Når du er ferdig med elsparkesykkelen, må du parkera han på ein måte som ikkje er til hinder for fri ferdsel. Viss ikkje, kan turen bli langt dyrare enn du hadde tenkt.
Når du er ferdig med elsparkesykkelen, må du parkera han på ein måte som ikkje er til hinder for fri ferdsel. Viss ikkje, kan turen bli langt dyrare enn du hadde tenkt. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Er du blant dei som irriterer deg over vitlaus parkering av elektriske sparkesyklar? I så fall har me ei gladnyheit til deg: Snart kan dei som parkerer sånn få bot.

Det har kommunestyret i Time bestemt.

– Tryggare

På nettsidene sine skriv kommunen at gebyret blir innført fordi feilparkerte elsparkesyklar har skapt utfordringar i bymiljøet og hindra fri ferdsel for gåande, personar med barnevogn eller rullestol og andre trafikantar.

Innføringa av gebyr for feilparkering av dei elektriske tohjulingane skal bidra til ryddigare gater, betre tilkomst og tryggare forhold, og då særleg i sentrum.

Ordninga gjeld for heile kommunen og skal handhevast av Sandnes Parkering, som er dei same som har fått jobben med å dela ut parkeringsbøter til bilistar og motorsyklistar i Time.

Om ein trafikkbetjent ser ein feilparkert elsparkesykkel, tar han bilde av han og sender til utleigeselskapet, som får bota. Utleigeselskapet sjekkar så kven som leige elsparkesykkelen sist og sender faktura til dei.

Gebyret er på 900 kroner.

Må ikkje vera til hinder

Sandnes Parkering har laga denne hendige guiden til parkering av elektriske sparkesyklar.
Sandnes Parkering har laga denne hendige guiden til parkering av elektriske sparkesyklar. Foto: Foto: Sandnes Parkering KF

For å unngå dette, må dei som bruker elsparkesykkel parkera på ein måte som ikkje er til hinder for ferdsel på fortau, gangfelt, sykkelveg eller ved inngangar. Der det finst eigne parkeringsplassar for elsparkesykkel, må desse brukast.

Pass på at elsparkesykkelen, når du set han frå deg, står rett, ikkje skrått eller langt ut i vegen.

Når du parkerer, er det òg viktig å sjekka i appen at elsparkesykkelen faktisk er registrert som parkert. I nokre område er det ikkje lov å parkera, og då får du ikkje avslutta leiga.

Ordninga er innført etter modell frå Sandnes og Klepp.