Vigrestad skal, etter over 20 år med mellombelse løysingar og slitne skulebygg, få ny skule. Skulen skal byggast på austsida av sentrum, rett ved idrettsklubben sitt anlegg «Klobben».

Ny plan

Det er over fire år sida dette blei bestemt, men framleis er ikkje spadane gått i jorda. Det er mykje som må avklarast før ein kjem så langt. I sommar rykka den nye skulen likevel eit hakk nærare å bli realitet.

Då vedtok politikarane ei ny detaljregulering for eit over 300 dekar stort planområde.

Den nye reguleringsplanen skal legga til rette for den nye barneskulen, men òg fleirbrukshall, trafikktryggingstiltak og framtidig utvikling av området, blant anna med 60 nye bueiningar i området mellom Langgata og Vigrestad barnehage.

I tillegg legg planen til rette for ein ny tilkomstveg som skal gå mellom Haugstadvegen i sør og Langgata i nord.

Denne vegen har fleire funksjonar. Det er ein skuleveg, men han skal òg løysa trafikkutfordringar og redusera trafikktrykket på andre vegar. Vegen skal vera med og flaumsikra delar av austre Vigrestad, samtidig som han skal fungera som nødveg og anleggsveg under bygginga av den nye skulen.

Den nye vegen er òg ein føresetnad for utviklinga av eit nytt bustadfelt i same område.

Bustadhus må vekk

Det er mange gode formål på ein gong, men den nye vegen er likevel ikkje godt nytt for alle.

Dette huset i Langgata må fjernast eller rivast for å gje plass til den nye vegen og flaumsikringa som skal gå parallelt med han. Eigaren har klaga på den nye reguleringsplanen.
Dette huset i Langgata må fjernast eller rivast for å gje plass til den nye vegen og flaumsikringa som skal gå parallelt med han. Eigaren har klaga på den nye reguleringsplanen. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I den nordlege enden ligg eit bustadhus som anten må flyttast eller rivast før vegen kan koplast på Langgata. Det vil ikkje eigaren, som i fleire omgangar har spelt inn andre traséalternativ han meiner er betre. Innspela har blitt vurdert, men både administrasjon, politikarar og overordna styresmakter har til slutt landa på at alternativet som fører til at bustaden må rivast, er det mest føremålstenlege.

I kjølvatnet av at reguleringsplanen i sommar blei vedtatt, klaga han, via advokat, på vedtaket.

I klaga skriv advokat Magnus Grøsfjeld at kommunen ikkje har tatt nok omsyn til jordvernet. Han viser òg til at grunneigaren har foreslått andre alternativ som kan spara både matjord og huset hans, men og hevdar desse ikkje har blitt vurdert nøye nok, trass i at dette er løysingar som, ifølge advokaten, gjer at «enhver fornuftig person vil stille spørsmålstegn ved hvorfor planmyndigheten ikke har valgt en slik løsning».

Kommunen har avvist klaga.

– Ikkje mogleg at alle får det som dei vil

Kommunedirektøren si vurdering er at klaga ikkje inneheld nye opplysningar eller juridiske forhold som gjev grunnlag for å endra på vedtaket.

Kommunen har vurdert fleire moglege trasear.
Kommunen har vurdert fleire moglege trasear. Foto: Foto: Hå kommune

Kommunedirektøren skriv at dei alternative vegtraseane huseigaren har spelt inn har blitt greidd ut og vurdert, men at det alternativet kommunen har landa på, er det med klart mest fordelar, særleg med omsyn til jordvern og trafikk.

Kommunedirektøren legg òg vekt på at overordna styresmakter, som Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune, har peika på det same alternativet.

Kommunedirektøren skriv at private interesser, jordvern og konsekvensar for eigedommane har blitt vege opp mot nytten av dei tinga den nye planen legg til rette for. «Klager har deltatt aktivt gjennom hele prosessen og har fått sine forslag og merknader vurdert flere ganger», skriv kommunedirektøren og hevdar planprosessen har vore langt meir utførleg enn det som er kravet i loven.

Då eit samrøystes kommunestyre på forsommaren vedtok den nye reguleringsplanen, gjorde fleire av politikarane eit poeng ut av det grundige arbeidet som har blitt gjort undervegs med prinsippavklaringar, utgreiingar, innbyggarmedverknad og så bortetter.

Magnus Ånestad (KrF), som leiar Utval for samfunn, sa at i så store og viktige saker er det viktig å ta den tida som trengst.

– Det gjev betre planar, breiare forankring og sikrar gode demokratiske prosessar. Samtidig må me erkjenna at det ikkje er mogleg at alle får det som dei vil. Det å bli høyrt er ikkje nødvendigvis det same som å få viljen sin. Det vil nødvendigvis gå på kostnad av nokon, sa Ånestad.

Klaga ligg nå til endeleg avgjerd hos Statsforvaltaren i Rogaland.

