Vegen som går gjennom Ogna Camping, har gått der ei stund, men så langt har han ikkje hatt eit eige namn. Det endrar seg nå.
Hå kommune vil at kvar hytte og stasjonære vogn skal ha si eiga adresse. Det lar seg ikkje løysa utan gatenamn.
For vegstubben på Ogna Camping, sende kommunen ut forslaget Vardabakken på høyring, eit naturleg val gjeve nærleiken til garden Varden.
Språkrådet meinte namneforslaget var godt. Dei var likevel litt uroa, gjeve at nabokommunen Klepp har ein veg med eit nesten heilt likt namn: Vardebakken.
Språkrådet føreslo derfor at vegen gjennom Ogna camping heller kunne heitta Vardabakkane, men kommuneadministrasjonen var ikkje samd.
Grunngjevinga var i hovudsak at namnet viser til ein bestemt bakke, ikkje fleire.
Politikarane i formannskapet var einige. Tysdag førre veke banka dei samrøystes det nye namnet gjennom.