Rektor Monica Cecilie Høien er overvelda over kor mange som vil bli lærar ved Bo og fritid-linja ved Jæren folkehøgskule.
Rektor Monica Cecilie Høien er overvelda over kor mange som vil bli lærar ved Bo og fritid-linja ved Jæren folkehøgskule. Foto: Agnethe Sørhus (arkiv)

Ved Jæren Folkehøgskule har dei fleire linjer. Ei av dei, Bo og fritid, er ganske eksklusiv. Her er det seks-sju elevar og to lærarar. Bo og fritid er ei tilrettelagt linje, spesialtilpassa unge menneske med utviklingshemming. Her får elevane butrening og dei får øva seg på å vera sjølvstendige, utan karakterar og krav.

Vennar for livet

Kanskje viktigast av alt: Dei får vennar for livet, ikkje berre på linja, men over heile skulen.

– Eg trur ikkje elevar med denne typen utfordringar er meir integrerte nokon gong enn det året dei går på folkehøgskule, seier rektor Monica Cecilie Høien.

Noko av undervisninga har dei for seg sjølv, slik òg elevane på dei andre linjene har, men er saman med elevar frå andre linjer i valfag, vasketeam, matsal og kva det måtte vera.

– Det er veldig fint, både for dei og dei andre elevane, seier Høien.

Ho seier samhandlinga mellom elevane frå dei ulike linjene rett og slett er rørande.

Sundag denne veka er skuleåret over. Rektoren seier ho merkar det på stemninga når det nærmar seg slutten for 76 unge menneske som har gått saman på skule i nærare eitt år.

– Det blir ein familie, seier Høien.

Ettertrakta

Ho meiner Bo og fritid-linja er sjølve hjartet til skulen.

– Å vera lærar på denne linja er ein av dei mest populære jobbane me har. Det er sjeldan det er noko ledig her, så det er ikkje rart det er mange søkarar, seier ho.

Det skulen først og fremst er på jakt etter, er ein person med stort hjarte og positiv energi, helst med vernepleiar- eller pedagogbakgrunn.

– Dei som har søkt så langt, er ekstremt godt kvalifiserte og har gode cv-ar, både med tanke på utdanning og på erfaring, seier Høien.

Skulen er takknemleg for at så mange har lyst på jobben, men på same tid er det ikkje fritt for at det vil ta tid å gå gjennom søkarbunken.

– Det blir eit himla strev å finna den eine personen. Det er utruleg flotte menneske som har sendt inn desse søknadane, seier Høien.

For dei som kjenner kallet, er det framleis ikkje for seint å søka.

Fristen er 7. mai.

– Når dette kjem i Jærbladet får eg vel 30 søkarar til. Ja, ja, når det er så mange søkarar frå før av, gjer det vel ikkje noko frå eller til, seier rektoren og ler.