Svein Høyland (Sp) er opptatt av at kommunen må ha ei hand på rattet når kommersielle interesser vil bygga ut vindkraft på Elgane.
Svein Høyland (Sp) er opptatt av at kommunen må ha ei hand på rattet når kommersielle interesser vil bygga ut vindkraft på Elgane. Foto: Håvard Ovesen

Då kommunestyret på forsommaren for to år sidan vedtok Hå sin nye kommuneplan, opna dei opp for at Elgane Vind AS kan bygga vindkraftpark med åtte turbinar i området rundt speedwaybanen på Elgane på Høg-Jæren.

Likevel var det, med eit par unntak, relativt lite entusiasme og begeistring å høyra då kommunestyret førre torsdag diskuterte vegen vidare for kraftverket. Gjennomgangstonen blant dei som tok ordet var varierande grader av skepsis.

– Me vil vera sikre på at me klarar å kontrollera dette. Me veit det er store krefter som driv med dette, sa Svein Høyland (Sp) til Jærbladet etter at Utval for samfunn først hadde diskutert saka i eit ekstraordinært møte i forkant av kommunestyret.

Får ikkje velja ekspertar sjølv

Der la Høyland, som var inne som vara, fram eit felles tilleggsforslag frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet og Hå-lista som fekk samrøystes oppslutnad. I sum stiller tilleggsforslaget endå strengare krav til utbyggarane enn dei krava kommunedirektøren hadde lagt opp til i innstillinga si.

Det første av desse krava handlar om å sikra at det er uavhengig kontroll og kvalitetssikring av arbeidet som blir gjort i den planprosessen som nå er i ferd med å starta opp.

Kommunedirektøren sitt forslag var at utbyggarane skal betala for både planen og for eksterne vurderingar, men politikarane gjekk eit hakk lenger: Det vil la det vera opp til kommunen å utnemna ein uavhengig tredjepart til å kvalitetssikra og kontrollera utbyggaren sine fagrapportar og utgreiingar. Utbyggaren skal betala for dette.

Svein Høyland (Sp) vil ikkje la utbyggarane velja eigne ekspertar til å greia ut konsekvensane av å etablera vindkraftpark på Elgane.
Svein Høyland (Sp) vil ikkje la utbyggarane velja eigne ekspertar til å greia ut konsekvensane av å etablera vindkraftpark på Elgane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Eit anna krav i forslaget frå politikarane handlar om forplikting til å fjerna vindmøllene. Vindkraftkonsesjonar er avgrensa i tid og inngrepa må fjernast når løyveperioden er over. Politikarane vil at utbyggarane skal setta av pengar i fond eller stilla bankgarantiar, slik at kommunen er garantert at det finst pengar til å rydda opp og føra naturen tilbake etter at konsesjonsperioden er over.

Til Jærbladet sa Høyland at dette var eit punkt som kom inn, dels etter erfaring frå andre vindparkar.

– Me vil sikra at det er seriøst og skikkeleg og at dei har ryggrad til å bera dette, sa han.

Det siste punktet er meir generelt: Politikarane forventar at informasjonsflyten er god og at det er gode høve til å påverka i alle fasar av planarbeidet. Opne folkemøte blir spesifikt nemnt.

Nye gebyr

Etter at Høyland hadde lagt forslaget fram for kommunestyret, var Magnus Ånestad (KrF), som leiar Utval for samfunn, den første til å ta ordet.

Ånestad minna om at saka dei hadde føre seg, ikkje handla om å ta stilling til om planane skal sendast ut på høyring eller om vindkraftverket i det heile tatt skal byggast – dette er to av fleire potensielle stopp-punkt som kjem seinare i prosessen – men om korleis planarbeidet skal organiserast og gebyrnivået kommunen skal legga seg på.

Kommunedirektøren ventar at områdereguleringa vindkraftparken treng, vil bli omfattande og krevja store administrative ressursar.

Kommunen har ikkje faste satsar for arbeid med områderegulering, men i vedtaket dei trefte torsdag, bestemte politikarane at oppstart og regulering skal kosta 450.000 kroner. I tillegg vil det kosta 1.475 kroner for kvar time kommunen må bearbeida plandokumenta og 50.000 kroner om noko må sendast ut på tilleggshøyring, noko som til dømes kan skje om det kjem inn motsegner.

