Private utbyggarar skal bygga eit bufellesskap for personar over 55 år i Varhaug sentrum. I kjølvatnet kan ein venta store endringar i den nordre delen av Varhaug sentrum.
– Dette kjem til å bli knallbra og eit skikkeleg løft for kommunen, sa plansjef Ole von Erpecom Vikse då han i Utval for samfunn i april presenterte forslaget til ei ny detaljregulering for området.
Forslaget er utarbeida av kommunen i samarbeid med arkitektfirmaet Helen & Hard og Ineo eigedom.
Bufellesskap i seks etasjar
Det er sistnemnde som står bak bufellesskapet. Dei vil bygga om lag 50 leilegheiter fordelt på to , begge på seks etasjar – dei to siste trekte litt inn for å unngå at bygga blir for dominerande. Dei to punkthusa skal koplast saman av eit tredje, lågare bygg med fellesareal.
På det høgaste kan bufellesskapet bli 19 meter høgt.
Tanken er at her skal personar over 55 år kjøpa seg inn i leilegheiter med livsløpsstandard. Grunnen til at det blir kalla bufellesskap er at det skal ha store fellesareal og fleire kollektive løysingar, til dømes ei ordning med bildeling.
Leilegheitene skal vera av ulik storleik. Målet er ein kvadratmeterpris på 70.000 kroner.
Ineo skal òg bygga eit tilsvarande bufellesskap på Nærbø.
Samla 400 underskrifter mot bygging
Lokalt på Varhaug har det vore ein del skepsis til planane, særleg sidan utbygginga vil skje på delar av den mellombelse parken som kommunen anla på området der det gamle handelslaget stod.
Blant anna blei det sett i gang ein underskriftskampanje som fekk over 400 underskrifter. Kommunen har sidan i haust fått mange tilbakemeldingar om andre lokasjonar folk meiner vil passa betre for bufellesskapet.
Rett nok opnar lovverket for at om to prosent eller tre hundre av innbyggarane i ein kommune skriv under på eit krav om at kommunestyret skal ta ei sak til ny behandling, skal dei det, men dette gjeld berre om kommunestyret ikkje har behandla saka tidlegare i same periode. I dette tilfellet har kommunestyret det.
I staden blei underskriftene tatt inn som merknadar til planforslaget. Kommunedirektøren valde å ikkje ta dei til følge. Grunngjevinga var blant anna at dagens park alltid var meint å vera mellombels, at detaljreguleringa som nå ligg føre legg opp til ein ny, permanent park, og at plasseringa av bufellesskapet har blitt klarert gjennom fleire politiske rundar.
Einvegskøyring og gågate
Sentralt i det som blei lagt fram i Utval for samfunn handlar var det som blei omtalt som gode møteplassar. Blant anna brukte utvalet mykje tid på å diskutera uteområda.
Dette er dei viktigaste grepa for trafikken:
- Einvegskøyring i Rådhusgata med innkøyring frå Skrågata og utkøyring i Stasjonsvegen
- Delar av Rådhusgata blir ein del av parken, og dermed stengt
- Den nordlegaste delen av Rådhusgata er innkøyring for fleire bustadar og skal haldast open for bilar. På same tid blir gata regulert til gatetun. Det betyr blant anna at her blir det anna belegning enn asfalt
- Rådhusgata mellom Skrågata og Stasjonsvegen blir snevra inn til 3,5 meter og regulert til sambruksområde – det som tidlegare var kjend som shared space – i praksis betyr det at bilar må køyra i gangfart og at trafikken skjer på fotgjengarane sine premiss
- Fleire fortau skal bli breiare for å gje rom for fleire funksjonar
- Uelandsgata blir opna opp heilt ned til Stasjonsvegen, men strekket mellom Rådhusgata og Stasjonsvegen blir gågate. Bilar som skal levera til t.d. Coop Extra får framleis nytta gata, men kan berre køyra i ein retning
- Enkelte av gateparkeringsplassane langs Uelandsvegen blir fjerna
Planen er tydeleg på at sjølv om mjuke trafikantar skal prioriterast høgare, skal ikkje bilane fjernast frå Varhaug sentrum over natta.
I staden er det snakk om tilpassing over mange år. Dessutan vil det å legga opp til fleire bustadar og meir næring venteleg føra med seg ei viss trafikkauke.
Bufellesskapet, til dømes, skal ha ei uvanleg låg parkeringsdekning men likevel, heiter det i planskildringa, er det grunn til å tru at dei som bur, besøker eller jobbar i sentrum framleis vil ha behov for å bruka bil, ettersom kollektivtilbodet er svakt.
Planforslaget legg opp til at det framleis skal vera rom for noko korttidsparkering på gateplan i sentrum.
