– Eg gler meg.
Det sa Njål Sikveland frå Arbeidarpartiet torsdag.
Det han gledde seg til, var å setta ut i livet ein plan berre eitt einaste medlem av kommunestyret stemte mot.
Gammal rønne blei park
Sentrumsutviklinga på Varhaug i Hå har i årevis vore eit brennheitt debatt-tema. Lenge var det eit nedslite og tomt kjøpesenter, Sentrumsgården, det tidlegare handelslaget som låg på den mest sentrale tomta i bygda, midt mellom stasjonen og rådhuset.
Etter ei lang og betent sak blei den gamle rønna endeleg riven i 2022. Intensjonen var å legga til rette for sentrumsutvikling. I påvente av at dei rette aktørane skulle dukka opp med eit prosjekt, la kommunen ein mellombels park på tomta – eit tiltak som viste seg å vera særs populært blant varhaugbuen.
Etter kvart dukka det fleirtalet av politikarane meinte var dei rette aktørane opp: Stavanger-firmaet Vilbo ville bygga eit bufellesskap for folk over 55 år der.
I mai i fjor opna politikarane opp for å selja både denne tomta og ei tomt på hjørnet av Torggata og Dalvegen på Nærbø til Vilbo, der dei skal bygga eit tilsvarande prosjekt.
Då denne saka først blei publisert, skreiv Jærbladet at tomtene allereie var selt. Det stemmer ikkje. Jærbladet beklagar feilen.
Det er ikkje tvil om at bufellesskapet vil setta preg på Varhaug sentrum.
Ikkje berre er det snakk om mellom 45 og 55 bueiningar fordelt på to punkthus med eit lågare bygg med fellesareal mellom, kommunen har òg nytta høvet til å oppdatera reguleringsplanane for Varhaug sentrum.
Det gjorde dei òg for Nærbø. Den planen vedtok kommunestyret under førre møte, utan større debatt, sett bort frå ei rekke med sjølvironiske vitsar frå talarar som helst ikkje ville vedkjenna seg at dei var i bustadutviklarane si målgruppe, altså dei over 55 år.
På Nærbø skal det byggast mellom 40 og 50 bueiningar fordelte på to punkthus med eit lågare bygg med fellesareal imellom. Husa blir fem etasjar høge.
Skepsis på Varhaug
Reguleringsplanen for Varhaug måtte gjennom ein ekstra runde, blant anna på grunn av motsegner frå Statsforvaltaren i Rogaland. Motsegnene, som i stor grad handla om støy og parkeringsforhold, er nå løyste ut.
Statsforvaltaren i Rogaland har ikkje vore aleine om skepsis. Næringsinteresser i sentrum har blant anna vore uroa for planane om etablera einvegskøyring med innkøyring frå Skrågata og utkøyring i Stasjonsvegen. Dei har òg vore opptatt av å sikra lett tilgjengeleg parkering.
Kommunedirektøren kom dei i møte med det siste. I den versjonen av planen som torsdag blei vedtatt mot éi stemme, blir det lagt opp til nokre fleire korttidsparkeringsplassar enn det som opphavleg var tenkt.
Kommunedirektøren valde å halda på planen om einvegskøyring, men der fekk næringslivet litt draghjelp frå politikarane, som i eit tilleggsforslag vedtok å be kommunedirektøren vurdera tovegskøyring ein gong til.
På Ingridtomta nord for rådhuset opnar den nye reguleringsplanen for ei ny bustadblokk på fire-fem etasjar og med parkeringsanlegg i kjellaren. Delar av parkeringa skal vera offentleg tilgjengelege plassar.
I tillegg skal det gamle kraftfôrlageret skal kunna byggast om til bustadar. Bygget der Stasjoen Pizza held til i dag, kan byggast på med fleire etasjar, også dette for å gje plass til fleire bustadar.
Ugild politikarnabo
Jærbladet har tidlegare skrive om sameiget Stasjonsvegen 26, næraste nabo til det planlagde bufellesskapet. Dei skulle helst sett at bufellesskapet blei plassert slik at det ligg ut mot jernbanen.
Kommunedirektøren har avslått dette og grunna det med at det reint praktisk ikkje lar seg gjera. Det vil komma for tett på nabobygg og vil strekka seg ut over Rådhusgata. Dessutan vil det hindra realiseringa av den nye jernbaneundergangen som sentrumsplanen for Varhaug legg opp til.
Same sameige har òg uroa seg for uteopphaldsarealet sitt, som dei meiner ikkje er stort nok og vil hamna i skuggen bak dei kommande punkthusa. Kommunedirektøren meiner på si side at uteopphaldsarealet er større enn dei målingane sameiget har lagt til grunn og dermed stort nok.
I merknadsheftet peiker kommunedirektøren dessutan på at det er sameiget sjølv som har valt plasseringa av uteopphaldsområdet og at sjølv om soltilhøva ved vårjevndøgn er «noko dårlegare», er tilhøva betre sommarkveldar. Vidare skriv kommunedirektøren at ei anna plassering av bygga ikkje nødvendigvis vil føra til betre sol- eller vindtilhøve.
