Svarar varaordføraren: Demokratiet har mange andre legitime ytringsrom i tillegg til partipolitikken, skriv Bothild Å. Nordsletten.
Svarar varaordføraren: Demokratiet har mange andre legitime ytringsrom i tillegg til partipolitikken, skriv Bothild Å. Nordsletten. Foto: Privat

Varaordførar Gaute Stokka (Frp) held 3.april ein velkomsttale til Green Mountain i Jærbladet.

På tampen vender han seg til skeptikarane av den israelsk-eigde datasenteraktøren si etablering i jordbruksområde på Høg-Jæren.

Innbyggjarar som er opptatt av utviklinga i Time kommune, omtalar varaordføraren slik:

«Mange er opptatt av klage på det meste som rører seg i kommunen, ofte uten å hverken komme med alternative forslag eller engasjere seg i et parti som støtter deres syn på politikken.»

Stokka oppmodar derfor engasjerte innbyggjarar til å melda seg inn i eit politisk parti. På det viset, hevdar han, kan dei bidra i lokalpolitikken på den måten dei meiner er best.

Sjølve oppmodinga hans er grei.

Ordførar Andreas Vollsund (H) kom med ei tilsvarande ei, då Jærbladet intervjua han rundt nyttår. «Heller engasjera seg konstruktivt, melda seg inn i eit parti og bidra til løysingar – i staden for å vera nettroll», sa ordføraren.

Syng ut der du vil

Det er bra om folk tar kommunetoppane si oppmoding. Verda over er demokratiet i tilbakegang. Mange stader vinn kortsynte eigeninteresser fram over langsiktige fellesskapsbehov. Meld deg gjerne inn i eit parti og engasjer deg. Ikkje minst lokalt. Det er jo lokalt du lever livet ditt og kan påverka.

Samstundes er det viktig å minna om kor både legitimt og sunt det er for demokratiet at folk engasjerer seg, også utanfor partisystemet.

Ikkje alle kjenner seg heime nok i eit parti til å bli eit aktivt medlem. Det betyr ikkje at du ikkje har lov til å meina noko om utviklinga i samfunnet. Tvert om. Alle har rett til å ytra seg om det dei vil, anten som individ eller gjennom lag og organisasjonar, kultur, markeringar, lesarbrev, dugnad – eller innlegg i sosiale medium. Også desse kan vera konstruktive og løysingsorienterte kanalar for påverknad.

Og langt fleire av oss burde bruka dei. Seia kva me meiner om utviklinga på Jæren, og om kva den kan bli. Kommunetoppane si forståing av «vekst» og «utvikling» er jo ikkje så støypt i betong, som dei skal ha det til.

Rom for debatt

Eg trur det er fleire som har noko dei ville ha sagt, men som kvir seg for å ta ordet. Plattformene for samfunnsdebatt på Jæren er små og dei som seier noko blir veldig synlege.

Helst skulle me hatt lokale medium som viste veg og dreiv kritisk og gravande journalistikk. Som meinte noko, analyserte og kommenterte. Som sette det som skjer her i samanheng og perspektiv. Slike medium har me ikkje. Debatten på Jæren er dermed langt på veg avgrensa til ein ping-pong av lesarbrev i Jærbladet, og til tomlar opp og ned på nettet.

Det som finst av maktstrukturar og kultur, på godt og vondt, blir i lita grad utfordra. Dermed blir terskelen for somme som eigentleg ønskjer å ytra seg avskrekkande høg.

Desto viktigare, då, at innbyggjar som ytrar seg på skikkeleg vis, uansett kanal, ikkje blir skulda for berre å syta og klaga, men blir møtt med openheit og kunnskapsbasert argumentasjon.

Det beste alternativet

Til slutt: Varaordføraren etterlyser «alternative forslag» frå dei som er kritiske til kommunetoppane sine planar. Slikt kan ikkje varaordføraren krevja.

Det ligg ingen automatikk i at eit politisk initiativ må match’ast av dei som meiner initiativet er uklokt. Dessutan er det vanskeleg å koma i inngrep, all den tid innbyggjarane ikkje får kjennskap til politikken før den er vedtatt.

Men lat gå for denne gong, varaordførar. Når det gjeld det nye industriområdet de nå ser føre dykk på Høg-Jæren, er alternativet openlyst for alle som følgjer med i samtida: Lat matjord vera matjord.