3,7 dekar park og torg
Dette er dei viktigaste grepa i uteområda:
- Parkområdet begynner utanfor den sørvestlege delen av rådhuset. Her er det lagt opp til leik og leikeplass i tillegg til grøntområde
- På nordsida av inngangen til rådhuset er det sett av plass til torg, med rom for marknads- og matbuer, scene og ein paviljong
- Hovuddelen av parken kjem mellom bufellesskapet og Stasjonsvegen. Her skal det blant anna komma offentleg kjøkkenhage, frukthage, drivhus, plenar, bocciabane og eit amfi
- Området mellom bufellesskapet og Stasjonsvegen skal fungera som uteområde for bufellesskapet, men skal opparbeidast som ein del av den offentlege parken. Her kan det kan likevel bli ei viss soneinndeling som skil meir på offentleg og privat
- Den nordlegaste delen av parkområdet, om lag 600 kvadratmeter, skal byggast ut i samband med utbygginga av «Ingridtomta»
- Totalt blir det offentlege park- og torgområdet 3,7 dekar stort
- Det er ein føresetnad at store, offentlege arrangement skal kunna avviklast i området
Kommunedirektøren si vurdering er at det nye park- og torgområdet som er skissert her, vil ta opp i seg mange av dei funksjonane som har vore etterlyst av dei som er skeptiske til å nytta den gamle handelslagstomta til eit seks etasjars bufellesskap. I vurderinga blir parkområdet omtalt som relativt stort, samanlikna med torget på Bryne.
Privat bakgard
På nordsida av bufellesskapet blir det òg nokre uteområde, men desse er ikkje tiltenkt ålmenta. Her får bufellesskapet 20 parkeringsplassar på gateplan.
Ved sida av kjem eit 450 kvadratmeter stort uteområde for sameiget i Stasjonsvegen 26. Sameiget har tinglyst rett på eit uteopphaldsområde på den tidlegare handelslagstomta – den som nå blir til bufellesskap.
Kommunedirektøren skriv at det nye uteområdet til Stasjonsvegen 26 skal ha intimt bakgardspreg, og « ... vil kunne bli et svært koselig sted, spesielt på sommerkveldene».
Sett isolert oppfyller ikkje dette området krava til sol for felles uteopphaldsområde, men kommunedirektøren meiner at dersom ein ser dette området i samanheng med uteområdet framfor bufellesskapet, er det rom for å gjera unntak frå denne føresegna.
25 millionar kroner
Kommunedirektøren sin spådom er at det nye park- og torgområdet vil stimulera til meir aktivitet i sentrum, noko som igjen kan vera bra for næringslivet.
– Eg trur dette kjem til å bli vanvitig bra. Det er mange som fryktar me skal bygga ned parken, men dette kjem til å bli eit mykje betre alternativ med rom for fleire aktivitetar. Dette kan aktivisera området på ein heilt annan måte, sa plansjef Vikse til Utval for samfunn.
Plansjefen blei utfordra på kor mykje det vil kosta å opparbeida både park og torg. Vikse vedgjekk at det ikkje vil bli gratis. Med teikningar og arbeid vil alt frå beleggingsstein til leikeplass og tre kunna kosta 25 millionar kroner. Då er ikkje uteområdet mellom bufellesskapet og Stasjonsvegen medrekna.
Prisen for å halda området ved like vil òg gå noko opp.
Vikse understreka at dette ikkje var endelege tal.
– Dette er for dykk til å ta med til kommande budsjettbehandlingar, sa han og la til at ikkje alt må byggast på ein gong.
Vil ikkje ta det trinnvis
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) meinte utbygginga kan bli eit skikkeleg løft for Varhaug. Samtidig kunne ho forstå lokal skepsis.
– Dette er nye ting. Det er ikkje alle som klarar å sjå føre seg at det blir fint, sa ho.
Kvia var spesielt begeistra for park- og torgområdet. Fullt så begeistra var ho ikkje over tanken på at det kan byggast ut gradvis.
– Ein burde gjera mesteparten på ein gong, så ein får eit ferdig resultat og ikkje blir sittande på ein byggeplass. Det vil ikkje bli bra for dei som bur rundt, sa ho.
Geir Undheim (Frp), og fleire med han, støtta tanken.
– Å dela opp blir i alle fall ikkje billegare, meinte Undheim.
Under arbeidet med handlings- og økonomiplan i 2024, føreslo kommunedirektøren å bruka 18 millionar kroner på å rusta opp sentrum. Den gongen ville ikkje fleirtalspartia setta av desse pengane, sidan det ikkje var avgjort korleis sentrum skulle rustast opp.
– Me ventar til me har funne ut kva me skal gjera, før me set av pengar til det, sa Njål Sikveland (Ap) då han la fram fleirtalspartia sitt forslag til budsjett og handlings- og økonomiplan i november 2024.
Til inspirasjon
Eit tilsvarande forslag for bufellesskapet som skal komma i Skjærpedalen på Nærbø er òg ute på høyring.
Under møtet i Utval for samfunn gav Olaus Trygve Bjuland (KrF) uttrykk for at han var imponert over framdrifta på prosjekta.
– KrF har vore veldig opptatt av dette. Samtlege parti har snakka om det, me har vore på studietur og snakka mykje om det under valkampen. Det er ganske kult at det har komme så langt på så kort tid – frå lause tankar til førstegongsbehandling av ein plan, sa Bjuland.
Han meinte dei kommande bufellesskapa, både det på Varhaug og det på Nærbø, burde vera førebilete for fleire liknande prosjekt rundt om i kommunen.
– På sikt kan dette vera med og avlasta tenestene våre. Dette er med på å gjera at folk kan bu lenger i eigen bustad, sa Bjuland.
I samband med forslaget til ny detaljreguleringsplan inviterer kommunen si planavdeling til open kontordag tysdag 19. mai mellom 12:00 og 18:00.
Fristen for å komma med innspel er 21. juni.