Ånestad sa at når arbeidet er løyst ut av eit privat initiativ, er det rimeleg at det òg er der kostnadane blir lagt.

– På denne måten bind me ikkje opp ressursar for kommunen, samtidig som me har ei tydeleg rollefordeling, sa han.

Ånestad understreka at sjølv om arbeidet og utgiftene blir lagt på utbyggaren, er det til slutt opp til kommunen å vurdera det som kjem inn. Basert på dei vurderingane skal politikarane seia ja eller nei.

– Lite lokal verdiskaping

Tilleggsforslaget frå Utval for samfunn var meint som ei innskjerping av dei krava som allereie låg inne i kommunedirektøren si innstilling, som både Ånestad og Høyland signaliserte at dei ville stemma for.

Det ville ikkje Arne Husveg (Konservativt). Han meinte at å stemma for kommunedirektøren si innstilling i realiteten var å opna dørene for industrielle inngrep i eit av Hå sine mest verdfulle naturområde.

– Me kan bygga vindpark på Elgane, sa Arne Husveg frå Konservativt. – Spørsmålet er om me bør.
– Me kan bygga vindpark på Elgane, sa Arne Husveg frå Konservativt. – Spørsmålet er om me bør. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Husveg, som òg la vekt på at ei lang rekke naboar til det planlagde vindkraftverket er skeptiske til prosjektet, brukte mykje av taletida si på å problematisera i kor stor grad kraftverket vil bidra til lokal verdiskaping.

Eigarskapet til Elgane Vind AS er delt i to. Aksjemajoriteten er det Greenstat Solar AS som har, med 56 prosent av aksjane. Resten er i hendene på eit sekstitals meir eller mindre lokale eigarar, mange av dei frå Jæren. Desse eig mellom 0,04 og 2 prosent av aksjane kvar.

Majoritseigaren i Elgane Vind, Greenstat Solar, er igjen kontrollert av det franske energiselskapet La Française de l’Energie (FDE). Jærbladet har tidlegare skrive at det er Aker som eig Greenstat, men dei selde seg ut i 2024.

Husveg sa at erfaringa frå andre vindkraftprosjekt viser at lokale eigarskap ofte forsvinn ut når prosjektet går over frå oppstart til driftsfasen.

– Det betyr at hovuddelen av verdiskapinga ofte blir flytta ut av lokalsamfunnet, sa han.

Konservativt-politikaren rekna med at det ville komma argument om inntekter til kommunen, anten direkte, gjennom eigedomsskatt, eller indirekte, i form av arbeidsplassar eller andre ringverknadar.

– Og det er rett at me kan få noko av dette, særleg i anleggsperioden, men erfaringa frå andre vindkraftverk er at i driftsperioden er det få arbeidsplassar. Spørsmålet er ikkje berre om dette er eit prosjekt som kan gjennomførast, men om verdiskapinga som står igjen i Hå står i forhold til inngrepet i naturen, sa Husveg.

Ni stemmer for full stopp

Sjølv var han tydeleg på at svaret på det siste spørsmålet var nei. På vegner av eige parti la han derfor fram eit alternativt forslag til kommunedirektøren sitt. Forslaget var at kommunen ikkje skal gå vidare med reguleringsarbeidet.

Forslaget fekk støtte frå SV, INP og Framstegspartiet.

Håkon Kvia frå Frp sa at dei støtta tilleggsforslaget Svein Høyland hadde lagt fram, og særleg krava om uavhengig kontroll og kvalitetssikring og garantiar for opprydding og tilbakeføring.

Samtidig kjende han behov for å vera tydeleg på partiet sitt primærstandpunkt.

– I programmet vårt står det at me er prinsipielt imot vindkraftbygging på land, sa Kvia.

Det finst nokre unntak, til dømes i tilknyting til gardsbruk eller i allereie etablerte næringsareal eller andre område med eksisterande aktivitet, men prosjektet i Elgane kjem ikkje inn under dette, meinte Kvia.

Ove Unhammer (INP) er ikkje fan av vindkraft.
Ove Unhammer (INP) er ikkje fan av vindkraft. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han kalla det eit potensielt stort inngrep med potensielt store konsekvensar, og viste til innspel frå urolege naboar og grunneigarar.

– Det er grunn til å stilla eit eksistensielt spørsmål om me i det heile tatt ønsker å starta ein planprosess for vindkraftverk på Elgane, sa Kvia.

