Kommunedirektøren i Hå har, med politikarane si velsigning, over lengre tid jobba for å få ned pengebruken på spesialundervisning i skulen. Arbeidet har langt på veg lukkast. Spesialundervisninga er lagt om, og fleire elevar deler nå på dei same ressursane.

Likevel sparar ikkje kommunen pengar.

Tvert om: Hå kommune ligg an til å bruka 3,7 millionar kroner meir enn budsjettert på spesialundervisning.

– Privat sugerøyr

Det er fordi at samtidig som Hå kommune sine utgifter til spesialundervisning for elevar i den offentlege grunnskulen har gått ned, har dei gått opp for Hå-elevar ved private skular og skular i nabokommunane. Det kjem fram i tertialrapporten kommunedirektøren nyleg la fram for politikarane.

Og så lenge elevane bur i Hå, er det kommunen som må ta rekninga, uavhengig av kor dei går på skule.

– Det høyrest litt graverande ut, meinte Svein Høyland (Sp) då formannskapet diskuterte den venta budsjettoverskridinga.

Senterparti-politikar Svein Høyland uttalte seg svært kritisk til privatskular.
Senterparti-politikar Svein Høyland uttalte seg svært kritisk til privatskular. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Til dagleg er Senterparti-politikaren sjølv rektor ved ein kommunal skule i Eigersund.

I formannskapet hevda han at privatskular har «sugerøyr inn i den kommunale kassen» og viste til at regelverket er slik at når friskulane bruker meir pengar på spesialundervisning må dei offentlege skulane omfordela ressursane sine.

– I tillegg kjem utgiftene kommunane har til transport av elevar til dei private skulane, sa Høyland.

Gunn Dalen Håland (H) såg seg nøydd til å ta avstand frå Høyland sitt omgrep om «sugerøyr» og understreka at Høgre er «veldig for private skular».

Høgre-politikaren var likevel kritisk.

Gunn Dalen Håland (H) var overraska over meirforbruket.
Gunn Dalen Håland (H) var overraska over meirforbruket. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Ho begynte med å rosa dei kommunale skulane for det ho kalla eit omfattande arbeid med å få ned pengebruken på spesialundervisning, eit arbeid som ikkje er gjort i ei handvending.

– Då får du litt bakoversveis når du les om meirforbruk på elevar i private skular og i andre kommunar, sa Håland og bad administrasjonen om ei nærare forklaring.

– Er det elevar med meir omfattande behov i private skular eller har dei høgare kostnadar per elev? lurte ho.

– Handlar om Tryggheim

Svaret frå kommunalsjef Atle Straume var at dei auka utgiftene «i hovudsak» handlar om Tryggheim ungdomsskule.

Talet på elevar som bur i Hå og går på offentleg skule i andre kommunar er lågt. Ei litt større gruppe går på den private skulen Jærtun i Time, men her òg er tala låge.

Ifølge Straume har Jærtun 137 elevar fordelt på ti trinn. Åtte av dei har krav på individuelt tilrettelagt opplæring. Av desse er eit fleirtal frå Hå.

– Jærtun har naturleg nok mindre høve til å gje spesialundervisning i grupper enn det dei kommunale skulane i Hå eller Tryggheim har, sa Straume.

Han la til at han for denne gruppa har søkt om skjønnstilskot frå Statsforvaltaren i Rogaland.

Om Tryggheim sa han at kommunen og den NLM-eigde skulen på Nærbø sidan januar i år har hatt tre møter om situasjonen, utan at skulen har komme ned på det som er kommunen sitt forventa nivå.

– Har kutta to årsverk

Tron-Arild Grødem, leiar ved Tryggheim ungdomsskule seier dei har redusert pengebruken. Frå i haust har dei kutta med to årsverk. Skuleleiaren legg likevel ikkje skjul på at han er redd tilbodet til elevane det gjeld, blir dårlegare.

Det er den kommunale pedagogisk-psykologiske tenesta sine vurderingar som ligg til grunn for individuelle elevar sine rettar til tilpassa opplæring, anten dei går i offentleg eller privat skule.

Grødem poengterer at det er PPT som kjem med råd om kva ressursar dei ulike elevane treng og kommuneadministrasjonen som treff det endelege vedtaket.

– Dei veit akkurat kor mykje pengar dei har sagt skal brukast. Så mykje pengar går det, seier han.

Trond-Arild Grødem er leiar ved Tryggheim ungdomsskule. Han seier dei frå i haust har redusert ressursbruken på spesialundervisning, men at han er redd tilbodet til dei elevane som treng det, blir dårlegare.
Trond-Arild Grødem er leiar ved Tryggheim ungdomsskule. Han seier dei frå i haust har redusert ressursbruken på spesialundervisning, men at han er redd tilbodet til dei elevane som treng det, blir dårlegare. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland (arkiv)

Kommunen har, ifølge kommunalsjef Straume, sjekka om det er ulikskap mellom vedtaka for privatskule-elevar og offentlege elevar. Det er det ikkje. Skilnaden, seier administrasjonen, ligg i korleis vedtaka blir forvalta.

Overfor formannskapet understreka kommunalsjefen at kommunen og Tryggheim er heilt på linje: Barn i offentleg og privat skule må behandlast likt. Det seier loven òg, men:

– Eg skulle ønska me hadde komme lenger, sa Straume.

Då same sak var oppe til diskusjon i Utval for oppvekst og kultur, gav Straume uttrykk for at han var overraska over at dialogen ikkje hadde ført betre fram.

