Nyleg skreiv Jærbladet om at det lenge har vore manko på bustadar på Varhaug, men at ulike prosjekt nå nærmar seg oppstart og at det til saman kan dreia seg om rundt 200 bueiningar.
Det var unøyaktig.
Talet kan bli langt høgare.
60-80 leilegheiter til
For det første er det kommande seniorbufellesskapet, med rom for mellom 50 og 60 leilegheiter til dei over 55 år, lagt ut på høyring. Men på andre sida av jernbanen, i Ånestadvegen, ligg eit anna prosjekt som ikkje har vore omtalt av Jærbladet før: Sentrumstunet.
Her, rett ved sida av naboen i Sentrumsplassen, er planen å bygga ei blokk på fire-fem etasjar, med plass til mellom tolv og tjue leilegheiter av ulike storleikar.
Bak planane står Jon Harald Håland, pensjonert byggmeister frå Varhaug.
Då arbeidet begynte med å regulera om området, som dekker både Sentrumstunet og Sentrumsplassen, var han 58 år. Nå er han 76.
– Me fleipa med at me kom vel til å vera daude før reguleringsplanen blei ferdig, fortel Håland.
Fullt så gale gjekk det heldigvis ikkje. Reguleringsplanen er vedtatt. Nå jaktar Håland nokon som kan ta over firmaet han starta for å driva fram prosjektet: Sentrumstunet AS.
– Eg er pensjonert for ganske mange år sidan. Eg vil ikkje begynna med utbygging nå. Eg vil selja, seier han.
Ifølge Håland er det prosjektet «gryteklart» og ferdig regulert.
Neste steg blir å få på plass ein utbyggingsavtale med kommunen.
Trur på toroms
Tanken er ei blokk med ei blanding av to-, tre- og fireroms bueiningar.
Håland trur interessa vil vera god.
Han peiker rundt seg og ramsar opp. Her, innafor ein radius på tre-fire hundre meter, er butikkar, lege og tannlege, jernbanestasjon, kiosk, rådhus, slaktar, skule, barnehage, pub, bank og restaurantar.
– Bustadbygginga har stått meir eller mindre stilt på Varhaug i mange år. Nå verkar det som det har losna. Fleire aktørar, alle med prosjekt i eller nær sentrum, nærmar seg oppstart. Du er ikkje redd for at det plutseleg kan bli for mange tilgjengelege bustadar på éin gong?
– Det kan det jo bli, men eg trur ikkje alt er like gryteklart. Eg trur ting vil forskyva seg av seg sjølve.
Håland, som ikkje på nokon måte kan reknast som nøytral i dette spørsmålet, meiner Sentrumstunet uansett har eit ekstra fortrinn.
– Eg reknar dette for det prosjektet med den gunstigaste plasseringa, seier han.
I dag står det to bustadhus frå 1950-talet der blokka skal byggast. Desse må rivast. Ifølge Håland er det ikkje nokon hast.
– Dei er i grei stand, og gjev ei stabil leigeinntekt, seier han.