Eit av medlemmene i kommunestyret, Sjur Håland frå Senterpartiet, bur sjølv i Stasjonsvegen 26.
Han bad derfor kommunestyret vurdere om det gjorde han ugild til å røysta over planen, noko han sjølv meinte han var. Eit samrøystes kommunestyre var einige i det, og henta inn Knut Åge Gjersdal frå same parti som vara.
Roste engasjement
Fleire av dei politikarane som tok ordet under behandlinga, viste til at engasjementet på Varhaug har vore stort. Mange av tilbakemeldingane som har komme, har vore frå folk som har ønska å ta vare på den mellombelse parken.
Magnus Ånestad (KrF) sa han ikkje hadde problem med å forstå det.
– Me er mange som har kost oss på Varhaugmarken og vore der for å sjå fotballkamp, men me må sjå heile planen under eitt. Ja, planen legg opp til å bygga på delar av det som i dag er park, men han legg òg opp til nytt, flott torg og park, sa han.
Ånestad, som er leiar i Utval for samfunn, minna dei andre politikarane om at det likevel ikkje er nok med ein fin plan.
– Han kan vera aldri så god, men det nyttar ikkje om han ikkje blir følgt opp. Nå er det opp til dei folkevalde å prioritera han i budsjettet og visa at me ikkje berre har vedtatt noko som ser fint ut på papiret, men at me gjennomfører og betalar det det kostar for å få heile planen ferdig, sa han.
3,7 dekar ny park
Reguleringsplanen legg i første omgang opp til eit 3 dekar stort parkområde, blant anna ved òg å ta i bruk areal utanfor rådhuset.
Når alt er ferdig utbygd skal park- og torgområdet bli 3,7 dekar stort. Området er lagt opp til ein slik måte at det enkelt skal kunna haldast større utandørsarrangement der.
– Eg trur det kan bli ein god møteplass som vil fungera like godt til arrangement og fest som til kvardags, meinte Ånestad.
Gunn Dalen Håland (H) la vekt på at det var viktig å lytta til næringslivet, særleg når det kjem til parkering og tilkomst. Ho var òg opptatt av at planen må sikra at torget kan nyttast til større arrangement.
Høgre-politikaren frå Varhaug har lenge markert seg som ein uttalt tilhengar av planane.
– Me har veldig tru på prosjektet, men skal me lukkast må me klara å ivareta omsyna til begge sider, sa ho.
Håland og 31 andre kommunestyrerepresentantar stemte for planforslaget til kommunedirektøren og tilleggsforslaget, først fremja av Utval for samfunn, om å be kommunedirektøren vurdera moglegheita for å bevara tovegskøyringa i Varhaug sentrum.
Éin mann mot
Berre ein representant stemte mot. Det var Arne Husveg frå Konservativt.
I fjor blei det mobilisert ein underskriftskampanje mot planane. Kampanjen bad, kort oppsummert, om at dagens park måtte få vera i fred og at bufellesskapet heller burde byggast på ei anna sentrumsnær tomt.
Kampanjen fekk stor oppslutnad: Over 400 personar skreiv under.
Husveg var redd for at desse ikkje skulle kjenna seg høyrde.
I nokre saker kan slike underskriftskampanjar resultera i at kommunestyret må behandla ei sak på nytt. Sidan den aktuelle planen ikkje var vedtatt, men under behandling, blei kampanjen tatt med som eit høyringsinnspel.
Dette er i tråd med reglane, men Husveg meinte det burde komma klart fram at det var politikarane i kommunestyret som til sjuande og sist tok stilling til innspelet frå dei 400 underskrivne, ikkje kommunedirektøren.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) svarte at denne måten å behandla eit innbyggarforslag på, er i tråd med kommunestyret sin etablerte praksis.
Husveg ville på si side utsetta saka, men fekk ikkje dei andre politikarane med seg. I staden sørga han for at det blei protokollført at behandlinga av reguleringsplanen i praksis òg var ei behandling av innbyggarforslaget frå dei 400 underskrivne.
Fleirtalet gler seg
Resten av politikarane gav uttrykk for at dei gler seg til planen blir sett ut i livet.
Håkon Kvia (Frp) håpa det heile vil «landa på ein god måte».
– Det er verdt å trekka fram at det har vore ein grundig prosess. Innspel og motsegner som har komme inn har blitt grundig behandla og planen har blitt justert undervegs, sa han.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) var ein av fleire politikarar som trakk fram det store engasjementet som har vore og som hevda at fleire av dei som var skeptiske nå har snudd.
Sjølv var ho mest opptatt av framdrift, særleg for torg- og parkdelen av reguleringsplanen.
– Det er viktig at me gjer oss ferdige, og at me ikkje deler det opp i for mange trinn, sa ho.
Njål Sikveland minna om at Arbeidarpartiet sine representantar var blant pådrivarane som i førre periode gjekk inn for at kommunen burde kjøpa den nedslitne handelslagseigedommen.
– Me kjøpte han. Så reiv me, så la me på noko som såg greitt ut fram til me fann ut kva me skulle gjera med området. Nå har me funne ut kva me skal gjera. Det er det me vedtar nå. Snart skal det bli endå betre. Eg gler meg, sa Sikveland.