Kommunalsjefen seier til Jærbladet at Tryggheim har nærma seg kommunen sin måte å forvalta vedtak om spesialundervisning på, men ikkje i like stor grad som forventa.

– Tilbodet blir dårlegare

Ungdomsskuleleiar Grødem stadfestar at skulen og kommunen har hatt fleire møter om saka og at dialogen er god.

– Under det første møtet oppfatta me nok ikkje at ressursbruken skulle reduserast i den grad kommunen hadde tenkt. I vår reagerte dei. Då ringde dei etter at me hadde rapportert inn ein ganske høg sum. Det var det, men dette var òg noko dei hadde godkjend, seier Grødem.

Sidan i vår har Tryggheim ungdomsskule redusert ressursbruken, blant anna gjennom å gje mindre spesialundervisning individuelt.

– Alle elevar får eit tilbod, men det er ikkje tvil om at når ein lærar må ta seg av fleire elevar, blir tilbodet dårlegare, seier Grødem.

For nokre elevar kan endringane som blir gjort vera av det gode, til dømes av sosiale omsyn, men Grødem er likevel redd for at for andre elevar, kan det slå feil ut.

– Eg forstår at me skal halda oss til budsjettet, men kanskje må ein sjå på korleis samfunnet skal vera vidare. Om elevar ikkje får det til på skulen, er eg redd me i framtida vil ha fleire unge som hamnar på NAV. Me ønsker å gjera elevar i stand til å takla livet. Om det ikkje er meir pengar, må ein kanskje sjå på systemet ein gong til, seier leiaren ved Tryggheim ungdomsskule.

Atle Straume fortalde formannskapet at meirforbruket til spesialundervisning i hovudsak handlar om Tryggheim ungdomsskule.
Atle Straume fortalde formannskapet at meirforbruket til spesialundervisning i hovudsak handlar om Tryggheim ungdomsskule. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I formannskapet sa Straume at Tryggheim frå hausten av har tatt nye grep og at dei er i løpande dialog om situasjonen.

– I tillegg jobbar me med ein alternativ modell for ressurstildeling som me håpar vil gje meir styring over dette, sa han.

På direkte spørsmål frå Jærbladet stadfestar kommunalsjefen at det finst verkemiddel det går an å setta inn dersom situasjonen ikkje betrar seg. Han avviser at dette er aktuelt.

– Me er ikkje på det sporet nå. Me har lagt oss på ei linje med dialog, openheit og samarbeid, seier Straume.

Kommunen og Tryggheim ungdomsskule skal ha eit nytt møte om saka allereie denne veka.

– Eg er takksam for den ryddige, opne og tillitsfulle dialogen me har med Tryggheim. Den er eg innstilt på at skal halda fram, seier Straume til Jærbladet.

– Må vera stolte

I formannskapet i førre veke meinte Sp-politikar Høyland at skilnaden på pengebruken til spesialundervisning er kraftig og at Tryggheim bør vera medvitne ansvaret sitt.

– Dei køyrer tydelegvis på i ein kultur som ikkje ser bra ut, sa han.

Grødem sitt svar på den kritikken er at Tryggheim tar ansvar og at dei opplever at administrasjonen i kommunen forstår dette.

– Me har ikkje forlangt å få dei pengane. Det er noko me har søkt om og kommunen har godkjent. Hadde me ikkje tatt ansvar, hadde me ikkje redusert så mykje som me har gjort. Per i dag har me ei og ei halv stilling for mykje på grunn av at reduksjonen kom for seint til at me kunne seia opp folka, seier Grødem.

Til Høyland sin påstand om at privatskular har sugerøyr i kommunekassa viser han til situasjonen på Nærbø, der Tryggheim, ifølge Grødem, har tatt unna mykje av elevveksten.

– Han skal få lov til å meina det, men det stemmer ikkje med dei reelle tala. Hadde ikkje me vore her, ville kommunen hatt store utgifter til å bygga ut Nærbø ungdomsskule, sa Grødem.

Han minna òg om at der hundre prosent av offentlege skular sine utgifter blir dekka av det offentlege, er det i privatskular berre 85 prosent som blir dekka av det offentlege. Resten blir henta inn gjennom foreldrebetaling.

– Me må vera stolte over at me har Tryggheim, meinte Reidar Håland (Hå-lista). Her er han på besøk i sløydsalen til Vardheia ungdomsskule i Klepp.
– Me må vera stolte over at me har Tryggheim, meinte Reidar Håland (Hå-lista). Her er han på besøk i sløydsalen til Vardheia ungdomsskule i Klepp. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I formannskapet kalla Gunn Dalen Håland private skular eit bra supplement til den offentlege skulen.

– Men nivået på spesialundervisninga på Tryggheim må ligga på same nivå som i resten av kommunen. At dei bruker meir pengar på spesialundervisning kan ikkje bli eit argument for å søka barna over dit, sa Høgre-politikaren.

Andre i formannskapet var langt meir positive til Tryggheim sin innfallsvinkel.

– Me må vera stolte over at me har Tryggheim. Me støttar dei, sa Reidar Håland (Hå-lista), medan Renate Skretting (KrF) trakk fram skulen sin status som dysleksivennleg.

– Å ha private skular kan vera ein god ting for kommunen. Me i KrF er veldig glade for at det finst alternativ. Så håpar eg verkeleg at dei klarar å komma inn på same linja som dei andre skulane har gjort ein god jobb med å komma seg inn på. Det er berre å heia på, sa Skretting.