Bodvar Vold (t.v) frå Høgre og Svein Høyland frå Senterpartiet var tidlegare i vår på synfaring på Hårr. Her kikker dei ut på kjelva der det nye fjoset skal komma.
Bodvar Vold (t.v) frå Høgre og Svein Høyland frå Senterpartiet var tidlegare i vår på synfaring på Hårr. Her kikker dei ut på kjelva der det nye fjoset skal komma. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Det small godt i døra til formannskapssalen i Hå rådshus etter at Utval for samfunn var ferdige med å diskutera ei klage på ei byggesak.

Saka er ei Jærbladet har skrive om før: Ein bonde på Hårr har fått løyve til å bygga nytt fjos på Haarr. Næraste nabo, som får fjoset ni meter frå tomtegrensa, har klaga. Dei er uroa for støy, lukt og tap av utsikt.

Utbyggaren meiner på si side at plasseringa er optimal, både ut frå omsyn til drifta og av kulturminneomsyn i på Hårr. I kommuneplanen er det regulert som ei spesiell omsynssone.

Sist politikarane hadde saka på bordet, enda dei med å utsetja ho: Dei ville gje naboane tid til å snakka saman og finna fram til eit kompromiss. Det lukkast ikkje, trass i at utvalet vedtok at ein eventuell ny byggesøknad skulle vera unntatt gebyr.

– Det har ikkje komme inn ny søknad og klaga har ikkje blitt trekt, oppsummerte utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) i forkant av diskusjonen.

På førehand hadde kommunedirektøren innstilt på ikkje å ta klaga til følge.

Grunngjevinga var at fjoset er i tråd med formålet med kommunen sin arealplan – området er sett av til landbruk-, natur- og friluftslivsformål – og heller ikkje i strid med føresegner om høgd, plassering, terrengtilpassing og så bort etter.

Lukt og støy

Framstegspartiets Tone Karin Slettebø såg annleis på saka. Ho la fram eit forslag om å klaga til følge. Partiet la særleg vekt på at naboen sitt nye fjos ville gå ut over bu- og livskvaliteten til klagarane.

Sentralt stod spørsmålet om lukt og støy frå det nye fjoset.

– Framstegspartiet har forståing for at landbruk inneber ulemper, men dette må likevel vegast opp mot omsyn til eksisterande bustad, sa Slettebø.

Ho argumenterte med at om fjoset kjem så nært innpå naboane blir belastninga uforholdsmessig stor, fordi ulempene blir kontinuerlege og dominerande i dagleglivet.

– Her vil det vera aktivitet store delar av året, inkludert morgon, kveld og helg, sa Slettebø.

Slettebø meinte ulempene for naboane til fjoset ikkje hadde blitt godt nok vurdert.

Tone Karin Slettebø og Frp meinte omsynet til naboane ikkje hadde blitt godt nok vurdert, men fekk ikkje resten av utvalet med seg.
Tone Karin Slettebø og Frp meinte omsynet til naboane ikkje hadde blitt godt nok vurdert, men fekk ikkje resten av utvalet med seg. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I forslaget Slettebø la fram, stod det at alternative plasseringar, som i større grad kan ivareta omsynet til både landbruket og den eksisterande busetnaden, burde vurderast. Moglege alternativ var enten noko lenger aust, eller langs ein tilkomstveg i sør.

– Jordvern er viktig for Frp, men bruken av jord ved ei alternativ plassering treng ikkje vera mykje større, sa Slettebø.

Ho fekk berre med seg Geir Undheim (Frp) med seg på det alternative forslaget.

– Innafor retningslinjene

Utvalsleiar Magnus Ånestad meinte forslaget ikkje var godt. Dette grunngav han med at forslaget berre sa noko om å ta klagen til følge, og ingenting om å oppheva den godkjenninga fjoset allereie har fått. Forslaget frå Frp viste heller ikkje til eit konkret rettsleg grunnlag for å ta klaga til følge.

