I Hå kommune jobbar det rundt 1700 personar. Omtrent halvparten av dei hadde, i løpet av årets første seks månadar, mindre enn éin dags fråvær.

Likevel er det slik at fråværet denne perioden er høgare enn føregåande år. Frå januar til og med juli i år var det samla fråværet på 8,6 prosent. I heile fjor fråværet på 7,4 prosent. Året før var det på 7,6 prosent.

Til samanlikning viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå at det totale sjukefråværet i Norge var på 6,7 prosent andre kvartal i år.

Om lag halvparten av sjukefråværet i Hå kommune, skriv seg frå berre fem prosent av dei tilsette.

Det går fram av kommunen sin tertialrapport.

– Velkjend mønster

Marcus Schröder Bjørnseth, som er kommunen sin personal- og organisasjonssjef, seier til Jærbladet at det i større verksemder, som Hå kommune, er ganske vanleg at ein liten del av dei tilsette står for ein stor del av det samla sjukefråværet.

– Dette mønsteret er velkjend. Sjukefråvær er ikkje jamt fordelt i folkesetnaden, seier han.

Dei fem prosentane med fråvær er dominert av personar med langvarige, dels store, helseutfordringar.

– Dette er som regel personar som er langtidssjukmelde. Disse finn me i heile organisasjonen. Samtidig gjev slike helseutfordringar gjerne størst utslag i dei sektorane med dei mest fysisk og relasjonelt krevjande yrka, seier Bjørnseth.

På den andre sida viser statistikken at dei fleste tilsette anten har lågt sjukefråvær eller ikkje har fråvær i det heile.

– Samtidig har me nokre tilsette med større og langvarige helseutfordringar. Somme ventar behandling eller operasjonar, og nokre har behov for eit anna arbeid som lar seg kombinera med helsesituasjonen deira, seier Bjørnseth.

Markus Schröder Bjørnseth er personal- og organisasjonssjef i Hå kommune. Han seier dei tar utviklinga på alvor.
Markus Schröder Bjørnseth er personal- og organisasjonssjef i Hå kommune. Han seier dei tar utviklinga på alvor. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Personal- og organisasjonssjefen understrekar at dei tar utviklinga på alvor og seier dei er i gang med gå nøye gjennom fråværsmønsteret i kommunen, slik at dei kan setta inn dei rette tiltaka.

– Sjukefråvær er samansett og komplekst. Når me ser utviklinga over fleire år og samanliknar med andre kommunar i regionen, er det samvariasjon. Ofte gjev det òg meining å samanlikna bransje mot bransje – til dømes sjukeheim i Hå opp mot sjukeheimar i resten av regionen og fylket, seier Bjørnseth.

Sjølv om det ikkje alltid er like lett å seia kvifor fråværet går opp og ned, er det mogleg å seia noko om kva som hjelper.

– Me ser effekt av det å halda fokus og det å jobba med blant anna førebygging, kultur og tilrettelegging, seier Bjørnseth.

Krevjande jobbar

Ser ein dei ulike tenesteområda i Hå for seg sjølv, er det Oppvekst og kultur som har det høgaste sjukefråværet. Der var fråværet frå januar til juni 8,9 prosent. Også innan Helse og velferd er fråværet høgt: 8,4 prosent.

Dette er dei største sektorane i kommunen. Her finn ein òg fleire jobbar som krev mykje, både fysisk og relasjonelt.

– Dessutan er arbeidet som blir gjort innan desse sektorane bunde til ei tid og ein stad. Somme plassar gjer arbeidspress og bemanningssituasjonen at det er vanskelegare å tilrettelegga, seier Bjørnseth.

Han gjentar at for å kunna setta inn dei mest effektive tiltaka, må administrasjonen forstå mønsteret betre.

Kommunestyret har neste møte 1. oktober. Då får politikarane ein rapport på bordet. Rapporten er utarbeida av Rogaland Revisjon på vegner av kommunen sitt kontrollutval, og omhandlar nettopp sjukefråværet.

Rogaland Revisjon skal ha funne at kommunen har eit relevant system for å følga opp sjukefråvær og at oppfølginga i det store og heile er god, men at det er variasjonar i korleis rutinane blir praktisert.

Bjørnseth seier til Jærbladet at det er viktig for administrasjonen å sikra ein heilskapleg og føreseieleg praksis i heile kommunen.

– Dette vil me jobba vidare med, seier han.

Kompleks tilrettelegging

Ifølge Rogaland Revisjon er det òg avgrensa kor mykje det går an å tilrettelegga for tilsette med helseutfordringar, særleg i enkelte delar av organisasjonen.

Bjørnseth seier tilrettelegging handlar om å, i ein periode, finna andre og lettare oppgåver å utføra. Målet er at den tilsette etter ei tid skal gå tilbake til sine vanlege oppgåver.

Omsyn til andre enn den sjuke speler òg inn. Eit element er omsynet til tenestene kommunen skal levera, det andre er omsynet til kollegaar.

– Det å tilrettelegga for éin person må ikkje gjera at kollegaar får enda større belastningar over tid, seier Bjørnseth.

Bemanningssituasjon og arbeidspress kan òg utfordra tilrettelegginga.

– Ein leiar kan som regel berre legga til rette for eit fåtal tilsette på ein gong utan at tenestene eller kollegaar, blir ramma, seier Bjørnseth.

Av og til kan helseutfordringane gjera at den tilsette på sikt må byta arbeid.

– Då snakkar me gjerne om å avklara restarbeidsevna deira, seier Bjørnseth.

Ifølge tertialrapporten kjem Rogaland Revisjon med fleire konkrete tilrådingar som kommunen vil ta med seg i det vidare arbeidet. Kva desse tilrådingane er, blir ikkje spesifisert nærare.

På spørsmål frå Jærbladet svarar Bjørnseth at det handlar om fokus på førebyggande arbeid og god læringskultur og melding av avvik som ledd i forbetringsarbeidet.

– Vidare får me råd om å styrka systematikken og dokumentasjonen i oppfølginga, og sikra heilskapleg praksis som er meir uavhengig av leiarkapasitet og lokale tilhøve. Me vil òg vidareutvikla arbeidet med å vurdera alternative arbeidsmoglegheiter og tilbakeføring til arbeid for personar med langvarige helseutfordringar, seier Bjørnseth.

Personal- og organisasjonssjefen varslar at det vil vera naturleg å komma inn på arbeidet for å få ned sjukefråværet når kommunedirektøren 3. november legg fram forslag til budsjett for neste år og handlings- og økonomiplan for dei neste fire åra.