I desse dagar er ein ny detaljreguleringsplan for delar av Varhaug sentrum ute på høyring. Planforslaget gjeld sentrum mellom Dysjalandsvegen og Stasjonsvegen, og mellom Ualandsgata og Skrågata.
I forslaget blir det blant anna lagt føringar for kva som skal skje med den kommunalt eigde «Ingridtomta» som ligg mellom rådhuset og Uelandsgata.
Svaret på dét er bustadfelt med leilegheitsbygg på opp til fire-fem etasjar.
Tidlegare var tanken å regulera tomta til bufellesskap for folk over 55 år, men politikarane gjekk vekk frå dette. Bufellesskapet skal i staden byggast på andre sida av gata, der handelslaget låg i si tid.
Mellom 30 og 55 leilegheiter
Totalt opnar detaljreguleringsplanen opp for ein plass mellom 30 og 55 leilegheiter i bustadfeltet, som blir sentrert rundt eit uteopphaldsareal.
Tilkomst til eigedommen skal vera frå Dysjalandsvegen.
I tillegg skal det komma parkeringsanlegg i kjellaren. Dette anlegget skal, ifølge planen, vera stort, med plass til opp til 180 bilar.
Minst 70 av desse parkeringsplassane skal kunna brukast av ålmenta.
Tomta blir i dag nytta til uformell parkeringsplass. Når tomta blir bygd ut, vil denne bruken – naturleg nok – opphøyra.
Den nye detaljreguleringsplanen legg òg opp til at den parkeringsplassen som i dag ligg på nordsida av rådhuset, skal bli tatt i bruk på ein annan måte.
Dermed kan det bli god bruk for dei ekstra parkeringsplassane i det nye feltet.
Ei ny regulering for rådhustomta opnar for eit tilsvarande, berre mindre, parkeringsanlegg på sørsida av rådhuset, med totalt 80 plassar. Halvparten av desse skal vera tilgjengelege for ålmenta.
Opnar for å droppa næringskrav
Opphavleg ville kommunedirektøren setta som vilkår at det på gateplan skulle vera næringsverksemd i ei eller anna form, med «aktiv publikumsrettet fasade» ut mot Rådhusgata, men politikarane i Utval for samfunn valde å lempa på dette i eit alternativt forslag, som dei òg sende ut på høyring.
Det var utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) som foreslo dette sidan det, etter hans syn, allereie er ganske mykje av dette i Varhaug sentrum. Ånestad var redd at for at manglande etterspurnad kunne føra til tomme lokal eller stå i vegen for at planane blei realisert i det heile tatt.
Det går òg fram av saksframlegget at etterspurnaden etter næringsareal i sentrum er låg.
Forslaget frå Ånestad blei samrøystes vedtatt.
I samband med forslaget til ny detaljreguleringsplan inviterer kommunen si planavdeling til open kontordag tysdag 19. mai mellom 12:00 og 18:00.
Fristen for å komma med innspel er 21. juni.