Skal speedwaybanen på Elgane få selskap av åtte over hundre meter høge vindturbinar?
Det er i alle fall ønsket til Aker-eigde Greenstat som, saman med 60 lokale eigarar, står bak Elgane Vind AS. Dei vil setta opp åtte vindmøller, kvar over hundre meter høg, som til saman skal produsera straum nok til å dekka behovet til tre–fire hundre gardsbruk.
Lang behandlingstid
Politikarane i Hå svarte først nei og seinare ja på spørsmålet som var med på å forseinka Hå sin nye kommuneplan med over eitt år.
For om det politiske fleirtalet til slutt landa på ei positiv haldning til vindmøllene, var det andre som var sterkt kritiske: Både Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland fremja motsegn mot planane.
Grovt sagt meinte dei at vindkraftparken ville komma i konflikt med omsyn til landskap og naturmangfald. I tillegg var fylkeskommunen uroa for omsynet til Vasshodl, eit verna gardsanlegg frå jernalderen som ligg nær dei planlagde turbinane.
Forhandlingar mellom partane førte ikkje fram.
Først rett før jul i fjor kom Kommunal- og moderniseringsdepartementet med den endelege avgjerda: Det kan byggast vindmøller på Elgane, så lenge omsynet til natur-, kultur- og landskapsverdiar blir tatt vare på.
– Noreg treng meir fornybar energi, og ein del av den må komma frå vindkraft, sa kommunal- og moderniseringsminister Bjørnar Skjæran til Jærbladet.
Torsdag neste veke skal politikarane i Hå nå diskutera vegen vidare.
Ressurskrevjande
Kraftverket treng konsesjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men denne føreset at området er ferdig regulert. Det er det ikkje. I utgangspunktet er det kommunen si oppgåve å laga reguleringsplanar, men planarbeid er komplisert og kan ta mykje ressursar, særleg i denne typen saker.
Kommunedirektøren føreslår derfor å be Elgane Vind sjølv om å laga planen.
Eit poeng her, er at dersom det er kommunen som står bak planforslaget, kan det utfordra kommunen si rolle som nøytral part i saka.
Hovudargumentet er likevel at om kommunen skulle gjort det, ville det kravd monalege administrative og økonomiske ressursar av kommunen, samtidig som det ikkje finst garanti for at den endelege planen til slutt vert politisk vedtatt eller at prosjektet får konsesjon av NVE.
For sjølv om departementet har godkjent at det er teikna inn åtte vindmøller rundt Elgane i den nye kommuneplanen til Hå, er det langt frå beine vegen for vindkraftutbygging på Elgane.
Blant anna må Elgane Vind innfri ei rekke føresetnadar. Sentralt står omsyn til Vasshodl, omsyn til verneverdiane knyta til Synesvarden landskapsvernområde og omsyn ulike typar naturmiljø i området. Særleg er departementet opptatt av å ta vare på slåttemyra.
Fleire høve til å seia nei
Finn kommuneadministrasjonen, som er planmynde, ut at omsynet til desse faktorane ikkje er godt nok, eller at planane vil vera i strid med andre, overordna planar, kan dei seia nei til å gå vidare med dei.
Dette kan skje allereie etter at Elgane Vind og kommunen har halde oppstartsmøte om planinitiativet.
Utbyggaren kan i så fall krevja politisk behandling av avgjerda, men det finst ingen garanti for at ikkje politikarane kjem fram til same konklusjon.
Planprosessen er lang, og skal behandlast politisk fleire gonger undervegs. Dette gjev politikarane fleire høve til å stoppa prosessen, om dei meiner at det som ligg føre ikkje er godt nok.
Også NVE kan seia nei. Direktoratet skal behandla søknaden om konsesjon parallelt med den kommunale områdereguleringa, men vil ikkje komma på banen før dei veit at kommunen har godkjend planinitiativet.
Overordna styresmakter, som fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Rogaland, har på si side høve til å fremja motsegn mot planane.
450.000 kroner pluss arbeid
Men i denne omgang handlar det om kven som skal laga planen. I ei prinsippavklaring som blir lagt fram for Utval for samfunn og kommunestyret torsdag, viser kommunedirektøren til Bjerkreim. Erfaringa derfrå, skriv kommunedirektøren, er at denne typen planarbeid er monaleg dyrare enn «vanlege» reguleringsplanar.
Kommunedirektøren i Hå meiner områdereguleringa for Elgane vil bli omfattande og krevja store administrative ressursar.
Kommunen har ikkje faste satsar for arbeid med områderegulering.
I prinsippsaka ber kommunedirektøren politikarane ta stilling til ein pris på 450.000 kroner for oppstart og regulering. I tillegg vil det kosta 1.475 kroner for kvar time kommunen må bearbeida plandokumenta og 50.000 kroner om noko må sendast ut på tilleggshøyring, noko som til dømes kan skje om det kjem inn motsegner.
Sjølv om planforslaget blir utarbeida i privat regi, vil kommunedirektøren sikra seg ei hand på rattet ved å spela inn kva som skal greiast ut og korleis det skal gjerast. Det vil vera Elgane Vind som må ta på seg kostnaden ved desse utgreiingane.
I vurderinga si, skriv kommunedirektøren at det i hovudsak er private kommersielle interesser som ligg til grunn for tiltaket og at «kommunen bør derfor ikke ta den økonomiske risikoen knytet til planarbeidet».