Det planlagde kraftverket har igjen fått vind i segla etter at kommunal- og distriktsminister Bjørn Skjæran (Ap) på slutten av fjoråret skar gjennom og opna for at areal rundt Elgane i Hå kan regulerast til vindkraftproduksjon, trass skepsis frå både Statsforvaltaren i Rogaland og administrasjonen i Rogaland fylkeskommune.
Elgane Vind AS er eigd av det franske energiselskapet Francaise de l’Energie (FDE), som kontrollerer i overkant av 60 prosent av aksjane. Vindkraftverket har òg rundt 60 meir eller mindre lokale investorar som kvar har ein liten aksjepost. Mange av desse har tilknyting til speedwaybanen på Elgane.
Tanken er at kraftverket skal produsera 50 gigawattimar i året, nok til å dekka straumbruken til rundt to og eit halvt tusen einebustadar. For å gjera dette, ser dei for seg å setta opp seks til åtte vindturbinar.
Målet er å komma i gang med bygginga på vårparten 2028. I så fall kan prøvedrifta vera i gang allereie på seinhausten.
Naturmangfald og landskap
Tidlegare i haust varsla Elgane Vind AS at dei startar opp med planarbeidet, som blant anna vil avgjera kor mange vindturbinar det blir, kor store dei skal vera og nøyaktig kor dei skal plasserast.
Vidare vil konsekvensane vindkraftutbygginga kan få, blant anna for landskapet, naturmangfaldet og kulturmiljøet, bli sentrale tema. Det same gjeld eventuelle avbøtande tiltak.
Konsekvensutgreiingane skal gjennomførast av uavhengige fagkonsulentar.
Då Hå kommune laga ny kommuneplan og sette av plass til vindkraftverk på Elgane, fremja både Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune motsegn, blant anna fordi dei var redde for konsekvensane for landskap og naturmangfald.
Planarbeidet skal òg avklara plasseringa av internvegar, riggområde og tekniske anlegg.
Parallelt med dette vil Elgane Vind AS jobba med å søka NVE om konsesjon.
Planvarselet er nå ute på høyring. Dei som har innspel, må komma med dei innan 13. november.
Strenge vilkår
Det er i samband med denne høyringa at Hå kommune, i samarbeid med NVE kallar inn til informasjonsmøte. Kommunen og NVE kjem til å snakka om korleis saksbehandlinga fungerer, medan Elgane Vind AS skal presentera sjølve prosjektet.
Det skjer i klubbhuset til Elgane motorsportsenter på Elgane mandag 19. oktober klokka 18:00. Møtet er ope for alle.
Då ministeren før jul i fjor fann ut at han ikkje ville ta Statsforvaltaren i Rogaland og fylkeskommunen sine motsegner til følge, var det på strenge vilkår: Vindmøllene kan berre byggast om så lenge omsynet til natur-, kultur- og landskapsverdiar blir tatt vare på.