Ånestad var vidare skeptisk til å trekka tilbake byggegodkjenning utan å seia noko konkret om kor utbyggaren faktisk kan bygga.

Utvalsleiaren viste til at utvalet har diskutert fortetting i mange andre saker, typisk i bustadfelt.

– Då har me fleire gonger vore inne på at utsikt og innsikt ikkje er tungtvegande argument. Eg klarar ikkje sjå at det er annleis her, sa Ånestad.

Han sa at utvalet er nøydde til å forhalda seg til at det planlagde fjoset er innafor retningslinjene.

– Etter regelverket er det vanskeleg å finna at lukt og støy i eit LNF-område er tungtvegande argument, meinte han.

– Har strekt seg langt

Svein Høyland (Sp) var inne som vararepresentant for Knut Åge Gjersdal, som har bindingar til begge partar i saka og derfor blei rekna som ugild.

Høyland meinte klaga handla om ei klassisk avveging i eit landbruksområde.

– På den eine sida handlar det om at naboen skal ha utsyn og lys, på den andre sida handlar det om aktivt landbruk og jordbruk, næring og rasjonell drift, sa han.

Høyland la vekt på same vurderinga som kommunedirektøren, nemleg at det ikkje finst grunnlag for å krevja alternativ plassering.

– Utgangspunktet i norsk rett er at ein grunneigar fritt kan nytta eigedommen sin innafor dei rammer, lovar og reglar som finst, sa han.

Senterpartipolitikaren gjekk i rette med fleire av punkta i Framstegspartiet sitt alternative forslag. Han meinte plasseringa av fjoset var den mest fornuftige, ut frå kva som gagnar landbruket mest.

– Fylkeskommunen deler dette synet, sa han.

Høyland var heller ikkje samd i at den avveginga av dei ulike omsyna som blei gjort, ikkje hadde vore god nok.

– Tiltakshavar har strekt seg ganske langt i denne saka, sa han og nemnde blant anna redusert byggehøgd, redusert takvinkel, lengre avstand frå tomtegrense og tilpassa fargeval.

Høyland sa at kommunen allereie har gjort grundige vurderingar og at om det skal gjerast ytterlegare vurderingar, vil det føra til utsetting, noko som igjen kan føra til auka byggekostnadar.

– Me støttar kommunedirektøren si innstilling i denne saka, slik at tiltakshavar får den føreseielegheita tiltaket krev, sa Høyland.

Vanskeleg sak

Bodvar Vold (H) sa at òg partiet hans ville støtta kommunen si innstilling. Det same varsla Hå-lista.

– Me ser problemstillinga, men må nesten forhalda oss til regelverket, sa Vold.

Politikarane gav klart uttrykk for at dei syntest saka var vanskeleg.

Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) forstod godt at det nye fjoset ikkje er ein draumesituasjon for naboane.

– Men heldigvis er me i 2026. Det er betre høve til å gjera noko med lukt og støy enn det var før i tida, sa Sirevåg.

Utvalet, minus Frp sine to representantar, landa på at dei ikkje vil ta naboklaga til følge.

Då skuffa tilhøyrarar forlét formannskapssalen etter at avgjerda blei tatt, gjorde dei misnøya kjend med å slamra hardt med dørene ikkje berre éin, men to gonger – så pass hardt at bilde av tidlegare formannskap falt ned frå veggen.

Det høyrer med til historia at dei i etterkant beklaga hendinga overfor utvalet.

Sjølv om utvalet ikkje ville ta klaga til følge, betyr det ikkje at ho er endeleg avgjort. Slik rutinen er, vil klaga nå gå vidare til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd. I mellomtida er det framleis høve for naboane til å gå i dialog for å finna kompromiss.

Ifølge utvalsleiar Magnus Ånestad vil i så fall klausulen om at kommune droppar gebyr ved ein eventuell ny søknad, framleis stå ved lag.