Hå kommune vil ha færre deltidsplassar i barnehagane sine. Bildet er tatt i ein annan samanheng.
Hå kommune vil ha færre deltidsplassar i barnehagane sine. Bildet er tatt i ein annan samanheng. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Utval for oppvekst og kultur har revidert vedtektene for dei kommunale barnehagane i Hå.

Ein ny regel gjer at berre dei barna som er mellom eitt og to år gamle kan få tredagarsplass i barnehagen. Alle andre må søka om anten fire- eller femdagarsplassar.

For dei som allereie har tredagarsplass, trer ikkje endringa i kraft før neste barnehageår begynner i august 2026.

Bakgrunnen for endringa er økonomi.

Sparar pengar

Ifølge kommunedirektøren sitt saksframlegg, fører deltidsplassar med seg meir arbeid for kommunen, både til planlegging og personaldisponering.

«Heltidsplasser gir bedre kontinuitet for barna og mer effektiv ressursbruk for kommunen», heiter det i saksframlegget.

Kommunedirektøren viser òg til at regjeringa frå august i år kutta maksprisen for barnehageplass ned til 1.200 kroner månaden, og meiner at det derfor er liten skilnad i kostnadane mellom det å ha barnet sitt i barnehagen tre dagar i veka og fem dagar i veka.

For to år sidan kosta ein tredagarsplass 1.980 kroner i månaden. I dag er prisen 792 kroner.

For familiar med låg inntekt finst det moderasjonsordningar det går an å søka på.

Sjølv om barnet får tildelt fem dagar i veka, er det opp til foreldra om dei vil nytta seg av alle dagane.

For kommunen betyr det uansett innsparing, fordi heiltidsplassar brukt som deltidsplassar krev fleire pedagogar.

Alle barn har rett til barnehageplass, men loven seier ingenting om deltidsplassar.

Opphavleg føreslo kommunedirektøren å kutta tredagarsplassane heilt, men det sa politikarane nei til.

Kompromiss

I staden røysta eit samla utval for eit alternativt forslag lagt fram av Vegard Ask (KrF): For dei mellom eitt og tre år skal det framleis vera rom for tredagarsplass.

– I utgangspunktet er primærstandpunktet til Hå KrF at me kunne tenka oss å behalda tredagarsplass for alle. Samtidig ser me at det, samanlikna med andre kommunar, er ganske mange ungar i Hå som har tredagarsplass. Det følger nokre økonomiske utfordringar med det, vedgår Ask overfor Jærbladet.

Vegard Ask (KrF) seier endringane i barnehagevedtektene vart eit greitt kompromiss som tar vare på valfridomen, samtidig som dei skjermar dei som nyttar gradert kontantstøtte.
Vegard Ask (KrF) seier endringane i barnehagevedtektene vart eit greitt kompromiss som tar vare på valfridomen, samtidig som dei skjermar dei som nyttar gradert kontantstøtte. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ferske tal viser at 44 barn har tredagarsplass i kommunale barnehagar i Hå.

Ni av desse går i barnehagar på Nærbø. Resten høyrer til lenger sørover i kommunen. Rett over halvparten av dei 44 barna er i ein alder som kvalifiserer dei for å søka om kommunal kontantstøtte.

Ask seier vedtektsendringa som fekk fleirtal sist veke, var eit «greitt kompromiss» med dei andre partia som styrer.

– Me bevarer noko av valfridomen, og særleg for dei yngste, utan at me sparkar beina under kontantstøtta, seier Ask.

Hå har ei ordning der foreldre til mellom 20 og 26 månadar gamle barn kan søka om kontantstøtte. Dersom barna ikkje går i barnehagen, får foreldra 6260 kroner i månaden.

Barn med tredagarsplass er kvalifiserte for gradert kontantstøtte: 2.504 kroner.

Dersom tredagarsplassane hadde forsvunne for dei under tre år, måtte foreldra valt mellom full kontantstøtte eller full barnehageplass.

– For KrF har det vore viktig å skjerma den graderte kontantstøtta. Me ville ikkje ta vekk moglegheita for at foreldra skal kunna vera meir i lag med dei yngste, seier Ask.

Etter at regjeringa i fjor kutta ned på kontantstøtteordninga, gjekk fleirtalet av politikarane i Hå inn for å utvida den kommunale ordninga. Samtidig signaliserte fleire av samarbeidspartnarane til KrF at dei framover kan vera interesserte i å sjå på alternative løysingar.

Ask er ein varm tilhengar av kontantstøtta.

– Det er ei ordning som overordna er billegare for kommunen enn om alle skulle gått i barnehage. Når det er sagt, så er det ikkje eit mål for oss at flest mogleg skal nytta seg av ho. Me vil berre at folk skal ha fridomen til å velja. Og så lenge det er billegare for kommunen, tenker i alle fall eg at det er grunn til å halda på ordninga, seier KrF-politikaren.

Handsrekning til desemberbarn

I forslaget til Ask, la dei òg inn ei anna regelendring: Dei vil at barn som er fødde i desember, skal få rett til barnehageplass frå den dagen dei fyller eitt år, på lik linje med barn fødde i september, oktober og november.

Fram til nå, har det vore slik at desse «desemberbarna» ikkje har hatt rett på barnehageplass før i august året etter. Dermed har foreldra deira risikert å måtta ta ut opp til åtte månadar ulønt permisjon medan dei har venta på barnehageplass.

Jærbladet har tidlegare skrive at å gje barn fødde i desember rett på barnehageplass frå eittårsdagen, venteleg vil kosta kommunen rundt tre millionar kroner i året.

Ask er ikkje utan vidare med på dei tala.

– Når me ser på korleis andre kommunar rundt oss, til dømes Eigersund, har løyst dette, så trur eg me skal klara å innarbeida dette innafor dei rammene me allereie har, seier han.

Stortinget har allereie bestemt at «desemberbarna» skal få rett på barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Kunnskapsdepartementet har jobbar nå med sjølve lovforslaget.

Vert det ei lovfesta rett, vil det venteleg følga med pengar. Ask vil likevel ikkje venta på dette.

– Om det kom like reglar over heile landet, ville det vore det enklaste, men nå prøvar me å innføra dette allereie nå. Og som sagt så har me trua på at det ikkje vil føra til auka utgifter for kommunen sin del, seier han.

– Kommunedirektøren sitt forslag om å fjerna retten til tredagarsplass var grunngjeve med at det vil spara kommunen for utgifter. Når de nå vel å halda på tredagarsplassar for dei yngste, og i tillegg vil gje plass til desemberbarna, vert det i det heile tatt innsparingar?

– Det gjenstår å sjå. I kommunedirektøren sitt forslag til vedtektsendringar, var det ingenting som var talfesta. Reknestykket er komplisert. Det gjenstår å sjå kva slags effekt endringane får. Eg er spent på å sjå om det faktisk er innsparingar her, og kor store dei i så fall er. Så får me berre ta det derfrå. Skulle det visa seg at me ikkje har spart noko på å ta vekk deltidsplassane frå dei eldste barnehageungane, er det enkelt å gå tilbake på.