På Nærbø er torget og grøntarealet i bakkant i ferd med å byggast om.
Her skal Torvundparken komma.
Politikarane har sett av 17 millionar kroner til prosjektet. I tillegg har Jæren Sparebank, som har kontor rett over vegen, stilt opp med ein million kroner.
Startar i nord
Arbeidet begynte i sommar. Nå er heile området omgitt av byggegjerde. Den nordlege enden, nærast handelslaget, er nesten ikkje til å kjenna igjen. Her er alt grave vekk.
– Det er den enden me begynner i, seier prosjektleiar Hilde Marie Horpestad til Jærbladet.
I nordenden er det blant anna planlagt ein sansehage og ein sykkelbane med kuler, svingar og hopp, òg kjend som ein pumptrack.
– Me håpar me får bygd pumptracken før jul, seier Horpestad.
Ho legg til at dei er avhengige av at vêret speler på lag, men at dei i alle fall håpar skjelett og ramme vil vera på plass.
Etter det vil dei begynna på den nye leikeparken.
Det vil likevel gå lengre tid før dei kan bli tatt i bruk.
Blant anna må dei laga til stien som skal gå gjennom parken, dei må så i plenen, planta i sansehagen, setta opp lys og legga tekniske trekkerøyr.
– Det er det me held på med i den nordlege delen nå, seier Horpestad.
Framdrift
Arbeidet går «kjempegodt», skal ein tru prosjektleiaren.
– Det har gått heilt strålande. Me har hatt eit par skikkeleg blaute dagar, men utover det føler eg at sola skin og at alt går godt. Men klart, når du skal tilpassa deg eksisterande terreng, må du ta det pø om pø, seier ho.
Bocciabanen har, enn så lenge, fått stå i fred. I fjor varte sesongen til ut i november.
– Me skal prøva å gjera det me skal med bocciabanen utanfor sesongen. Det kan henda dei som plar vera der må ha eit lite opphald, men me har veldig god dialog med dei og prøver å legga til rette så godt me kan, seier Horpestad.
Så langt har det ikkje komme negative reaksjonar, trass i omfattande arbeid og stengde parkeringsplassar.
– Førebels har det berre vore godlyd. Eg opplever at alle er klare for at Nærbø skal få seg eit løft, seier Horpestad.
Imponerande gravemaskinar
Prosjektleiaren fortel om ein episode der ho trudde ho skulle få kjeft.
Ho hadde nemleg lagt merke til ein eldre kar som fleire gonger, kvar gong han gjekk forbi, kikka bort på anleggsområdet og rista på hovudet.
Til slutt drista Horpestad seg bort til han og spurde rett ut om han var så oppgitt over det dei held på med. Men det var han ikkje.
– Han syntest berre det var så fantastisk å sjå dei nye gravemaskinane. Sjølv hadde han berre køyrd Brøyt, så å køyra ein ny gravemaskin måtte vera ein draum, meinte han.
Horpestad ler.
– Eg må innrømma det har løyst seg godt.
Målet er at Torvundparken skal stå klar til sommaren, men prosjektleiaren har eit håp om at dei kan vera i mål litt før det. Skjønt heilt i mål kjem dei nok aldri. Det er litt av meininga òg. Horpestad vil at Torvundparken skal bli ein god grunnmur for sentrumsutviklinga.
– Me prøver å laga det til som eit område som ein kan bygga på etter kvart som ein ser fleire moglegheiter, seier ho.
Tanken er at parken skal bli eit område som får flest mogleg ut og i lag.
– Det skal vera ein plass du kan veksa litt med, eit område du kan ha med deg gjennom fleire fasar i livet, anten du vil på leikeplassen eller spela boccia, seier Horpestad.