast om ei eiga spesialisert avdeling for denne gruppa, kan vera føremålstenleg.
– Me veit kor positiv ATO-avdelinga er på Bø, sa Bjorland.
Han la til at om ei slik avdeling hadde vore på Bø, kunne ein òg ha fått til ein mjuk overgang til skulen.
– Då er du i miljøet med ungane og kan vera i lag med fellesskapet så langt det går. Det synest eg er ein skikkeleg god tanke, sa Bjorland.
Meinte integreringa har gått for langt
Det var fleire positive røyster rundt bordet.
Samtidig var ikkje alle einige om kor ein skulle legge lista.
Elin Hetland Mong meinte ønsket om at alle med behov for tilrettelegging til ei kvar tid skal integrerast med dei utan slike behov har gått for langt, noko som kan gå ut over dei med dei spesielle behova.
Mong trudde ungane fort kan kjenna på utanforskap i slike situasjonar, og at det å samla ungar med spesielle behov faktisk kan vera ei styrke, fordi det gjev tilhøyrsel.
Njål Sikveland (Ap) meinte at ei kommunedekkande og spesialisert barnehageavdeling for ungar med store behov for tilrettelegging kan vera med på å bygga opp eit større fagmiljø.
Han meinte og at det kan gjera samarbeidet med ATO-avdelinga på Bø skule lettare.
Sikveland la til at det er viktig at dei som går i ATO-avdelinga òg får vera med i den vanlege klassen, særleg dei første skuleåra.
– Då er det mykje dei kan vera deltakande i. Det gjeld å finna den rette balansen mellom å trekka dei heilt ut og vera ein del av ei gruppe utan dei same behova, sa han.
Marianne H. Osmundsen frå Frp var òg positiv. Ho la vekt på fagmiljøet og ein lettare overgang for dei barna som eventuelt skal vidare til ATO-avdelinga på Bø.
– Må vurderast nøye
Leiaren i Utval for oppvekst og kultur, Jan Harald Forsmo (uavhengig), var usikker på om ei eiga avdeling er rette vegen å gå.
– Det kjem litt an på korleis det kjem til uttrykk, sa Forsmo.
Han la til at det vel uansett vil vera valfritt for foreldra om barnet deira skal gå i nærbarnehagen eller i ei spesialisert avdeling.
Forsmo, som jobbar som kommunalsjef for kultur og oppvekst i Eigersund og har bakgrunn som skulesjef og rektor, sa at barn som regel kjem opp i femte klasse før foreldra deira søker dei over på denne typen tilbod.
– Eg er litt usikker på om me tar dei vekk frå dei andre barna i gata. I så fall snakkar me eigentleg om segregering, ikkje integrering. Dette må vurderast nøye, sa han.
Ordføraren svara at Forsmo hadde gode tankar rundt dette.
– For denne gruppa er det ikkje eitt svar. Det er klart det er mange som vil profittera på å gå i lag med jamaldrande. Skilnadane blir først større i høgare alder. Men så er det òg nokon der skilnadane er store allereie frå barnehagealder av, sa Bjorland.
Han fortalde at han hadde tatt spørsmålet opp med ei gruppe foreldre til barn med store behov for tilrettelegging.
– Eg spurde dei kva dei ville gjort om det fanst ei slik avdeling. Alle svarte at dei ville sendt ungane sine til Nærbø, sa Bjorland.
Han la til at om det kjem ei slik avdeling, må det vera eit fagleg godt tilbod og ligga ei fagleg vurdering bak når nokon blir tildelt plass.
Ikkje ATO
Elin Hetland Mong gav Forsmo rett i at faren for segregering er til stades, men la vekt på kva eit slikt tilbod kan gjera for dei føresette.
– Dette vil hjelpa dei. Det vil gje mindre total belastning på familien. Dei kan få tenester og tilbod same plass, og rettleiing knyta til overgangen til skule. Det kan òg vera ei avlasting for fagstabane våre. Men at det skal vera valfritt må vera sjølvsagt, sa ho.
Sikveland ville òg nyansera.
– Det er viktig at me ikkje må prøva å pensa alle inn i ei sånn spesialavdeling. Det ville vore unaturleg, mei i dei tyngste og vanskelegaste tilfella kan det vera føremålstenleg. Me må vurdera kvart tilfelle. Men at me kan bygga opp ei forsterka avdeling for dei som verkeleg treng det, utan å pensa alt inn der, det er klart, sa Sikveland.
Kommunalsjefen for oppvekst og kultur, Atle Straume, såg seg nøydd til å rydda litt opp i omgrepsbruken etter at fleire av politikarane hadde kalla den føreslåtte avdelinga for ei ATO-avdeling.
– Me har vore medvitne om å ikkje kalla det ei ATO-avdeling. Me har kalla det ei tilrettelagt avdeling som skal vera eit alternativ for ungar som treng det og foreldre som synest det er ein god idé, sa Straume.
Straume fortalde at han hadde snakka med foreldre til barn som går i ATO-avdelinga på Bø skule.
– På den ein eine sida seier dei at dei skulle ønska det fanst eit slikt tilbod når ungane deira gjekk i barnehagen, men på den andre sida er dei svært usikre på om dei ville valt det, sa Straume.
Kommunedirektøren kjem tilbake til spørsmålet om ei spesialisert, kommunedekkande tilrettelagt avdeling når ho legg fram barnehagebruksplanen for politikarane i haust.