Ove Unhammer (INP) kalla vindkraftverk uakseptable og varige naturinngrep.

Som dei andre, viste han til konsekvensar for naturmangfald og landskap, men òg redusert bukvalitet som følge av støy, skuggekast og visuell dominans.

– Det svekker trivselen, sa Unhammer, som meinte bygging av kjernekraftverk er ein betre måte å nå klimamåla på.

Unhammer lurte på om det å gje Elgane Vind ansvaret for planarbeidet vil vera å setta bukken til å passa havresekken.

– Når me ser på historikken rundt denne typen prosjekt, er me svært betenkt over at det skal utførast i privat regi, sa han.

Ifølge Unhammer er det ein tendens til at grunnlagsdokumenta i private planforslag i denne typen saker er vinkla for å fremja prosjekta, heller enn å greia ut dei faktiske konsekvensane.

– Me treng kraft

Trond Knutsen (H) var meir positivt innstilt.

– Me i Høgre heier på lokale initiativ. Me ser ikkje på dette som eit prosjekt der nokon utanfrå kjem for å sko seg på vårt område, men som eit samarbeid der lokale òg er med, sa han.

Knutsen argumenterte med at fornybar kraft er ei mangelvare, òg i Hå.

– Det betyr ikkje at me skal seia ja til alt, men me må vera villige til å sjå på prosjektet og få det skikkeleg vurdert, sa han og trakk fram at Elgane Vind ser for seg relativt små inngrep, blant anna fordi dei skal bruka eksisterande anleggsvegar.

Njål Sikveland (Ap) var opptatt av at kommunen må ha ei hand på rattet i plansaka.

– Slik det ligg føre her, om me får dei til å investera og ta kostnaden i dette, er det bra, sa han.

Njål Sikveland (Ap) la vekt på at næringslivet treng meir kraft og var positiv til å gå vidare med planane. Han var likevel ikkje sikker på kor partiet kjem til å enda til slutt.
Njål Sikveland (Ap) la vekt på at næringslivet treng meir kraft og var positiv til å gå vidare med planane. Han var likevel ikkje sikker på kor partiet kjem til å enda til slutt. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sikveland viste til at det allereie i dag er næringslivsaktørar som står i straumkø.

– Me har for lite kraft. Det må me som politikarar vera med og ta ansvar for, sa Ap-politikaren.

Sikveland la til at kva dei ender på til slutt, ja eller nei til å bygga vindturbinane, er eit ope spørsmål.

– Me skal ha ein god prosess vidare og me skal sørga for at alle som har noko å meina om det kjem til orde i den prosessen. På den måten får me eit best mogleg grunnlag for å ta den rette avgjerda når den ein gong skal takast, sa han.

Kommunedirektøren sitt forslag blei vedtatt mot dei ni stemmene til Konservativt, INP, Frp og SV.

Tilleggsforslaget frå Senterpartiet, Høgre, KrF, Frp og Hå-lista blei vedtatt mot stemma til Wibecke Natås (Ap).

Politikar-bror er medeigar

Ein av dei lokale eigarane Elgane Vind, er bror til høgrepolitikar Gunn Hege Skretting Sirevåg, som sit i både Utval for samfunn og kommunestyret. Skretting bad derfor kommunestyret vurdera om ho var inhabil.

Blant dei 60 lokale småeigarane er Gunn Hege Skretting Sirevåg sin bror. Kommunestyret meinte dette ikkje var eit problem for habiliteten hennar.
Blant dei 60 lokale småeigarane er Gunn Hege Skretting Sirevåg sin bror. Kommunestyret meinte dette ikkje var eit problem for habiliteten hennar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På førehand var det henta inn ei vurdering frå kommuneadvokaten, som konkluderte med at Sirevåg var habil.

Kommuneadvokaten sitt argument var at broren sin aksjepost er marginal, og at denne typen små, ikkje-kontrollerande eigardelar normalt ikkje løyser ut habilitetsproblematikk. I tillegg, meinte kommuneadvokaten, var diskusjonen som skulle opp denne torsdagen på eit overordna plan, utan betydning for firmaet sin økonomiske posisjon.

Mot stemma til Arne Husveg, kom kommunestyret fram til at det ikkje var noko i vegen for at Sirevåg kunne vera med og røysta over saka.