Dei har brukt sparekniven på alle saksfelt i kommunen, og fleire kjem. Men tysdag snudde fleirtalskameratane i Time på hælen og redda demenskoret slik det er i dag. Frå venstre Gaute Stokka (Frp), Inge Bjørnsen (Inp), Tarald Magne Oma (Sp), Ole Jørgen Alstadsæter (H) og Anders Undheim (KrF). Venstres Endre Vollsund var ikkje til stades.
Dei har brukt sparekniven på alle saksfelt i kommunen, og fleire kjem. Men tysdag snudde fleirtalskameratane i Time på hælen og redda demenskoret slik det er i dag. Frå venstre Gaute Stokka (Frp), Inge Bjørnsen (Inp), Tarald Magne Oma (Sp), Ole Jørgen Alstadsæter (H) og Anders Undheim (KrF). Venstres Endre Vollsund var ikkje til stades. Foto: Ingeborg Eliassen

– Ein kunne få inntrykk av at koret ville stoppa opp, så me meinte det var best å skjera gjennom. Poenget er at demenskoret består, seier Ole Jørgen Alstadsæter, gruppeleiar i Høgre i Time.

Tårene kjem hos 83-år gamle Karly Hjelle når ho får vita at dei folkevalde likevel skal finna pengar til profesjonell musikalsk leiing i demenskoret Minneblomen.

– Det er veldig gledeleg. Dette kuttet ville ha vore ein fadese av kommunen, seier den pensjonerte hjelpepleiaren.

– Eg jobba med demens i 49 år i Time og veit kva song betyr. Både på Bryneheimen og på Sivdammen gjorde me det heile tida: Me song og me song, seier Hjelle.

I dag følger ho med mannen sin, Trygve, til øvingar i demenskoret, der han begynte nyleg.

– Han syntest det var så kjekt at han helst ville ha gått dagen etter òg, fortel ho.

Kutta lønn til profesjonell leiing

Nyleg meldte Jærbladet det både politikarane sjølv og leiinga i Time demenskor har visst sidan i fjor vår:

I juni er det slutt på å betala kulturskulens musikkterapeut Torill Lode Bøylestad og musikar Arfon Owen til saman 130.000 kroner i året – eit 0,13 prosents årsverk – for å driva demenskoret i kommunen.

Dette er eit av svært mange kutt på alle saksfelt som til saman skal bidra til at kommunen reduserer kostnadene sine med 45 millionar kroner fram mot 2028.

Sterke reaksjonar

Reaksjonane på kuttet i demenskoret var harde, både i Jærbladet og i sosiale medium. «Til å grine av». «Skam». «Veldig trist», var tonen på Facebook.

Bak det tøffe omstillingsbudsjettet i Time står Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Industri- og næringspartiet. Berre Arbeidarpartiet og SV er ikkje med i budsjettfleirtalet, og i sitt alternative budsjett heldt Ap handa over demenskoret.

Gruppeleiarar for partia bak budsjettet i Time kommune. Frå venstre Gaute Stokka (Frp), Inge Bjørnsen (Inp), Tarald Magne Oma (Sp), Ole Jørgen Alstadsæter (H) og Anders Undheim (KrF). Venstres Endre Vollsund var ikkje til stades.
Gruppeleiarar for partia bak budsjettet i Time kommune. Frå venstre Gaute Stokka (Frp), Inge Bjørnsen (Inp), Tarald Magne Oma (Sp), Ole Jørgen Alstadsæter (H) og Anders Undheim (KrF). Venstres Endre Vollsund var ikkje til stades. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Har funne pengar

Tysdag morgon hadde også fleirtalspartia funne rom i budsjettet til å løysa situasjonen. Fem gruppeleiarar møtte Jærbladet på Rådhuset for å orientera om det dei er blitt einige om.

– Me forplikter oss til å justera budsjettet ved tertialrapporten i juni. Me har trass alt litt meir pengar enn før, seier Alstadsæter til Jærbladet.

Det har dei: Rekneskapen for i fjor viser at kommunen har fått kontroll over meirforbruk ved å gjennomføra ein kraftig snuoperasjon. Fjoråret endte med eit overskot på 107 millionar kroner.

Vil ikkje reversera andre kutt

Men saka er ikkje heilt enkel, meiner Tarald Magne Oma (Sp).

– For me skal jo kutta endå meir framover.

Nærmare bestemt 17 millionar kroner på årets budsjett.

– Så me har ikkje tenkt å opna pengesekken generelt, seier Anders Undheim (KrF).

– Folk treng ikkje komma og banka på døra, seier Gaute Stokka (Frp).

Det lakka mot slutten for dirigent Torill Lode Bøylestad og pianist Arfon Owen i demenskoret Minneblomen. Men etter påtrykk frå pårørande og andre involverte, har dei folkevalde snudd. Her koristar og frivillige i alle aldrar på øving i desember 2024.
Det lakka mot slutten for dirigent Torill Lode Bøylestad og pianist Arfon Owen i demenskoret Minneblomen. Men etter påtrykk frå pårørande og andre involverte, har dei folkevalde snudd. Her koristar og frivillige i alle aldrar på øving i desember 2024. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Garanti ut 2027

Men demenskoret skal nå likevel få tilbake pengane som skulle kuttast. Dei folkevalde seier dei er einige om å garantera dette for andre halvår 2026 – og at dette forpliktar også for 2027.

– Demens er den nye folkesjukdommen. Me har kjent spesielt trykk frå pårørande i denne saka, seier Oma.

– Me kan ikkje ta dette vekk, seier Stokka.

– Det gir folk med demens ein god kvardag, og viss det ikkje finst eit fagleg miljø der, er eg redd det vil gli ut.

Valde 'Inn på tunet'

Denne bekymringa var ikkje nok til å stansa vedtaket deira i fjor. Då gjekk diskusjonen for og imot, ifølge Inge Bjørnsen i Industri- og næringspartiet.

– Alle meinte at demenskor var viktig. Men me blei einige om å støtta 'Inn på tunet' i staden, seier han.

Inn på tunet gir folk med begynnande demens tilbod om å vera på gardar i distriktet og oppleva sosialt fellesskap, fysisk aktivitet og kontakt med dyr. Tiltaket ligg i budsjettet med 240.000 kroner i året.

Demenskoret er rett nok heller ikkje heilt ribba; det står igjen 20.000 kroner i året. Men det held til vaflar, saft og kaffi for alle koristar, pårørande og frivillige i løpet av eit år, seier ein av dei involverte.

Budsjettkameratane håpte at koret skulle kunne drivast ved hjelp av frivillige organisasjonar med eit mindre bidrag frå kommunen, eller at det skulle finnast private aktørar som ville sponsa verksemda.

– Me har ikkje lukkast med å få sponsorar. Men poenget er å gjera dette føreseieleg. Derfor må me garantera, seier Oma.

Millionar her, småpengar der

«Den nye folkesjukdommen» rammar stadig fleire. Time hadde i fjor 345 personar med demens, 91 fleire enn året før. Talet er venta å veksa til meir enn det doble innan 2050.

Økonomisk utgjer demenskoret «ein drope i havet», som ordførar Andreas Vollsund (H) sa då han gjekk i bresjen for tiltaket i 2023. I Time vil to andre satsingar gripa mykje djupare inn i kommunens budsjett framover.

– Me er i ferd med å bygga omsorgsbustader spesielt for demente på Kvernaland, seier Ole Jørgen Alstadsæter.

– Det neste er å bygga sjukeheim, seier Tarald Magne Oma.