Oppmøtet var stort. Nokon kom på sykkel, nokon parkerte og gjekk og nokon blei frakta i «taxi» – ei dyrevogn hekta på ein traktor.

Nesten kvar einaste gard på Line og områda rundt var representert med fleire generasjonar då bygdas nyaste attraksjon skulle avdukast.

Havfrue i hagen

Skjønt, ny og ny, i årevis har ho stått i hagen til marinemålar Ivan Storm Juliussen på Line.

Ivan Storm Juliussen ønsker dei frammøtte velkommen inn i «taxien» som skal frakta dei ned til reinseparken. Setene er laga av halm, men, ikkje heilt uventa, Juliussen tar sjansen på å røyka likevel.
Ivan Storm Juliussen ønsker dei frammøtte velkommen inn i «taxien» som skal frakta dei ned til reinseparken. Setene er laga av halm, men, ikkje heilt uventa, Juliussen tar sjansen på å røyka likevel. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For lenge sidan kjøpte målaren ei bronsestatue, til forveksling lik Den lille havfrue i København.

Juliussen, som er glad i staffasje – han har òg ei statue av seg sjølv ståande som, etter det som blir sagt, med jamne mellomrom skremmer dei som kjem forbi – kjøpte havfrua for å pynta opp i hagen.

– Men, ho høyrde liksom ikkje heilt heime der, seier Juliussen.

Så, ein dag i fjor, fekk han auga opp for reinseparken på kjelvene nedanfor den nedlagde driftsbygningen der han bur.

Der, midt i bassenget som fangar opp næringsstoff frå dei omkringliggande kjelvene og slepp vatnet vidare inn på Saltekanalen, stikk ein stor stein opp av vatnet.

– Eg følte at der måtte ho sitta, seier Juliussen.

Han fortel at mange går tur i området og meinte at nå ville dei få noko fint å sjå på.

Det var mest som heile bygda møtte opp onsdag 26. august klokka 15. Dei som ville ha, fekk kaffi, saft og is.
Det var mest som heile bygda møtte opp onsdag 26. august klokka 15. Dei som ville ha, fekk kaffi, saft og is. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mål for ny turveg

Kunstnaren kontakta Oddmund Hognestad, som igjen snakka med sonen Jon Line og kona Heidi Line, som er dei som eig området. Alle tente på ideen.

– Det er heilt fantastisk å ha ein nabo med så mange innfall. Dette er eit kjempegildt tiltak, seier Jon Line til Jærbladet.

Denne onsdagen måtte alle dei frammøtte gå over kjelvene, men Jon Line kan røpa at i framtida blir det turveg.

– Stangeland jobbar med å laga til ein tipp her. Når den er ferdig skal me fjerna den eine vegen og heller forlenga vegen som går ned til tippen. Då kan me kopla han saman med turvegen me allereie har opna mellom Bryne og Line. Då går det an å gå heilt til reinseparken, fortel han.

Havfrua før avdukinga.
Havfrua før avdukinga. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Laurdag monterte dei statuen og dekka ho med eit lerret. Onsdag denne veka blei ho høgtideleg avduka.

– Då skal eg kle av ei kvinne, denne gongen ei med hale, sa Juliussen og humra godt på gjenkjenneleg vis før han trakk i ei snor og havfrua mista lerretskledet sitt.

Havfrua ser ut til å trivast i dei nye omgjevnadane. Målet er at ho skal bli eit turmål.
Havfrua ser ut til å trivast i dei nye omgjevnadane. Målet er at ho skal bli eit turmål. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Gammal bekk

Oddmund Hognestad haldt ein tale der han gjorde god greie for historia til reinseparken.

For over hundre år sidan var det ein bekk som gjekk i flotte s'ar over myrene. Den gongen slo dei berre graset som vaks langs bekken.

Seinare blei myrene rydda og dyrka opp, og bekken erstatta av ein kanal som gjekk heilt frå Salte og til Smukkevatnet.

– Dette er Ivan sin dag, sa Oddmund Hognestad, som var han Ivan Storm Juliussen først gjekk til med ideen om havfrua.
– Dette er Ivan sin dag, sa Oddmund Hognestad, som var han Ivan Storm Juliussen først gjekk til med ideen om havfrua. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På 1960-talet blei kanalen fjerna, men resultatet, ifølge Hognestad, var ikkje ein suksess.

– Kvar gong det kom ein flaum, berre stod vatnet her, fortalde han.

På tidleg 2000-tal blei kanalen opna opp igjen.

– I dag er det ein flott reinsepark. Dette er det største vass-spegelen på både Line og Steinsland, sa Hognestad.

Skremmande nabovarsel

Resten av talen brukte han på å rosa Juliussen, som kom til Line for 46 år sidan.

Nå høyrer han til den eldste generasjonen i bygda.

– Det var spennande med denne kunstnaren med svart hår og svarte klede, mimra Hognestad før Juliussen braut han av med ei god historie om den gongen han skulle overlevera eit nabovarsel hjå ein nabo.

