Det er fire år sidan det fråflytta handlesenteret Sentrumsgården på Varhaug blei rive. Då hadde det allereie stått til nedfalls i mange år, til stor fortviling for mange av dei som bur og driv forretning i bygda.
50 leilegheiter for dei over 55
Seinare anla kommunen ein mellombels park med plen, grusstiar og tre i området på den gamle handelslagstomta der Sentrumsgården hadde vore. Tanken var at denne skulle stå fram til den 3,8 dekar store tomta fekk ny regulering for permanent utbygging.
I november vedtok politikarane i Hå at dei vil selja tomta til Vilbo, eit samarbeid mellom eigedomsutviklarane i Ineo og arkitektane i Helen & Hard. Prisen på tomta er 15,2 millionar kroner.
Føresetnaden er at dei nyttar den attraktive sentrumstomta til å bygga bufellesskap for seniorar – leilegheiter for dei over 55 som er på jakt etter noko som er sentralt, lettstelt og universelt utforma.
Tanken er at slike butilbod kan få fleire til å bu heime lenger etter kvart som dei vert eldre.
Ineo skal òg bygga seniorbufellesskap på Nærbø og på Sporafjell i Klepp.
På Varhaug er målet 50 leilegheiter med ein snittpris på 70.000 kroner per kvadratmeter.
Frykt for fellesareal
I bygda er det fleire som har uttrykt skepsis til planane. Eit vanleg ankepunkt er frykta for at grøne fellesareal skal forsvinna.
Vilbo har på si side lagt vekt på at dei ønsker at det dei bygg skal «aktivisera sentrum» og at dei ønsker å vidareutvikla det grøne arealet som vender ut mot Rådhusgata.
Kommuneadministrasjonen har spelt inn at det kan vera aktuelt å endra litt på sentrumsstrukturen for å bevara offentlege fellesareal. Blant anna kan det vera aktuelt å stenga delar av Rådhusgata for trafikk og knyta uteområdet framfor rådhuset tettare saman med uteområdet framfor bufellesskapet.
Nå inviterer kommunen og arkitektane i Helen & Hard til verkstad, «workshop», rundt utviklinga av møteplassar i Varhaug sentrum.
Målet er å få innspel til korleis torg- og parkområdet kan utviklast som ein attraktiv og inkluderande møteplass i sentrum.
– Dette er eit viktig grep i stadutviklinga på Varhaug, og me ønsker å involvera både innbyggarar og lokale aktørar tidleg i prosessen, seier plansjef Ole von Erpecom Vikse.
Verkstaden finn stad tysdag 24. mars klokka 18, rett ved sida av det aktuelle området – i kommunestyresalen.