Den 28. april 1945, berre dagar før krigen var over i Norge og Europa, blei Henning Wernøe, som var med i Milorg, den militære motstandsorganisasjonen i Norge, drepen i ei skotveksling med tyske soldatar.
Derfor fekk aldri Ragnvald Wernøe, kulturskuleleiar i Hå, treffa farfaren sin, men vaks opp med historier om både han og om onkelen til faren, Andreas, som òg var motstandsmann og som døydde etter å ha hoppa ut av eit vindauge i tredje etasje etter å ha blitt arrestert av Gestapo.
– Det fulle namnet mitt er Ragnvald Andreas. Eg er kalla opp etter han, fortel Ragnvald.
Vanskelege val
Farfaren til Ragnvald, Henning, var fotograf, og hadde tilgang på avansert utstyr allereie på 1930-talet. Noko av den tidlegaste fargefilmen som er tatt opp i Norge, var det Henning som filma.
Då tyskarane invaderte Norge 9. april 1940, filma Henning bombefly og norske soldatar som rigga seg til med mitraljøse i Bergens gater.
Henning jobba i familien sin fotobutikk, men mot slutten av krigen forlét han familien for å slutta seg til Milorg og blei ein del av Milorg sin Bjørn West-base i fjella i Nordhordland.
– Då han verva seg, sa farfaren min til ein venn at han ikkje hata tyskarar, men at han ikkje kunne la barna veksa opp i systemet Hitler representerte, fortel Ragnvald.
Ragnvald fortel at etter kvart som han blir eldre og sjølv har fått barn, tenker han meir og meir over vala Henning og Andreas tok den gongen.
– Då eg var ung, var eg sivilarbeidar. Ville eg vore det om igjen nå? reflekterer han.
– Sjølv om dette er lenge sidan, er me omgitt av dei same strøymingane og problemstillingane, meiner Ragnvald.
Historia er heller ikkje heilt enkel, for i familien er det òg tyskarar. Ragnvald si tante reiste til Tyskland etter krigen, og enda opp med å gifta seg med ein tysk mann. Under krigen var faren hans Wehrmacht-soldat utplassert nettopp på Vestlandet i Norge.
Rikt arkiv
Henning, som berre var 35 år gammal då han døydde, etterlèt seg eit rikt arkivmateriale av film og foto, mykje frå kvardagen i Bergen, men òg frå innsatsen i Milorg.
Askøy-regissøren Frode Fimland fekk god nytte av dette materialet då han laga den kinosuksessen «Bergen – i all beskjedenhet». Han såg òg at det var materiale nok til å laga ein eigen film for å fortelja Henning si historie.
Dokumentarfilmen «Fotografen – I krig og kjærleik» hadde premiere i fjor haust.
– Det blei jobba med filmen i mange år, men plutseleg blei han veldig aktuell. Det handlar om kva system du vil la barna dine veksa opp i, seier Ragnvald.
Ragnvald sjølv er ikkje med i filmen, men fleire andre i den nære familien er med, inkludert broren hans, tanta og faren. Filmen dokumenterer korleis dei prøver å gjera seg kjende med han, og forstå vala han tok, gjennom filmane og bilda han etterlèt seg.
– Ei tidlaus påminning
I presseskrivet som følger filmen, heiter det at bodskapet er at ein må kjempa mot totalitære system, utan å hata det enkelte mennesket – eit bodskap som er like aktuelt nå, som då Henning for over 80 år sidan verva seg.
Presseskrivet kallar dokumentaren «ei tidlaus påminning om kor viktig det er å ta vare på det å vere medmenneske, sjølv når krig og øydeleggingar set oss på dei hardaste prøvene.»
Kjell, sonen til Henning og Ragnvald sin far, var for sjuk til å komma på premieren, men to-tre veker før han døydde blei filmen vist på sjukeheimen der han budde.
– Han fekk sett han, og konkluderte med at det var ein god film, fortel Ragnvald.
Sjå traileren for filmen her:
Ny serie om forsoning
Fredag 24. april klokka 13:00 skal filmen visast i Hå bibliotek på Nærbø.
Ragnvald Wernøe skal fortelja om korleis historia har prega oppveksten i familien hans.
I tillegg er Johan Aakre frå Egersund invitert. Aakre sin far og onkel var begge involvert i motstandsarbeidet mot tyskarane. Farmor hans, Gesine Aakre, skreiv eit dikt som er brukt i filmen. Aakre vil bruka dette diktet for å knyta si eiga familiehistorie opp mot bodskapet i filmen.
Regissør Frode Fimland kjem òg for å snakka om filmen.
Arrangementet er først ut i ein serie av arrangement med ulike kulturuttrykk frå Hå kommune saman med militærhistorisk forening Rogaland, Time bibliotek, Klepp bibliotek, Hå mållag, Hå historielag, profesjonelle musikarar frå Hå kulturskule og frivillige rekrutterte via Hå frivilligsentral.
Prosjektet, som er støtta av Regionalt kulturfond, har fått namnet «Fred og forsoning». Målet er å skapa ein inkluderande møteplass for eldre og styrka samarbeidet mellom frivillig og profesjonelt kulturliv.
Prosjektet skal gå fram til neste år.