Då programmet for årets arrangement blei kunngjort torsdag 28. mai, blei det òg rom til ei gledeleg overrasking: Arrangørane har fått 800.000 kroner frå gåvefondet til Sparebanken Norge.
– Dei slo verkeleg på stortromma. Det er kjekt at dei vil støtta ein sånn folkefest, seier arrangementskoordinator Anne Marie Gjølme.
Konsert og aktivitetar for barn
Ho jobbar i Hå kommune, som saman med Sirevåg Vel og det kommunale føretaket Sirevåg Hamn, arrangerer folkefesten mandag 20. juli.
Med på laget har dei lokale frivillige og lokalt næringsliv.
– Det er veldig mange som er med på ein eller annan måte, seier ein takksam Gjølme.
Arrangørane lover mellom anna gratis konsertar, moglegheiter for å gå om bord i ei seglskute, aktivitetar for barn og unge, salsbuer og gjenbruks-pop up. Nede i Vågen blir det og mogleg å treffa på sjørøvarar og gatemusikantar og å høyra ein og annan trekkspeltone frå Jærbelgen.
Gjølme er spent på kor mange som vil ta turen til Sirevåg denne dagen. I fjor sette dei ny rekord med 17.000 besøkande.
– Tall Ships Races har alltid vore godt besøkt, seier Gjølme.
Seglskutefest
The Tall Ships Races er ein regatta for tradisjonelle seglskuter. Årets utgåve startar i Århus i Danmark, går vidare til Harlingen i Nederland og Antwerpen i Belgia før han kryssar Nordsjøen og kjem i land i Sirevåg, før ferda går vidare til Stavanger. Siste etappe er over Skagerrak til Ålborg i Danmark.
Sirevåg er eit av fleire stopp langs ruta som ikkje er obligatorisk. Gjølme reknar likevel med at fleire skuter utanom dei fire som allereie har meldt seg, vil komma på besøk.
– Me sender invitasjon til alle. Nokon passar det for, og nokon ikkje. Det kjem òg an på vindforholda og kor fort regattaen går, seier Gjølme.
At fullriggaren Sørlandet kjem tilbake, er allereie stadfesta. Tre andre kjem til bygda i Søre Hå for første gong: Nederlandske Thalassa, spanske Pascual Flores og portugisiske Vera Cruz.
Fleire skuter vil komma til etter kvart.
For ungdom
Som ein del av opplegget får ni ungdommar frå Hå høve til å vera med på seglasen mellom Antwerpen og Stavanger.
– The Tall Ships Races er oppretta for at ungdommar skal læra om seglskutetradisjonen og kystkulturen, at dei skal få utfordringar, kjenna på meistring og bygga vennskap på tvers av landegrenser, seier Gjølme.