Det som i dag er grøne kjelver, kan i framtida bli rekkehus, fleirmannsbustadar og einebustadar i rekke.
Det som i dag er grøne kjelver, kan i framtida bli rekkehus, fleirmannsbustadar og einebustadar i rekke. Foto: Håvard Ovesen

Storægrå, heiter det her, på austsida av Bølia og Skjeraberget og vest for den nye brannstasjonen. Namnet tyder noko slikt som ei stor, dyrka eng.

Fulldyrka

Her, på eit 43 dekar stor område, vil Øster Hus bygga bustadar. For å tilpassa seg omgjevnadane og dei omkringliggande husa, vil dei ikkje bygga blokker. I staden satsar dei på konsentrert småhusbygging, det vil seia rekkehus, fleirmannsbustadar og einebustadar i rekke. Husa skal vera mellom to og tre etasjar høge.

I dag er dette området landbruksjord. Mesteparten er fulldyrka, men det er òg noko beite, open fast mark og skog, men i Hå sin nye kommuneplan, vedtatt i 2024, er det sett av til bustadar, veg og friområde.

Kommuneplanen legg opp til at utbyggingsareal som ligg meir enn ein halv kilometer frå jernbanestasjonen skal ha ei utnyttingsgrad på mellom 3,5 og 4,5 bueiningar per dekar. Utbyggarane satsar på å legga seg i den nedre halvdelen av dette, med eit bruksareal på 60 prosent.

Legg ein desse tala til grunn, vil det seia minst 150 nye bueiningar på Storægrå.

Tre, steingardar og gravhaug

Dei som har gått tur i området, veit at det står fleire flotte, gamle tre der. Desse vil utbyggarane ta vare på, så godt det lar seg gjera. I planinitiativet, utarbeida av Asplan Viak, er tilrådinga at omsynet til verdfulle tre skal vegast opp mot utviklingsomsynet og takast vare på i dei tilfella det er føremålstenleg.

Sitkagran, derimot, « ... kan med fordel fjernes».

Så langt det lar seg gjera, vil utbyggarane òg ta vare på gamle steingardar.

Frå Opstadvegen og heilt opp til tunet på Bø i nord, går det ein geil. Forslagsstillarane meiner denne må takast vare på. I området er det òg ein verna gravhaug frå jernalderen. Element som desse gjev, ifølge forslagsstillarane, «historisk forankring», «opplevelseskvalitet og identitet til området».

Geilen til høgre i bildet blir eit viktig element, både som gangforbindelse og identitetsmarkør.
Geilen til høgre i bildet blir eit viktig element, både som gangforbindelse og identitetsmarkør. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ifølge planinitiativet vil dei ta omsyn til desse elementa. Dei vil bruka geilen som gangforbindelse og viktig landskapselement. Gravhaugen skal integrerast i grøntstrukturen. Siktlinja mellom gravhaugen og mellomalderkyrkjegarden på Bø, litt lenger oppe, blir viktig for prosjektet si tilpassing til landskapet.

Gardstunet på Storægrå vil bli liggande som det er i dag.

Innkøyring frå Opstadvegen i sør

Eit nytt bustadfelt vil naturleg nok føra med seg trafikk. Forslagsstillarane tilrår at feltet får ny tilkomst frå Opstadvegen på sørsida. I dag er det fartsgrense på 60 kilometer i timen langs Opstadvegen sør for Storægrå. Utbyggarane tilrår at 40-sona, som i dag gjeld frå krysset med Bernervegen og sørover til bakken opp mot Kvileitet, blir utvida.

For å frigjera areal til grøntstruktur og fellesområde, er planen å laga til ein felles parkeringsplass.

Tidlegare i sommar var det oppstartsmøte mellom Øster Hus, Asplan Viak og Hå kommune. Kommunen si tilråding er å gå vidare med prosjektet, som blir vurdert å vera i tråd med kommuneplanen og strategien for fortetting. Det er heller ikkje nødvendig med ei konsekvensutgreiing.

Neste stopp for Asplan Viak er å legga fram eit planforslag for politikarane i Utval for samfunn.

I samband med dette ber dei og kommunen om innspel. Desse må vera kommunen i hende før 6. august.