Ivan Storm Juliussen var som vanleg eit oppkomme av vitsar og gode historiar, til stor underhaldning for Henrik Torland og resten av dei som hadde møtt opp denne strålande seinsommardagen på Line.
Ivan Storm Juliussen var som vanleg eit oppkomme av vitsar og gode historiar, til stor underhaldning for Henrik Torland og resten av dei som hadde møtt opp denne strålande seinsommardagen på Line. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ifølge Juliussen var kvelden mørk og stormfull. Då han banka på var det nabokona som opna.

– Ho gøymde seg i kjellaren og kom ikkje opp igjen på eit par veker, påstod Juliussen.

Då Hognestad slapp til igjen, sa han at han ikkje hadde tenkt seg om i eit sekund før han slo til på Juliussen sin idé om å setta havfrua ut på steinen i reinseparken.

– Me takkar deg veldig for dette og for det du har gjeve til Line, sa han.

Ivan Storm Juliussen (t.v) og Oddmund Hognestad slo seg saman for å realisera draumen om ei havfrue i reinseparken på Line. Eitt år etterpå sit ho der.
Ivan Storm Juliussen (t.v) og Oddmund Hognestad slo seg saman for å realisera draumen om ei havfrue i reinseparken på Line. Eitt år etterpå sit ho der. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– De har gjeve meg livet mitt her

Då Juliussen svarte, kunne dei som var til stades, høyra at han var rørt.

– Då eg kom reikandes til Jæren hadde eg ingen stad å bu, ingen pengar, ingen vennar. Heldigvis blei eg tatt godt imot og fekk setta heimen min i stand som eg sjølv ville. Eg er veldig takksam for at de har tatt meg så godt imot. Det er de som har gjeve meg livet mitt her nede. Er det ein som er takksam her, så er det meg, sa han til stor applaus.

Hanne Lovise Skailand (frå venstre), Nora og Malli Fjellanger sikra seg ein selfie med Ivan Storm Juliussen.
Hanne Lovise Skailand (frå venstre), Nora og Malli Fjellanger sikra seg ein selfie med Ivan Storm Juliussen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Til Jærbladet seier Juliussen at det er flotte folk som bur på Line og i områda rundt.

– Dette er soner og døtrer av gardbrukarar. Dette er folk som er vande med å jobba. Dei er noko heilt anna enn dei som bur i byen. Dei er ikkje så høgttravande, meiner han.

Laurdag fekk Oddmund Hognestad hjelp av Victor (t.v) og Ludvig (t.h) Line Ponce til å montera statua på steinen i reinseparken.
Laurdag fekk Oddmund Hognestad hjelp av Victor (t.v) og Ludvig (t.h) Line Ponce til å montera statua på steinen i reinseparken. Foto: Foto: Oda Line

Stort oppbod

Marinemålaren er imponert over kor mange som kom. Han hadde ikkje venta så mange.

– Dette er koseleg. Det er mykje elende i verda, men det skal ikkje så mykje til for å skapa små gleder, seier han.

Han ser føre seg at statuen, som er i bronse og bolta fast med syrefast stål, skal bli ståande i generasjonar, og gjerne bli eit mål for par som vil gå ein liten kjærleikstur.

– Når du ser på kor mange som kom hit i dag, korleis trur du det blir for deg når du i framtida skal få turvegen til havfrua rett forbi stovedøra?

– Å, det gjer ingenting. Då kan eg berre ta dei med meg inn og gje dei eit glas med vodka, så blir dei fulle og kjøper eit måleri av meg! Ha-ha!

Juliussen gjev ein god imitasjon av ein breial og tørst jærbu med pengar på bok og påstår at han har god røynsle med å skjenka potensielle kjøparar.

Ifølge Jærbladet sine kjelder har denne statua skremd mang ein dreng.
Ifølge Jærbladet sine kjelder har denne statua skremd mang ein dreng. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Frå Langelinie til Høge Line

Åmund Myklebost kjem bort og fortel at han har undersøkt litt. Det viser seg at Den lille havfrue i København står på eit strekk av Nyhavn som heiter Langelinie.

– Då må jo dette vera Den lille havfrue i Høge Line, seier han.

John Stensland og sonen Elias var blant dei som møtte fram for å få med seg hendinga.
John Stensland og sonen Elias var blant dei som møtte fram for å få med seg hendinga. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Tretten år gamle Elias Stensland har følgt med far John Stensland for å vera med på avdukinga. Trettenåringen meiner det ikkje er så ofte noko skjer i bygda.

– Eg visste ikkje at det budde så mange her, seier Elias og kikkar rundt seg.

Far John seier statuen er flott.

– Det er eit bra initiativ. Du ser det ligg arbeid bak denne statuen, seier han.

Havfrua og reinseparken sett frå tunet til Ivan Storm Juliussen. Med tid og stunder kjem skal det gå ein turveg forbi huset hans og ned til havfrua.
Havfrua og reinseparken sett frå tunet til Ivan Storm Juliussen. Med tid og stunder kjem skal det gå ein turveg forbi huset hans og ned til havfrua. Foto: Foto: Håvard Ovesen