Målet er å styrke bemanninga, redusere arbeidsbelastinga og bidra til at alle barn får eit trygt og godt pedagogisk tilbod – kvar dag.
Det skriv regjeringa i ei pressemelding torsdag.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier at det for regjeringa er viktig å sikre god bemanning i barnehagane.
– Når det er nok tilsette på jobb, får dei meir tid til kjerneoppgåvene sine, og barna får den oppfølginga dei skal ha, seier ho.
Mange kommunar og private barnehageeigarar opplever bemanningsutfordringar.
Totalt blir det brukt over 1,8 milliardar kroner på ekstra bemanning i norske barnehagar i 2026.
Pengane til toppa bemanning blir fordelte etter ein sats per barnehagebarn i kommunane.
Kommunane treng berre å takke ja til tilskotet, men før dei kan ta i bruk midlane må dei ha oppfylt .
Pengane kan ikkje bli brukte til å finansiere eksisterande årsverk, og ekstra årsverk som følge av ordninga kan ikkje inngå i barnehagen si oppfylling av den lovfesta bemanningsnorma eller .
Ordninga skal sikre ei reell styrking av bemanninga – utover dagens lovkrav, skriv regjeringa.
Så mykje kan jærkommunane få:
Kommunen kan velje å fordele midlane:
- til alle barnehagar i kommunen utan behovsprøving
- til alle eller eit utval barnehagar basert på lokale prioriteringar
- ved å prøve ut ei ordning på tvers av fleire barnehagar der private og kommunale barnehagar er representerte etter storleik
Pengane kan bli brukte til å tilsette fleire medarbeidarar, til dømes assistentar, fagarbeidarar eller barnehagelærarar.
Dei kan òg bli brukte til tiltak som avlastar og styrkar bemanninga, slik som ein kjøkkenassistent.
– Mange barnehagar har ikkje lenger eigne tilsette som til dømes lagar mat. Det betyr at det fell meir på dei tilsette som har hendene fulle med å passe på ungane. Med desse midlane kan dei tilsette få meir tid til barna, seier Nordtun.
Kunnskapsministeren understrekar i pressemeldinga at dei 800 millionane kronene til toppa bemanning ikkje åleine løyser bemanningsutfordringane.
– Lokale politikarar må òg prioritere bemanning i budsjetta sine. Som barnehageeigarar har kommunane ansvar for å sikre at det er nok tilsette til stades i barnehagen for å gi eit godt tilbod. Dei må sørge for at bemanninga er tilstrekkeleg og i tråd med barnehagelova. Alle barn skal møte ein trygg og godt bemanna barnehage – kvar einaste dag, seier Nordtun.