Hå kommune har fått ein ny leverandør av brød til skular, barnehagar, sjukeheim og andre institusjonar som serverer mat i Hå. D
et er ei sak som har vore på mange lepper den siste tida.
Snakkis
Før var det Sirevåg-bakeriet Roxman som hadde rammeavtale på brødleveransane i Hå. Nå er det Bakehuset på Bryne.
Langt frå alle er nøgde med endringa.
I eit nyleg referat frå Ungdomsrådet kjem det til dømes fram at mange ungdomsskuleelevar er misnøgde med dei nye brøda og at fleire nå tar med seg mat heimanfrå, heller enn å nytta kantinetilbodet på skulen.
Jærbladet har fått tips om at brødet har vore tema under foreldremøte ved minst eitt trinn på ein ungdomsskule i kommunen.
Under eit møte i Utval for oppvekst og kultur denne veka, bad INp-politikar Ove Unhammer om ei ekstern evaluering av anbodsprosessen.
Politikaren fortalde han hadde fått negative tilbakemeldingar frå både elevar, foreldre og tilsette i kommunen.
Avviser frose brød
Unhammer hevda òg at det har det hendt at det har blitt levert ut frose brød merka som dagferskt.
– Men det kan sjølvsagt ha vore innkøyringsproblem, sa han.
Bakehuset avviser dette overfor Jærbladet.
– Det er ingenting som blir levert frå vårt bakeri til våre kundar som er frose, seier Odd Nilsen i Bakehuset.
Han legg til at i det sortimentet Hå kommune har bede om, er det eitt av produkta som har vore fryst ned tidlegare. Det er eit havrebrød som er det Nilsen omtalar som eit «holdbarhetsprodukt»
– Dei fleste i marknaden produserer haldbarheitsbrød i volum som dei så frys ned og tar ut etter behov. Så blir dei datomerka og levert ut til kundane. Dette blir definert som eit ferskt produkt, seier Nilsen.
Han understrekar at alle deira produkt er bakt etter næringsføresegnene og at det i varedeklarasjonen på havrebrødet går tydeleg fram at det kan ha vore fryst ned tidlegare.
Produkta Bakehuset leverer til Hå kommune, er nøyaktig det same som dei leverer til Norgesgruppen sine butikkar.
– Kritikkverdig
Overfor utvalet hevda Unhammer at prosessen rundt leverandørbytet hadde vore kritikkverdig.
I samband med dette stilte han spørsmål ved tildelinga, kriteria kommunen hadde stilt og i kor stor grad kommunen hadde lagt til rette for lokale leverandørar.
– Det er mogleg å gjera tilpassingar utan å komma i konflikt med regelverket for offentlege innkjøp, sa Unhammer.
INp-politikaren la stor vekt på at Roxman er ein aktør i lokalsamfunnet, som blant anna gjev vek overskotsvarer til fritidsklubben på Ogna.
Unhammer var òg kritisk til det han meinte var mangelfull informasjon ut til brukarane i forkant av endringa og lurte på i kor stor grad tilsette og andre var involvert då kommunen sette kriteria for kontrakten.
– Følgde alle reglar
– Me er kjende med at dette har skapt engasjement, sa kommunalsjef Atle Straume i sitt svar til Unhammer.
Han understreka at alle reglar blei følgde då kommunen sette avtalen ut på anbod.
– Hå har ein klar strategi om å støtta lokalt næringsliv. I dette tilfellet er EØS-reglane gjeldande. Då kan me ikkje tilpassa direkte til lokale leverandørar, sa han.
Straume la til at det går an å gjera generelle tilpassingar som gjer det lettare for lokale aktørar å by på jobben, noko kommunen òg hadde gjort, men at det likevel var Bakehuset som vann fram.
I tildelinga blei pris vekta 40 prosent. Miljø og kvalitet blei vekta med 30 prosent kvar.
Kommunalsjefen sa at Bakehuset har eit breitt sortiment, og at det er mogleg å skifta ut produkta dei leverer til kommunen.
– Viss det nåverande sortimentet ikkje fungerer, ber me om at det blir meldt inn, sa Straume.
Til Unhammer sine spørsmål om involvering av brukarar i forkant, viste Straume til ei spørjeundersøking send ut til skulane ved førre tildeling i 2022.
Han sa òg at både skular, sjukeheim og rådhus hadde vore involvert i ei blindsmaking.
– Me har eit tydeleg mål om at dette skal verka godt for brukarane, sa Straume.
– Sånn er loven
Unhammer svarte at han syntest at «dette var tynt».
– Eg tenker at dei reaksjonane som har komme, stadfestar det, sa INp-politikaren, som ville senda saka til Kontrollutvalet for ein gjennomgang.
Det fekk han ikkje dei andre med seg på.
Utvalsleiar Jan Harald Forsmo (H) sa han forstod godt at det kunne bli reaksjonar.
– Me vil at ting skal vera i Hå, sa han.
Høgre-politikaren meinte likevel at så lenge innkjøpet var gjort i tråd med regelverket, var det ikkje grunn til å senda saka til kontrollutvalet.
– Utfall, kvalitet eller kommunikasjon er ikkje grunnlag for kontrollsak. Oppleving og reaksjonar må ein sjølvsagt melda frå om, men det er ikkje regelbrot, sa han.
Geir Undheim (Frp) var einig med Forsmo.
– Sånn er loven. Me kan lika det eller ikkje, men sånn er det, sa han.
– Bryne er lokalt
Vegard Ask (KrF) sa det ville vore flott om det var Roxman som vant anbodet.
– Men på same måte som Høgre, kan me ikkje sjå at det er gjort feil i denne saka, sa han.
Om involveringa sa Ask at han meiner elevar og foreldre eigentleg «har fint lite med» kva rammeavtaler som vert gjort, «så lenge kantina har den maten ein kan forventa».
Ask gjekk òg i rette med Unhammer si uro for at det ikkje var ein lokal aktør som fekk kontrakten.
– Kontrakten gjekk til eit firma på Bryne. Det meiner eg er lokalt, på same måte som Sirevåg, sa han.
Ask poengterte at det i Hå er mange firma som byr på jobbar i nabokommunane og at om alle skulle rigga seg slik at berre firma frå same kommune kan vinna ein kontrakt, «ville det vore svært skummelt for våre bedrifter som skal vinna konkurransar».
Tar grep
Unhammer sitt ønske om ei ekstern vurdering fekk berre hans eiga stemme.
På spørsmål frå Unhammer om administrasjonen uansett vil gjera ei eiga vurdering av saksgangen, svarte kommunalsjef Straume at administrasjonen har lagt godt merke til engasjementet som, meinte han, mest av alt var knyta til sjølve produktet.
– Me tar i alle fall grep for å utvida sortimentet, sa han.
Straume sa at administrasjonen òg tar med seg innspela frå INp, men minna om at innkjøp er kompliserte prosessar.
– Eg trur alle som sit her rundt bordet ville synast det var kjekt om det var Roxman som vant anbodet, oppsummerte utvalsleiar Forsmo.
– Det er det ikkje tvil om.
Odd Nilsen i Bakehuset seier avtalen med Hå kommune er i ein oppstartsfase der dei framleis jobbar med kva som skal vera i sortimentet. Han trur håbuen fort vil venna seg til dei nye brøda.
– Me har eit stort spekter av brød og bakarvarer. Eg vil tru at etter kvart som tida går, vil kvar og ein finna produkt som passar bra for deira behov, seier Nilsen.