Parkeringsplassane er meint for det nye rådhuset, kultursalen og kyrkja. Dei kjem under bakken i det komande storprosjektet til Coop Klepp i sentrum.
Prisen ligg på minst 104 millionar kroner.
Åtte kommunestyrerepresentantar frå Venstre, Industri- og næringspartiet (Inp), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (Ap) sette etter vedtaket i desember fram eit krav om lovlegkontroll.
Dei rekna ikkje vedtaket til å vere i samsvar med kommunelova.
Dei meinte at kommunen ikkje har følgt opp tidlegare vedtak frå politikarane, og viser til at det i 2021 blei vedtatt at det skulle utarbeidast eit kostnadsoverslag for parkeringsløysingar ved Sirkelen og Kleppetunet, og ei halvvegs nedgraven løysing i aktivitetsparken.
Representantane syntest ei intern vurdering i administrasjonen ikkje var nok, og ville ha ei politisk sak med nærmare utgreiing av alternativa.
Høg terskel for overprøving
Kravet om lovlegkontroll blei først sendt til kommunestyret, som i februar opprettheldt vedtaket.
I sakspapira kom det fram at også kommunedirektør Torild Lende Fjermestad meiner vedtaket er gyldig. Ho vurderer at fleire avklaringar etter vedtaket i 2021 har utelukka dei andre alternativa til parkeringsplass.
No har Statsforvaltaren slått fast at vedtaket er lovleg.
I eit brev i juni skriv han at eit kommunestyre ikkje skal treffe avgjerd i ei sak før den er tilstrekkeleg greia ut.
Kommunedirektøren har eit sjølvstendig ansvar for at sakene som blir lagde fram er nettopp det. I tillegg har kommunestyret eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om det er tilfellet.
Statsforvaltaren viser til at eit utsetjingsforslaget frå Venstre og Inp i desember ikkje fekk fleirtal. Dette meiner han tilseier at kommunestyret har meint at krava til ei forsvarleg saksutgreiing var oppfylte.
– Det skal då vere ein høg terskel for å overprøve kommunestyret si vurdering på dette punktet, heiter det i brevet frå Statsforvaltaren.
– Hadde skapt større klarleik
Då kommunestyret behandla lovlegkontrollen i februar, vedgjekk kommunedirektøren at det i fleire saker kunne vore vist spesifikt til vedtaket i 2021, slik at det var tydeleg at ho vurderte dette som kvittert ut.
– Statsforvaltaren er einig i at det hadde skapt større klarleik og at det burde ha vore gjort, skriv han i brevet.
Han understrekar at han likevel ikkje finn at det rokkar ved vedtaket om å kjøpe parkeringsplassane av Coop.
– I vår vurdering har me lagt vekt på at det gjennom kommunale prosessar og vedtak i fleire saker har vore avklart kva alternativ som var aktuelle.