Alvin Solheim Borgen trur det er lurt å ta vaksinen mot hjernehinnebetennelse i starten av ungdomstida. Det er Inger Olsson, leiar ved helsestasjonen i Klepp, einig med han i.
Alvin Solheim Borgen trur det er lurt å ta vaksinen mot hjernehinnebetennelse i starten av ungdomstida. Det er Inger Olsson, leiar ved helsestasjonen i Klepp, einig med han i. Foto: Ingeborg Eliassen

Klepp innførte nyleg ei ordning med at elevar i tiande klasse skal få gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. Ordninga har komme på plass etter påtrykk frå ungdommane sjølv, gjennom Ungdomsrådet.

– Eit bevis på at ungdom kan påverka politikarane i kommunestyret, sa Ole Mathias Olafsrud Vestvik og Arian Eshaghi frå Klepp Ungdomsråd til Jærbladet.

Dei første vaksinane blei sette denne veka.

Farleg sjukdom

Hjernehinnebetennelse skuldast ein infeksjon av virus eller bakteriar i hjernehinnene som omgjev hjernen og ryggmergen. Sjukdommen utviklar seg raskt og kan vera svært alvorleg. Unge menneske er særleg utsette for han.

Hjernehinnebetennelse smittar primært ved dropar, til dømes gjennom spytt, kyss, deling av flasker eller liknande.

Vaksine mot hjernehinnebetennelse beskyttar mot sjukdommen i ti år.

Inger Olsson, som er leiar ved Klepp helsestasjon, sa nyleg til Jærbladet at vaksinen er viktig førebygging.

– Ikkje mange blir smitta av hjernehinnebetennelse, men det er alvorleg for dei som blir. Éin av ti døyr, og éin av tre får varig mein, sa Olsson.

Ein vaksinedose kostar i utgangspunktet 400 kroner.

Sa nei sist

Landsforeningen for hjarte, lunge og hjerneslag (LHL) tilrår alle kommunar å innføra gratis vaksine for ungdommar. Det grunnar dei med at når barrieren for å ta vaksine er høgare, går dekningsgraden ned.

I 2022 fremja Tone Elin Berge (Ap) eit forslag om at Hå burde innføra gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse for russen.

Den gongen røysta eit fleirtal i kommunestyret mot ordninga, blant anna med bakgrunn i ei fagleg vurdering frå kommuneoverlegen, som meinte at utgifta ikkje stod i forhold til nytta.

I 2022 føreslo Tone Elin Berge å gje russen gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. Fleirtalet i kommunestyret stemte forslaget ned.
I 2022 føreslo Tone Elin Berge å gje russen gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. Fleirtalet i kommunestyret stemte forslaget ned. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Likt over heile Jæren

Tysdag denne veka, då formannskapet i Hå skulle under ein diskusjon om tertialrapporten, var lyden ein annan.

Då la nemleg ordførar Andreas Bjorland (KrF) fram det som etter kvart utvikla seg til eit fellesforslag på vegner av heile formannskapet: Frå nå av skal kommunen setta av 100.000 kroner i året til å gje Hå-ungdom gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse.

– Me veit at hjernehinnebetennelse er alvorleg for dei det rammar, sa Bjorland.

Inspirasjonen til vedtaket kom frå Klepp. For, kunne ordføraren fortelja, då Klepp innførte gratis vaksinasjon mot hjernehinnebetennelse, blei det eit tema i Jærrådet. Der blei dei einige om at tilbodet bør vera likt over heile Jæren.

Bjorland fortalde at eit forslag likt hans òg vil bli lagt fram i Time når dei onsdag skal diskutera sin tertialrapport. Bjorland gav ikkje uttrykk for at han trudde forslaget ville bli særleg omstridd i Time, heller.

– Eg synest det er litt tøft at Klepp ungdomsråd har klart å endra dette for heile Jæren, sa Bjorland.