Stasjonsvegen 26 kan i framtida få tre etasjar til.
Stasjonsvegen 26 kan i framtida få tre etasjar til. Foto: Håvard Ovesen

Tanken er at bygget som vender ut mot Stasjonsvegen kan brukast om igjen og byggast på med opp til tre ytterlegare etasjar.

Mellom 8 og 18 leilegheiter

Sjølve kraftfôrlageret, som ligg i bakkant, blir i dag nytta til lager og parkering. Dette kan, ifølge planforslaget, gjerast om til bustadar.

Totalt opnar planen, som nå er ute på høyring, opp for ein plass mellom 8 og 18 leilegheiter. Uteopphaldsplassar kan komma på toppen av kraftforlageret, i tillegg til flata som ligg ved sida av lageret, ut mot Rådhusgata.

Det gamle kraftfôrlageret midt på bildet kan bli til bustadar.
Det gamle kraftfôrlageret midt på bildet kan bli til bustadar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For å få det til, opnar kommunedirektøren opp for å gjera unntak frå kommunedelplanen for Varhaug sentrum sine solkrav for balkong og fasadar. Kommunedirektøren meiner det er viktigare at desse bygga blir tatt i bruk, noko som kan føra til fleire trivelege fasadar i sentrum.

For å sikra meir solinnstråling, set kommunedirektøren krav om 15 meters avstand mellom dei to punkthusa i bufellesskapet for seniorar, som skal byggast på sørsida av det gamle kraftfôrlageret.

Pizza i første etasje

Planen legg opp til næring, tenesteyting, forretning og bevertning i første etasje ut mot Stasjonsvegen.

Ei volumskisse henta frå planskildringa viser korleis dimensjonane på det gamle kraftfôrlageret på Varhaug kan bli ved ei framtidig utbygging. Til venstre på bildet er det kommande bufellesskapet for seniorar teikna inn. Til høgre ligg bustadblokkene Stasjonsvegen 26 og Ingridtunet. På andre sida av Rådhusgata er den foreslåtte utviklinga av «Ingridtunet» teikna inn.
Ei volumskisse henta frå planskildringa viser korleis dimensjonane på det gamle kraftfôrlageret på Varhaug kan bli ved ei framtidig utbygging. Til venstre på bildet er det kommande bufellesskapet for seniorar teikna inn. Til høgre ligg bustadblokkene Stasjonsvegen 26 og Ingridtunet. På andre sida av Rådhusgata er den foreslåtte utviklinga av «Ingridtunet» teikna inn. Foto: Foto: Hå kommune

I dag held restauranten Varhaug Stasjons Pizza & Grill til her. Restauranten flytta dit for fem år sidan, i samband med at det gamle kjøpesenteret Sentrumsgården, der dei tidlegare heldt hus, blei rive.

Ingen umiddelbare planar

Det er søskenbarna Andreas Horst Haugseng og Rassin Haugseng som eig bygget som ligg ut mot Stasjonsvegen. Horst Haugseng er òg dagleg leiar i Varhaug Parkering AS, som eig det gamle kraftfôrlageret.

Han seier til Jærbladet at det førebels ikkje er aktuelt å realisera planane.

– Ikkje på kort sikt, i alle fall, seier han.

Det gamle kraftfôrlageret på Varhaug kan bli leilegheiter med uteområde på taket og på mezzaninen foran.
Det gamle kraftfôrlageret på Varhaug kan bli leilegheiter med uteområde på taket og på mezzaninen foran. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Bygget som ligg ut mot Stasjonsvegen blei regulert til bustadblokk for fem år sidan, då sentrumsplanen for Varhaug blei vedtatt. For Haugseng var det viktig å sørga for at denne reguleringa ikkje blei endra.

– Me vil ha moglegheitene opne, seier han.

Fristen for å komma med innspel til detaljreguleringsplanen er 21. juni.