For litt over fire år sidan opna Norkirken Vigrestad fritidsklubb i det gamle meieri-internatet på Vigrestad. Klubben, som ved siste teljing hadde rundt 50 medlemmar, er open ein gong i veka, driven på dugnad, livssynsnøytral og open for alle frå åttande klasse og oppover.
Det vil seia, nå er han stengd.
Hybelhus
Kommunen har nemleg funne ut at lokala, som før gjekk under namnet Kulturtorget og husa det lokale biblioteket på Vigrestad, framleis er regulert til internat. Anna bruk er ikkje lov.
– Me håpar og trur det er ein feil, seier Ketil Stokkeland, som er leiar i fritidsklubben.
Det var paradoksalt nok kommunen sine forsøk på å finna eigna lokal til ein kommunal fritidsklubb, som førte til at Norkirken sin dugnadsdrivne fritidsklubb nå må halda stengt inntil vidare.
– Dei var interesserte i å leiga lokal av oss. Det syntest me var veldig kjekt, seier Stokkeland.
Kommunal drift i same lokal
Men då kommunen begynte å kikka nærare på lokala som potensial leigeobjekt, viste det seg at første etasje, som tidlegare har vore både bank, tannlege og bibliotek, framleis er regulert til hybelhus.
Andre etasje og loftet fekk bruksendring tidleg på nittitalet, men i kommunen sine arkiv er det ikkje spor av at det nokon gong har blitt søkt om bruksendring for første etasje. Dermed er det bruksløyvet til hybelhus som tel.
Fram til 2021 var internatbygget i kommunen sitt eige. Då selde dei det til Martin S. Aarsland, som med tanke om at det kanskje kunne nyttast til ungdomshus, gav det i gåve til Vigrestad Misjonshus.
Norkirken Vigrestad som driv fritidsklubben, har ein langsiktig leigeavtale med misjonshuset.
Stokkeland seier at folk dei har vore i kontakt med folk som tidlegare har jobba i kommunen og som tviler på at reguleringa er rett.
– Dei seier den etasjen aldri har blitt brukt til hybelhus, seier fritidsklubbleiaren.
Han har òg vore i kontakt med Jan Gunnar Mattingsdal, som er kommunalsjef for samfunn. Stokkeland rosar han for kjapp respons.
– Han lova han skulle ta tak i det. Eg håpar det blir bra resultat, seier Stokkeland.
Han har tru på at det skal løysa seg, men er uroa for at ein søknad om bruksendring skal føra til krav om dyre tiltak før klubben kan opna igjen.
Bibliotek var ikkje lovleg bruk
Eigedomssjefen i Hå, Jan Erik Brudeli, seier det første kommunen gjer når dei skal ta i bruk eit nytt eller gammalt bygg, er kva dei kan bruka det til og kva reglar som gjeld.
– Det er viktig, slik at me får oppfylt krav til rømmingsvegar og branntryggleik. Dette er noko me har blitt nøyare på i seinare tid, seier han.
I kommunikasjon mellom kommunen og huseigaren som Jærbladet har fått tilgang til, vurderer byggesaksavdelinga at kommunen si drift av bibliotek i dei same lokala i utgangspunktet ikkje var lovleg bruk.
Eigedomssjef Brudeli seier til Jærbladet at han ikkje kjenner til kva som vart gjort den gongen.
– Men dette er fokuset me har nå i dag, spesielt etter at kommunen fekk eiga eigedomsavdeling. Me prøver å passa på at slike ting ikkje skjer, seier han.
Eit kvart bygg må ha bruksløyve som svarar til det det skal brukast til og risikoane som følger med. Fyller dei ikkje krav til alt frå ventilasjon og dagslys til rømmingsvegar, får dei heller ikkje løyve.
– I dag er me veldig nøye på dette, seier Brudeli.
– Om det i verste fall skulle skje ein brann eller ei anna ulukke er det viktig å vita at bygget er trygt å bruka.
Det er opp til den som søker å undersøka kva som eventuelt må utbetrast i samband med bruksendring.
Plan- og bygningsloven opnar opp for at det går an å søka om unntak frå enkelte av krava, men av dialogen mellom kommunen og huseigaren går det fram at det skal mykje til for å få unntak knyta til universell utforming og rømmingsvegar.
Ketil Stokkeland frå Vigrestad fritidsklubb understrekar at han har forståing for at kommunen ikkje har høve til å ignorera situasjonen.
Han peiker på det ironiske i at kommunen potensielt sjølv har drive tenesteyting i lokale som ikkje var regulerte til formålet.
– Men når dei har funne ut at ting er som dei er, kan dei ikkje la vera å gjera noko berre fordi dei sjølv har gjort det same, seier Stokkeland.
Kommunal klubb jaktar lokal
I Utval for samfunn torsdag gav Anette Jensen Gimre, som er barn og unges representant i utvalet, ei lita orientering om status for den kommunale fritidsklubben på Vigrestad. Gimre er ungdomskonsulent i Hå og prosjektleiar for klubben.
Den kommunale fritidsklubben har nytta lokale i Vigrestad storskule, men kommunen har over tid vore på jakt etter lokale utanfor skulen.
Torsdag fortalde Gimre politikarane at dei har sett på mange moglege lokal rundt Vigrestad sentrum, førebels utan å lukkast.
– Om de veit om noko som kan vera interessant, må de seia frå, oppmoda Gimre.