– Å bli høyrt er ikkje nødvendigvis det same som å få vlijen sin, sa Magnus Ånestad (KrF) då politikarane i sommar vedtok reguleringsplanen.
– Å bli høyrt er ikkje nødvendigvis det same som å få vlijen sin, sa Magnus Ånestad (KrF) då politikarane i sommar vedtok reguleringsplanen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Forhandlar om grunn

Samtidig har kommunen gått inn i forhandlingar med grunneigarane i det aktuelle området.

– Det har vore positive møte. Nå er me ute og tar takst på dei areala som kommunen treng å erverva. Når me får det på plass, skal me ha nye møte, seier ordførar og leiar i kommunen sitt forhandlingsutval, Andreas Bjorland (KrF).

Ifølge ordføraren får ikkje klaga noko å seia for framdrifta til prosjektet.

Målet er å komma i hamn i løpet av året eller på nyåret. Ifølge Bjorland har grunneigarane vore konstruktive og løysingsorienterte.

– Når me forhandlar er det alltid nokre tilpassingar og liknande me må sjå nærare på, men det er berre rett og rimeleg. Eg trur me skal landa dette godt, seier ordføraren.

I fjor antyda huseigaren sin advokat at om det ikkje kom betre løysingar på bordet, ville kommunen sin einaste utveg vera ekspropriasjon. Det betyr at kommunen må bruka rettsapparatet til å tvinga gjennom eigedomskjøpet.

Ifølge ordføraren har ikkje dette vore eit tema nå.

Denne avkøyringa blir ny tilkomstveg til den nye barneskulen på Vigrestad for dei som kjem frå nord. Det har politikarane bestemt. Grunneigaren på den aktuelle adressen har klaga på den nye reguleringsplanen.
Denne avkøyringa blir ny tilkomstveg til den nye barneskulen på Vigrestad for dei som kjem frå nord. Det har politikarane bestemt. Grunneigaren på den aktuelle adressen har klaga på den nye reguleringsplanen. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Jærbladet har vore i kontakt med huseigaren sin advokat, Magnus Grøsfjeld. Han ønsker ikkje å kommentera eventuelle forhandlingar mellom kommunen og huseigaren.

Grøsfjeld viser til at han har teieplikt overfor klienten. Han er derfor generelt svært atterhalden med å kommentera saka overfor Jærbladet, men seier han avventar Statsforvaltaren si endelege behandling av klaga.

– Gjeve at Statsforvaltaren tidlegare har gått inn for det trasévalet som nå er vedtatt, og òg har trekt motsegnene dei fremja tidlegare i prosessen, er det grunn til å tru at Statsforvaltaren kjem til å endra syn på reguleringsplanen nå?

– Det vil eg ikkje kommentera.

460 millionar kroner

Kommunen sin plan er å begynna bygginga av vegen neste år. Til saman har politikarane sett av 90 millionar kroner til veg og tomtekjøp.

Sjølve skulen er venta å kosta 350 millionar kroner. Det var i alle fall talet då vedtaket blei gjort i 2022. Sidan har byggekostnadane auka. Kommunedirektøren har derfor tatt sikte på å bygga for færre elevar og å senka miljø- og energikrava.

Då kommunedirektøren i fjor la fram sitt forslag til ny handlings- og økonomiplan, nemnde ho ein prislapp på rundt 460 millionar kroner for veg, grunn og ny skule. Samtidig kan nye krav om tilfluktsrom fordyra prosjektet med 15-20 millionar kroner.

Reguleringsplanen som blei vedtatt tidlegare i sommar, dekker omtrent ein tredjedel av heile Vigrestad. Planen legg til rette for ny skule, tilkomstveg, fleirbrukshall, flaumsikring, nye bustadar, vegløysing for mjuke trafikantar og eit anleggsbelte som kan brukast i opparbeidinga av den nye tilkomstvegen.
Reguleringsplanen som blei vedtatt tidlegare i sommar, dekker omtrent ein tredjedel av heile Vigrestad. Planen legg til rette for ny skule, tilkomstveg, fleirbrukshall, flaumsikring, nye bustadar, vegløysing for mjuke trafikantar og eit anleggsbelte som kan brukast i opparbeidinga av den nye tilkomstvegen. Foto: Foto: Hå kommune

Ordføraren seier at nærare planlegging av den nye skulen startar opp så fort vegen er ferdig bygd.

– Me treng eit godt talgrunnlag. Neste år kjem det ny skulebruksplan. Den vil vera viktig i det arbeidet. Planen vil visa den venta utviklinga i elevtalet. Det ser dessverre ut til at ut frå barnetala er det ikkje sikkert me treng ein så stor skule som det me tenkte på eit tidlegare tidspunkt, men det er viktig at me har dei rette tala, seier Bjorland.

– Når kan skulen stå ferdig?

– Det er for tidleg å gje eit svar med to strekar under.

Jærbladet har tidlegare skrive at den nye skulen neppe vil stå klar før 2029. Om planlegginga ikkje kjem i gang før til neste år, kan det visa seg å ha vore for optimistisk.