(Dalane Tidende): Kurt Sæstad, og mange med han, er frustrerte over manglande toalettfasilitetar på toga på Jærbanen. Han har tidlegare fortald om ein togtur frå Stavanger til Egersund etter Tall Ships Races-festen. Han reiste saman med ein person som av medisinske årsaker har behov for hyppige toalettbesøk, men beskjeden frå togpersonellet var at toaletta hadde vore stengde lenge, og at det ikkje var utsikter til at det ville bli tilgjengelege toalett på Jærbanen igjen med det første.
– Uhøyrt, meinte Sæstad.
Doproblema er langt frå dei einaste utfordringane knytt til togmateriellet på Jærbanen som har opprørt passasjerane dei siste månadene.
Stengt utgang
Frå Jostein Vik har Dalane Tidende fått tilsendt eit bilde som viser stengt utgangsdør frå ei vogn på Jærbanen. Han har vondt for å tru at situasjonen blir betre når Vy overtar for Go-Ahead som driftsansvarleg i slutten av 2027.
– Toalett som ikkje fungerer. Dører som ikkje lar seg opne og er ute av drift på grunn av feil. Varme- og ventilasjonssystem som ikkje fungerer. Innvendig belysning som delvis er amatørmessig vedlikehalde. Informasjonssystem internt i toget som ikkje fungerer... Viss toga skal kjøra halvanna år til utan vedlikehald eller oppgraderingar, så er eg redd Vy får ei stor utfordring når dei skal overta drifta av Jærbanen og Sørlandsbanen, seier Jostein Vik.
Ervik utfordra Nygård
I vinter var det på bare éi veke nærmare 120 innstilte avgangar på Jærbanen fordi halvparten av togsetta var sett ut av drift på grunn av tekniske feil.
Stortingsrepresentant May Helen Hetland Ervik (Frp) tok i april opp problematikken i eit spørsmål til samferdselsminister Jon Ivar Nygård. Ho foreslo blant anna å omdisponera togmateriell frå andre delar av landet til Jærbanen, eller å bidra med statlege ressursar til reparasjon.
I svaret til Ervik gjorde statsråden det klart at det ikkje er aktuelt å flytta tog frå andre regionar til Jærbanen på kort sikt, men at togparken i Rogaland skal utvidast ved at eldre togsett som blir frigjort på Austlandet når nye tog blir fasa inn der, skal overførast til Jærbanen. Problemet er bare at leveransen av nye tog til Austlandet, er forseinka, forklarte Nygård.
Gaffateip som strakstiltak?
På denne bakgrunnen ønskte Dalane Tidende å få vita når dei reisande på Jærbanen kan forventa at frigjorte togsett frå Austlandet blir sette inn på Jærbanen, altså kor mykje forseinka leveransen av nye togsett er. Vidare er det relevant å etterlysa strakstiltak; finst det nokon plan for strakstiltak, eller skal dagens togsett på Jærbanen lappast saman med gaffateip og kjørast til dei stoppar av seg sjølv – i påvente av hjelp frå Austlandet?
For å få svar måtte me senda e-post til presseavdelinga i Jernbanedirektoratet.
«Nye» tog av same type som dei gamle
Etter seks dagar kjem svaret. Seniorrådgivar Njål Svingheim gjentar at Jernbanedirektoratet har planlagt for at togparken på Jærbanen kan utvidast når nye tog er fasa inn på Austlandet, men at dei nye toga som skal frigjera gamle på Austlandet, er forseinka frå produsenten.
– Fram til nye tog er fasa inn, vurderer ikkje Jernbanedirektoratet det som aktuelt å overføra tog frå Austlandet til Jærbanen, skriv han.
Han opplyser at togtypen som skal overførast frå Austlandet, type 72-tog, er den same som alt i dag går på Jærbanen.
– Denne togtypen skal òg brukast på Austlandet i mange år framover. Når det kjem nye lokaltog til Austlandet, er det først og fremst for å erstatta dei aller eldste toga, type 69. Desse er over 40 år gamle og skal skrotast. Type 72-toga er i gjennomsnitt 20 år gamle og har fleire år i igjen i drift, forklarer Svingheim.
Det er bestilt 36 nye lokaltog for å erstatta dei utdaterte 69-toga på Austlandet.
– Dette vil auka kapasiteten betrakteleg fordi det i dag ofte er nødvendig å ta gamle 69-tog ut av trafikk på grunn av feil. Først når dei nye toga er i trafikk, kan me derfor overføra fleire av 72-toga frå Austlandet til Jærbanen, Arendalsbanen og Bratsbergbanen. Det vil gi meir kapasitet for passasjerane, og det vil gjera det mogleg å rotera meir på togmateriellet, som er bra for stabiliteten i tilbodet, seier Njål Svingheim.
Uviss tidshorisont
Han kan ikkje anslå noko konkret tidspunkt for når dei nye togsetta blir leverte til Austlandet.
– Jernbanedirektoratet vil koma tilbake med antatt tidspunkt for overføring av type 72-togsett frå Austlandet til Jærbanen når leveransetidspunktet for nye tog til erstatning for type 69 på Austlandet er endeleg klarlagt, seier Njål Svingheim.
– Oppgradering er i gang
Og når det gjeld øydelagde do, stengde utgangsdører, sperreband og gaffateip, er dette svaret seniorrådgivaren kan gi:
– Jernbanedirektoratet, Norske Tog og togselskapene samarbeider for å sikra at dagens tog, inkludert type 72, har tilgang på kompetanse og reservemateriell for vedlikehald. Det er også sett i gang oppgraderingar av togsetta av type 72 for å betra driftsstabiliteten og komforten om bord på toget.